Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Fellingsløyve (hjortevilt)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 22.05.2017

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet deg som er grunneigar. Fellingsløyve for hjortevilt (elg, hjort, rådyr, villrein) blir tildelt godkjende vald. Eit vald er det geografiske området som jakta skal gå føre seg i og kan bestå av fleire grunneigedommar. For dåhjort og småvilt er det ikkje krav om fellingsløyve.

Som grunneigar kan du utarbeide ein bestandsplan for valdet. Ein slik bestandsplan kan vere fleirårig, opptil fem år. Kommunen skal godkjenne planar for elg, hjort og rådyr og gir fellingsløyve for planperioden. For villrein er det villreinnemnda som godkjenner bestandsplanar. Ein slik bestandsplan kan vere fleirårig, opptil fem år, men fellingsløyve blir gitt for kvart enkelt jaktår.

Vald som ikkje er store nok, kan samarbeide med andre vald om å utarbeide bestandsplan. Eit slikt samarbeid blir kalla eit bestandsplanområde. Området må disponere eit teljande areal på minimum 20 gonger minstearealet, og skal nemne opp ein representant som opptrer på vegner av bestandsplanområdet overfor kommunen.

For vald eller bestandsplanområde med godkjend bestandsplan skal fellingsløyva vise talet på dyr utan spesifikasjon på alder og kjønn, og avskytinga skal gjerast i samsvar med alder og kjønn i godkjend bestandsplan. Kvart vald i eit bestandsplanområde får sitt eige fellingsløyve.

Har du ikkje utarbeidd bestandsplan, vil du få alders- og kjønnsspesifikke fellingsløyve.

Rådyrvald med eit teljande areal på minimum 20 gonger minstearealet eller minst 10 000 dekar kan etter søknad få tildelt fellingsløyvet for rådyr som kvotefri jakt. Før du får tildelt kvotefri jakt på rådyr, må du utarbeide ein avskytingsplan.

Fellingsløyve for elg, hjort og villrein som er gitt til eit vald, kan nyttast i andre vald i bestandsplanområdet eller i villreinområdet i heile jaktperioden, eller i ein gitt del av jaktperioden. Dette har til føresetnad skriftleg avtale som viser kva for vald og kva for periodar fellesjaktavtalen gjeld for.

Målgruppe

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Vilkår

Fellingsløyve blir berre gitt for godkjende vald.

Lover

Viltlova § 16 (fellingsløyve på hjortevilt og bever - minsteareal)

Forskrift om kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort

Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 15 (Krav til bestandsplan for elg og hjort)

Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 18 (Fellingsløyve for elg og hjort)

Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 20 (Fellingsløyve for rådyr)

Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 27 (Bestandsplan for villrein)

Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 29 (Fellingsløyve for villrein)

Rettleiing

Kommunen eller villreinnemnda gir eit årleg fellingsløyve og sender det til representanten for valdet. Der det ligg føre fleirårig bestandsplan, blir alle fellingsløyve gitt første året for heile planperioden. Dette gjeld ikkje for villrein, der fellingsløyve uansett blir gitt for kvart enkelt jaktår.

Alle fellingsløyve skal vere sende ut innan 15. juni.

Ved vesentleg endring i bestanden i området eller vesentleg avvik frå godkjend bestandsplan, kan kommunen eller villreinnemnda trekkje tilbake godkjenninga og krevje at du utarbeider ein ny bestandsplan.

Søknadsfrist

For elg og hjort: Søknad om godkjenning/endring av bestandsplanområde sender du til kommunen innan 1. mai.

For villrein: Du bør sende søknad om godkjenning/endring av bestandsplanområde til villreinnemnda innan 1. mai.

For rådyr: Søknad om kvotefri jakt sender du til kommunen innan 1. mai.

Melding om å trekkje ei eigedom ut av valdet:

  • 1. april (til kommunen og valdansvarleg representant)
  • 1. mars (til villreinnemnda og valdansvarleg representant)

Sakshandsaming

Innan 15. juni skal:

  • kommunen behandle søknad om godkjenning av ny bestandsplan eller endringar i eksisterande bestandsplan
  • villreinnemnda eller kommunen sende fellingsløyvet til valdansvarleg representant

Klage

Du kan klage på talet på dyr du har fått fellingsløyve for (og det teljande arealet som ligg til grunn for dette) innan ein frist på tre veker frå du tok imot løyvet.

I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende løyvet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom løyvet ikkje blir endra, blir klagen din sendt vidare til: 

  • Fylkesmannen (for løyve gitt av kommunen)
  • Miljødirektoratet (for løyve gitt av villreinnemnda)

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss