Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Helsetilbod til flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforeinte

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 24.09.2017

Du har rett til nødvendige helsetenester når du oppheld deg midlertidig i kommunen og er:

  • flyktning
  • asylsøkjar
  • gjenforeint med familie

Du har rett til både fysisk og psykisk hjelp frå den kommunale primærhelsetenesta og frå spesialisthelsetenestene.

Barn under 18 år som oppheld seg i Noreg, har også rett til omsorgstenester frå kommune, som f.eks. støttekontakt og ulike heimetenester.

Målgruppe

Flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforeinte.

Kommunen skal gi deg spesiell merksemd og oppfølging dersom du:

  • er frå eit område med høg førekomst av smittsame sjukdommar 
  • har vore utsett for tortur eller andre alvorlege traume 
  • er einsleg utan familienettverk 
  • er barn eller ungdom og har komme til Noreg åleine
  • er gravid
  • er einsleg forsørgjar
  • har vore utsett for valdtekt eller annan seksualisert vald
  • har blitt kjønnslemlesta eller står i fare for å bli det
  • slit med eller har teikn på psykiske problem
  • har rusproblem

Vilkår

Er du over 18 år og har fått avslag på søknad om opphald i Noreg, har du berre rett til akutt og heilt nødvendig helsehjelp.

Er du under 18 år er det ikkje eit krav at du har lovleg opphald for å få helsehjelp.

Lover

Forskrift om tenester til personar utan fast opphald

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 (Kommunens ansvar for helse- og omsorgstjenester)

Pasient- og brukarrettslova § 2-1 a. (Rett til nødvendig hjelp fra kommunens helse- og omsorgstjeneste)

Pasient- og brukarrettslova § 2-1 b. (Rett til nødvendig helsehjelp fra spesialisthelsetjenesten)

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Rettleiing

Kommunen skal sørgje for at du får tilbod om dei helsetenestene du har rett til, og du treng derfor ikkje søkje.

Klage

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Fylkesmannen.

Kontakt oss