Hopp til innhold Hopp til søk

Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Oppretta: 01.01.2011 – Sist oppdatert 16.11.2018

Har du nedsett funksjonsevne og ønskjer å ta del i fysisk aktivitet, kan du søkje NAV om hjelpemiddel til dette. Du treng ikkje å vere medlem i ei idrettsforeining, drive organisert sport eller vere svært aktiv for å få eit aktivitetshjelpemiddel.

Du kan få hjelpemiddel til å drive aktivitet åleine eller saman med andre, og du kan få hjelpemiddel som er spesielt utvikla for å aktivisere rørsleapparatet dersom du ikkje kan gjere bruk av ordinære aktivitetshjelpemiddel.

Du får ikkje hjelpemiddel til hobbyaktivitetar, vanleg sportsutstyr eller konkurranseutstyr.

Aktivitetshjelpemiddel omfattar også ortopediske hjelpemiddel som for eksempel sportsproteser, spesialproteser og ortopedisk fottøy. Leverandørar av ortopediske hjelpemiddel som har rammeavtale med NAV, tilpassar og utleverer slike aktivitetshjelpemiddel. Du søkjer på same måte som for andre ortopediske hjelpemiddel.

Ordninga er rammefinansiert. Dette inneber at det ikkje kan delast ut fleire hjelpemiddel når den årlege løyvinga (ramma) er brukt opp.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Etablerarprøva

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 16.11.2018

Etablerarprøven skal sikre at du som ansvarleg for ein serveringsstad, har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgiving som blir kravde for å drive staden.

Etablerarprøven er ein obligatorisk fleirvalprøve. Pensum til prøven er materialet i læreboka: «Læremateriell – etablererprøven for serveringsvirksomhet», utarbeidd for Nærings- og fiskeridepartementet av Veiledningsinstituttet i Nord-Norge.

Du svarer på prøven elektronisk i lokala til kommunen og får 90 minutt til dette. For å bestå prøven må du svare rett på minst 40 av spørsmåla.

Målgruppe

Dagleg leiar i verksemder som har eller søkjer om serveringsløyve.

Vilkår

Før ein serveringsstad kan få serveringsløyve, må du som dagleg leiar av staden ha bestått etablerarprøven og ha god vandel. Etablerarprøven er ikkje det same som kunnskapsprøven etter alkohollova.

Startar du som dagleg leiar i serveringsverksemd som allereie har løyve, må du òg ta etablerarprøven.

Rettleiing

Du melder deg opp til etablerarprøven ved å kontakte kommunen.

Du tar prøven i lokala til kommunen. Du må ha med gyldig legitimasjon. Som hjelpemiddel er det tillate med lovsamling (reine lov- og forskriftstekstar).

Sakshandsaming

Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at du har meldt deg opp. Når du har bestått etablerarprøven, skriv kommunen ut eit bevis.

Klage

Du kan ikkje klage, men du kan ta prøven på nytt. Du må betale nytt gebyr for å ta ny prøve.

Kontakt oss