Hopp til innhold Hopp til søk

Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Oppretta: 01.01.2011 – Sist oppdatert 16.11.2018

Har du nedsett funksjonsevne og ønskjer å ta del i fysisk aktivitet, kan du søkje NAV om hjelpemiddel til dette. Du treng ikkje å vere medlem i ei idrettsforeining, drive organisert sport eller vere svært aktiv for å få eit aktivitetshjelpemiddel.

Du kan få hjelpemiddel til å drive aktivitet åleine eller saman med andre, og du kan få hjelpemiddel som er spesielt utvikla for å aktivisere rørsleapparatet dersom du ikkje kan gjere bruk av ordinære aktivitetshjelpemiddel.

Du får ikkje hjelpemiddel til hobbyaktivitetar, vanleg sportsutstyr eller konkurranseutstyr.

Aktivitetshjelpemiddel omfattar også ortopediske hjelpemiddel som for eksempel sportsproteser, spesialproteser og ortopedisk fottøy. Leverandørar av ortopediske hjelpemiddel som har rammeavtale med NAV, tilpassar og utleverer slike aktivitetshjelpemiddel. Du søkjer på same måte som for andre ortopediske hjelpemiddel.

Ordninga er rammefinansiert. Dette inneber at det ikkje kan delast ut fleire hjelpemiddel når den årlege løyvinga (ramma) er brukt opp.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Eigedomsskatt – utsetjing, nedsetjing eller ettergiving

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 16.11.2018

Du kan søkje om å få utsett betalinga av skuldig eigedomsskatt. Du kan også søkje om å få nedsett eller ettergitt eigedomsskatten dersom det har oppstått forhold som gjer det svært urimeleg å krevje han inn.

Eigedomsskatt er ein skatt basert på verdien til ein fast eigedom. Den økonomiske situasjonen din som grunneigar har ingen innverknad på utmålinga av skatten.

Kommunestyret bestemmer om det skal vere skatt på eigedommar i kommunen. Kommunar som har innførd eigedomsskatt kan velje å nytte bustadverdiane til Skatteetaten eller sin eigen utrekningsmåte som grunnlag for fastsetjning av eigedomsskatt.

Målgruppe

Eigarar og brukarar av eigedommar som er pålagde eigedomsskatt.

Vilkår

Du har ikkje krav på utsett betaling, men når det ligg føre særlege grunnar kan du, etter avtale med skatteoppkrevjaren i kommunen, få utsett betalinga.

Du har heller ikkje krav på nedsetjing eller ettergiving av eigedomsskatt, men du kan få det dersom det har oppstått forhold som gjer det særleg urimeleg å halde fast ved skatten heilt eller delvis. Eksempel på forhold som kan gjere det særleg urimeleg, er sjukdom, brann eller naturkatastrofar.

Rettleiing

For å få betalingsutsetjing, nedsetjing eller ettergiving må du sende ein søknad til kommunen. Du må leggje ved dokumentasjon på alle økonomiske forhold. Kommunen kan også setje ned skatten på eige initiativ.

Dersom kommunen nyttar bustadverdien frå Skatteetaten og du meiner denne er feil, kan du sende ei endringsmelding til Skatteetaten.

Sakshandsaming

Det er skatteoppkrevjaren i kommunen som behandlar søknad om utsett betaling av eigedomsskatten.

Har du søkt om nedsetjing eller ettergiving av eigedomsskatten, er det formannskapet i kommunen som behandlar søknaden etter at skatteoppkrevjaren har uttalt seg.

Klage

Du har ingen lovfesta rett til å klage, men du kan klage på feil saksbehandling til Sivilombodsmannen. Sivilombodsmannen kan ikkje gjere om vedtaket, men kan gi deg medhald dersom saksbehandlinga har vore feil. I så fall skal saka tilbake til kommunen for behandling i skatteutvalet. Du kan søkje på nytt dersom du meiner at det manglar viktig informasjon i saka eller at situasjonen din har endra seg.

Kontakt oss