Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Eigarseksjonering

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 25.04.2017

Eig du eit hus eller ein større bygning og ønskjer å dele opp denne i fleire einingar, må du sende eit krav om seksjonering til kommunen.

Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker og horisontaldelte to- og firemannsbustader. Kvar seksjon blir ei sjølvstendig juridisk eining som kan seljast, kjøpast og pantsetjast uavhengig av resten av eigedommen og dei andre seksjonane. Seksjonane kan brukast både til bustad- og næringsformål, men må vere i samsvar med kommunens reglar for korleis areala i området kan brukast (arealplan).

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Vilkår

  • Du må vere eigar av bygningen for å kunne sende krav til kommunen.
  • Seksjonane du planlegg må vere i samsvar med kommunens arealplan for området.
  • Dersom seksjoneringa krev bygningsmessige endringar, må desse vere godkjende etter reglane i plan- og bygningslova for sitt formål (bustad eller næring).
  • For eksisterande bygningar må pålagde bygningsmessige tiltak vere gjennomførte før seksjonering kan skje. 
  • Kvar enkelt seksjon må vere ein del av bygningen, men ha sin eigen inngang og vere avgrensa frå dei andre seksjonane på ein fornuftig måte.

Lover

Eigarseksjonslova kap. 2 (Seksjonering)

Rettleiing

Kommunen kan hjelpe deg med å be om eigarseksjonering, eller du kan be andre hjelpe deg viss du har behov for det. Dersom ein annan sender krav på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Kravet skal innehalde:

  • nemninga til eigedommen (gards- og bruksnummer)
  • formålet med dei planlagde seksjonane (bustad eller næring)
  • sameigebrøk for kvar seksjon (seksjonane sin del av det totale arealet)
  • vedtekter for sameiget
  • eigenerklæring om at vilkåra for seksjonering i lova er oppfylte

Du må òg leggje ved:

  • situasjonsplan over eigedommen som viser bygningar og fellesareal
  • planteikningar over etasjane i bygningen (også ev. kjellar og loft), med tydeleg avmerking av grensene for seksjonane, formålet for dei enkelte romma og forslag til seksjonsnummer
  • namneliste over ev. leigetakarar

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle kravet ditt så snart som mogeleg. Dersom svar på kravet ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Kommunen kontrollerer at kravet er fylt ut rett, og at vilkåra for seksjonering er til stades. Dersom vilkåra er oppfylte og gebyr betalt innan fristen, skal kommunen gi løyve til seksjonering.

Kommunen sender deretter kravet til tinglysing saman med situasjonsplan og planteikningar.

Klage

Dersom kommunen nektar seksjonering, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til departementet.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss