Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Godkjenning/melding av tatoverings-, holtakings-, frisør- og hudpleieverksemd

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 18.08.2017

Dersom du skal drive tatoveringsverksemd eller holtakingsverksemd, skal lokala og utstyret godkjennast av kommunen. Du må også sende søknad ved vesentleg endring eller utviding av verksemda.

Skal du drive frisørverksemd eller hudpleieverksemd, må du oppfylle dei same hygienekrava, men du treng ikkje godkjenning. Du må sende melding til kommunen før oppstart og ved vesentleg endring eller utviding av verksemda.

Forskrifta om hygienekrav har til formål å:

  • sikre tilfredsstillande hygieniske forhold
  • førebyggje overføring av smittsame sjukdommar i verksemda

Målgruppe

Personar som ønskjer å starte, endre eller utvide verksemd som tilbyr:

  • tatovering, arring, svimerking og annan kroppsmodifikasjon
  • holtaking og piercing
  • hårklipp og -pleie
  • barbering
  • hårfjerning
  • hudpleie
  • fot-/handpleie
  • massasje (ikkje-medisinsk)
  • solarium

Vilkår

For å få godkjent verksemda stiller kommunen krav til:

  • lokala 
  • rutinar for internkontroll 
  • rutinar for å unngå smitteoverføring

For solarium er det krav om at ansvarlege for dagleg drift og tilsette med kundekontakt har bestått ei obligatorisk kunnskapsprøve (solariumprøva).

Rettleiing

Du kan be kommunen om hjelp til å fylle ut søknad eller melding.

Sakshandsaming

For verksemder som krev søknad, pliktar kommunen å behandle søknaden så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan tre månader, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Kommunen kan gjennomføre ei synfaring før du får godkjenning.

For verksemder som berre krev melding, behandlar ikkje kommunen saka.

Etter oppstart av verksemda eller når du gjer endringar i drifta, kan kommunen:

  • føre tilsyn med verksemda
  • krevje at du rettar forhold ved verksemda
  • krevje at du stansar verksemda til feil og manglar er retta opp
  • ileggje tvangsmulkt, jf. forskrift om tvangsmulkt, folkehelselova
  • trekkje godkjenninga tilbake dersom du ikkje rettar opp feil og manglar

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss