Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Gravlegging og kremasjon (gravferd)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 23.05.2017

Gravferd skal skje med respekt for religionen eller livssynet til avdøde og skje enten med kistegravferd eller kremasjon.

Gravlegging ved kistegravferd skal skje seinast 10 yrkedagar etter dødsfallet. Om ønskjeleg kan det leggjast ned gjenstandar i kista. Gjenstandane må kunne brytast ned i jord i løpet av den fredingstida som gjeld for gravplassen.

Kremasjon er eit alternativ til gravlegging i kiste og inneber at ei urne med oska frå avdøde blir sett ned på gravlunden. Kremasjon kan skje med mindre det er kjent at avdøde ikkje ønska dette. Gjenstandar som inneber risiko for eksplosjon eller annan fare, må ikkje leggjast ned i kista før kremasjon. Nedsetjing av urna må skje seinast 6 månader etter at avdøde er blitt kremert.

Kyrkjeleg fellesråd i kommunen kan forlenge fristane dersom det ligg føre tungtvegande grunnar for dette.

Grav og gravminne

Den som sørgjer for gravferda får høve til å vere festar av grava. Når festaren er registrert, kan det setjast opp gravminne på grava. Festaren er eigar av gravminnet og ansvarleg for at det ikkje forfell, er til sjenanse eller til fare for dei som ferdast på gravplassen.

Personar som er omkomne på havet, i krig eller liknande, og som ikkje kan gravleggjast, kan få namnet sitt oppført på eit eksisterande eller nytt gravminne.

Nokre kyrkjegardar har eigne felt som ikkje er vigsla. Her kan personar med ikkje-kristent livssyn gravleggjast etter ønskje frå den avdøde sjølv eller dei etterlatne.

Minnelund og fellesgrav

Etter ønskje frå avdøde eller dei etterlatne kan gravlegging skje på ein minnelund eller i ei fellesgrav. Slik gravlegging kan vere anonym, dvs. at det ikkje er høve til å setje opp gravminne eller merke grava med namnet til avdøde. Anonym grav kan ikkje festast. Alternativet er ein namna minnelund der det er høve til å føre opp namnet til avdøde på ei namneplate som blir festa til eit minnesmerke eller liknande.

Målgruppe

Etterlatne over 18 år

Vilkår

Ved fylte 15 år har ein rett til å bestemme om ein vil gravleggjast eller kremerast. Ønskje om kremasjon må komme fram i ei underskriven og datert erklæring.

Ved fylte 18 år har ein rett til å bestemme kven som skal sørgje for eiga gravferd. Dette må også komme fram i ei underskriven og datert erklæring. Dersom det ikkje ligg føre ei erklæring, vil det vere dei næraste etterlatne som har ansvaret for gravferda. Ved usemje om kven som har ansvaret, bestemmer kommunen ut frå den prioriterte rekkefølgja i gravferdslova § 9 andre ledd. Dersom ingen sørgjer for gravferda, skal kommunen der avdøde budde ta seg av dette. Kommunen kan krevje utgiftene dekte av dødsbuet.

Lover

Gravferdslova § 10 (Kremasjon)

Gravferdslova § 11 (Begjæring om gravlegging)

Gravferdslova § 13 (Unntak frå reglane om frist for kremasjon og gravlegging)

Rettleiing

Krav om gravlegging eller kremasjon blir sett fram av den som sørgjer for gravferda. Etterlatne kan sørgje for alt sjølv, men det er mest vanleg å bruke eit gravferdsbyrå.

Spørsmål om gravferd, kremasjon og grav kan rettast til kyrkjeleg fellesråd i kommunen.

Klage

Du kan ikkje klage på avgjerda til kommunen dersom det er usemje om kven som skal sørgje for gravferda. Du kan heller ikkje klage på avgjerda til kyrkjeleg fellesråd om å forlenge eller forkorte fristen for kremasjon og gravferd.

Kontakt oss