Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Fyrverkeri – sal og oppbevaring

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 27.06.2017

Skal du selje fyrverkeri i klasse II eller III (sjå definisjon i forskrifta § 1-3), treng du løyve frå kommunen.

Du treng også løyve for å oppbevare fyrverkeri, og kommunen kan gi løyve for mengder inntil 500 kg. Skal du oppbevare meir enn dette, må du søkje om løyve frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Målgruppe

Verksemder som skal selje og oppbevare fyrverkeri.

Vilkår

  • Sal til forbrukar skal berre skje over disk og i perioden 27. til 31. desember.
  • Verksemda må drive handelsverksemd med fast utsalsstad og kunne leggje fram firmaattest frå Føretaksregisteret.
  • Utsalsstaden må tilfredsstille byggeforskriftene og tryggleikskrava i forskrift om eksplosjonsfarleg stoff.
  • Sal og utlevering kan ikkje skje i kjøpesenter eller nærare enn 25 meter frå bensinstasjon.
  • Du må peike ut ein ansvarleg person over 20 år og eventuelt også ein avløysar. Desse må ha gjennomgått sertifiseringskurs i handel med fyrverkeri som blir arrangert av Norsk brannvernforening, og kunne leggje fram politiattest. Ein av personane må vere til stades på utsalsstaden når salet skjer.
  •  Fyrverkeriet må vere godkjent for sal i Noreg og påtrykt eit godkjenningsnummer som består av bokstavane NBL følja av ein talkode. Godkjenninga sikrar at fyrverkeriet fungerer slik det skal og ikkje skadar personar eller eigedom.

Rettleiing

Du søkjer kommunen på eige skjema. Saman med søknaden må du sende kart over området for utsalsstad og lager, risikovurdering, gyldig kursbevis for ansvarshavande og ei brannteknisk beskriving av utsalsstad og lager.

Søknadsfrist

Innan 1. mai i salsåret.

Sakshandsaming

Kommunen skal behandle søknaden din så snart som mogeleg, og seinast innan éin månad. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Kommunen vil vurdere om utsals- og lagringsstaden oppfyller krava som styresmaktene har sett. Kommunen vurderer også kompetansen til ansvarshavande og avløysaren.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda til kommunen, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss