Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Fråvær på vitnemålet i grunnskolen

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 23.05.2017

Går du på ungdomsskolen og har vore borte frå undervisninga, vil alt fråvær bli ført på vitnemålet. Dette gjeld både heile dagar og enkelttimar. Enkelttimar kan ikkje gjerast om til heile dagar.

Du kan krevje at inntil 10 fråværsdagar per opplæringsår blir fjerna frå vitnemålet ditt.

For fråvær som ikkje blir sletta, kan du krevje at vitnemålet får eit eige vedlegg der grunnen til fråværet blir ført opp. Dette gjeld berre når du har lagt fram dokumentasjon for fråværsgrunnen.

Målgruppe

  • Elevar på 8., 9. og 10. trinn (ungdomstrinnet i grunnskolen)
  • Føresette til elevar på 8., 9. og 10. trinn

Vilkår

Du kan berre få fjerna fråvær som skuldast:

  • Helseårsaker. Fråværet må ha vart meir enn tre dagar, og du kan berre få sletta fråvær frå dag fire og utover. Du må dokumentere fråværet med legeerklæring. 
  • Funksjonshemming eller kronisk sjukdom. Du kan krevje å få sletta fråvær allereie frå første fråværsdag. Du må vise fram ei legeerklæring som dokumenterer at du har auka risiko for fråvær.
  • Innvilga permisjon. Du kan krevje å få sletta fråvær der skolen har innvilga deg permisjon etter opplæringslova § 2-11.

Lover

Forskrift til opplæringslova § 3-41 (Føring av fråvær i grunnskolen)

Opplæringslova § 2-11 (Permisjon frå den pliktige opplæringa)

Rettleiing

Du eller foreldra dine sender krav om sletting av fråvær til rektor på skolen. Du må sende med dokumentasjon på alt fråværet som du krev sletta.

Søknadsfrist

Skolen kan ha ein frist for når du må sende krav om sletting av fråvær. Ta kontakt med skolen din for å sjekke om dei har sett ein frist.

Kontakt oss