Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Folkebibliotek

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 24.09.2017

Folkebiblioteket i kommunen er ope for alle. Her kan du sitje og lese, gjere lekser, bruke internett eller møte andre.

Biblioteket skal:

  • fremje opplysing, utdanning og anna kulturell verksemd med aktiv formidling
  • vere ein uavhengig møteplass og arena for offentleg samtale og debatt
  • leggje vekt på kvalitet, allsidigheit og aktualitet i tilboda til barn og vaksne
  • sørgje for god informasjon om innhald, tenester og arrangement

På biblioteket har du gratis tilgang til bøker, lydbøker, aviser, tidsskrift, filmar og musikk. Med lånekort kan du også låne materiale med heim. Nokre tidsskrift, aviser og eldre bøker er ikkje tilgjengelege for utlån, men desse kan du lese på biblioteket. Bøker m.m. som det lokale biblioteket ditt ikkje har, kan lånast inn frå andre bibliotek.

Biblioteket tilbyr to ulike typar lånekort:

  • Nasjonalt lånekort som er gyldig ved bibliotek i heile landet. Du må vere over 15 år og busett i Noreg for å få nasjonalt lånekort.
  • Lokalt lånekort er berre gyldig i din eigen kommune. Barn under 15 år får lokalt lånekort når foreldra samtykkjer. Lokalt lånekort blir også gitt til skular, barnehagar o.l. og til lånarar utan norsk fødselsnummer.

Du må alltid ha med lånekortet for å kunne låne på biblioteket. Lånekortet er eit verdikort, pass derfor godt på det. Mistar du kortet, må du gi beskjed slik at biblioteket kan sperre det.

Målgruppe

Biblioteket er ope for alle.

Nokre spel og filmar kan ha aldersgrense.

Vilkår

Du må ha lånekort for å låne bøker, lydbøker, filmar osv. Lånekort får du på biblioteket, og det er gratis.

Rettleiing

Kontakt biblioteket for å få lånekort. For nasjonalt lånekort må du ha med gyldig legitimasjon med fødselsnummer og bilde (pass, førarkort e.l.). Barn under 15 år må ha med underskriven godkjenning frå foreldre.

Klage

Er du misnøgd med forhold på biblioteket eller tenestene til biblioteket, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til biblioteket.

Kontakt oss