Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Dagtilbod

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 27.04.2017

Dagtilbod er for deg som treng hjelp til å delta i aktivitetar i fellesskap med andre. Dagtilbodet skal bidra til:

  • sosialt samvær og tryggleik
  • utvikling eller vedlikehald av fysisk og psykisk helse
  • at deltakarane kan bli buande heime lenger
  • betre kosthald
  • avlasting for pårørande med tyngande omsorgsoppgåver

Aktivitetane vil vere tilpassa dine ønskje og behov. Eksempel på aktivitetar kan vere turgåing og utflukter, song og musikk, trim og dans, matlaging, hobbyaktivitetar, handarbeid, kort- og brettspel, lesing, dataopplæring og -bruk, sansehage og hagearbeid.

Du kan delta éin eller fleire dagar i veka. Kommunen tilbyr transport om du treng det.

Målgruppe

  • Eldre
  • Demente
  • Psykisk utviklingshemma
  • Funksjonshemma
  • Personar med psykiske lidingar

Lover

Du har ingen lovfesta rett til eit dagtilbod, men kommunen vil vurdere om det kan vere aktuelt for deg.

Helse- og omsorgstenestelova § 3-3 (Helsefremjande og førebyggjande arbeid)

Forskrift til sosialtenestelova kap. 8 ( Vederlag for sosiale tenester og for opphald i institusjon mv.)

Pasient- og brukarrettarlova kap. 7 (Klage)

Rettleiing

Kommunen kan hjelpe deg med å søkje om dagtilbod. Du kan også be andre hjelpe deg viss du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Det vil bli fatta eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til staden der aktiviteten finn stad. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Fylkesmannen.

Kontakt oss