Hopp til innhold Hopp til søk

Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Oppretta: 01.01.2011 – Sist oppdatert 16.11.2018

Har du nedsett funksjonsevne og ønskjer å ta del i fysisk aktivitet, kan du søkje NAV om hjelpemiddel til dette. Du treng ikkje å vere medlem i ei idrettsforeining, drive organisert sport eller vere svært aktiv for å få eit aktivitetshjelpemiddel.

Du kan få hjelpemiddel til å drive aktivitet åleine eller saman med andre, og du kan få hjelpemiddel som er spesielt utvikla for å aktivisere rørsleapparatet dersom du ikkje kan gjere bruk av ordinære aktivitetshjelpemiddel.

Du får ikkje hjelpemiddel til hobbyaktivitetar, vanleg sportsutstyr eller konkurranseutstyr.

Aktivitetshjelpemiddel omfattar også ortopediske hjelpemiddel som for eksempel sportsproteser, spesialproteser og ortopedisk fottøy. Leverandørar av ortopediske hjelpemiddel som har rammeavtale med NAV, tilpassar og utleverer slike aktivitetshjelpemiddel. Du søkjer på same måte som for andre ortopediske hjelpemiddel.

Ordninga er rammefinansiert. Dette inneber at det ikkje kan delast ut fleire hjelpemiddel når den årlege løyvinga (ramma) er brukt opp.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Heimehjelp

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 16.11.2018

Heimehjelp er eit tilbod til deg som er avhengig av hjelp i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetting, alder, rusmisbruk eller andre årsaker.

Det er kommunen som i samarbeid med deg bestemmer kva for tenester som er aktuelle. Du kan m.a. få hjelp til:

  • personleg hygiene og stell
  • matlaging, og i nokre tilfelle handling av varer
  • reingjering
  • klesvask

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma, rusmisbrukarar, sjuke og andre som bur heime og har behov for praktisk hjelp i kvardagen.

Vilkår

Sjukdom, funksjonsnedsetting, alder, rusmisbruk eller andre grunnar til at du ikkje klarer å ha dagleg omsorg for deg sjølv eller er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie daglege gjeremål.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste.

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 (Kommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenester)

Forskrift til sosialtenestelova kap. 8 (Vederlag for sosiale tenester og for opphald i institusjon mv.)

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Rettleiing

Kommunen kan hjelpe deg med å søkje om heimehjelp, eller du kan be andre hjelpe deg viss du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Kommunen vil avtale eit heimebesøk for å kartleggje behovet ditt. Saman med deg vil kommunen vurdere kva for tenester som er aktuelle for deg.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Fylkesmannen.

Kontakt oss