Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Farleg avfall

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 24.10.2017

Farleg avfall er avfall som ikkje kan handterast saman med anna hushaldsavfall fordi det kan medføre forureining eller skade på menneske og dyr.

Eksempel på farleg avfall frå hushald er:

  • Reingjeringsmiddel som inneheld farlege stoff
  • Maling, lim, lakk og løysemiddel
  • Sprayboksar som inneheld farlege stoff
  • Oppladbare batteri
  • Elektroniske og elektriske produkt (EE-avfall)
  • PCB-haldige isolerglasruter
  • Asbesthaldige material 
  • Impregnert trevirke

Kommunen har ansvar for å gi deg eit tilbod om levering av farleg avfall. Tilbodet kan bestå av betente mottak, miljøstasjonar, miljøbuss eller henteordningar. For enkelte avfallstypar finst det eigne returordningar som legg til rette for innsamling, forsvarleg behandling og gjenvinning av avfallet.

Målgruppe

  • Hushald
  • Mindre verksemder

Vilkår

Kommunen pliktar å ta imot:

  • inntil 1000 kg farleg avfall per år per hushald eller verksemd
  • inntil 500 kg PCB-haldige isolerglasruter per år per hushald eller verksemd

Lover

Avfallsforskriften kap. 11 (Farleg avfall)

Rettleiing

Kontakt kommunen for å få vite kvar du kan levere det farlege avfallet ditt. Når du leverer avfallet, må det gå tydeleg fram kva type farleg avfall det gjeld.

Kontakt oss