Hopp til innhold Hopp til søk

Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Oppretta: 01.01.2011 – Sist oppdatert 14.11.2018

Har du nedsett funksjonsevne og ønskjer å ta del i fysisk aktivitet, kan du søkje NAV om hjelpemiddel til dette. Du treng ikkje å vere medlem i ei idrettsforeining, drive organisert sport eller vere svært aktiv for å få eit aktivitetshjelpemiddel.

Du kan få hjelpemiddel til å drive aktivitet åleine eller saman med andre, og du kan få hjelpemiddel som er spesielt utvikla for å aktivisere rørsleapparatet dersom du ikkje kan gjere bruk av ordinære aktivitetshjelpemiddel.

Du får ikkje hjelpemiddel til hobbyaktivitetar, vanleg sportsutstyr eller konkurranseutstyr.

Aktivitetshjelpemiddel omfattar også ortopediske hjelpemiddel som for eksempel sportsproteser, spesialproteser og ortopedisk fottøy. Leverandørar av ortopediske hjelpemiddel som har rammeavtale med NAV, tilpassar og utleverer slike aktivitetshjelpemiddel. Du søkjer på same måte som for andre ortopediske hjelpemiddel.

Ordninga er rammefinansiert. Dette inneber at det ikkje kan delast ut fleire hjelpemiddel når den årlege løyvinga (ramma) er brukt opp.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Innsynsrett – offentlege dokument

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 14.11.2018

Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument, journalar og liknande register. Alle saksdokument i kommunen er offentlege dersom det ikkje er gjort unntak med bakgrunn i lova.

Alle har rett til innsyn i saksdokument, journalar og liknande register etter offentleglova, med visse unntak:

  • Kommunen har plikt til å nekte innsyn i opplysningar som er underlagde teieplikt (t.d. personlege helseopplysningar).
  • Kommunen har høve til å nekte innsyn i opplysningar for å verne eigne eller andre sine interesser (t.d. namn på søkjarar til kommunale stillingar og prisar i offentlege anbod).

Du har som hovudregel også innsyn i interne dokument (t.d. saksliste eller saksdokument til kommunestyre og dokument til/frå kommunale avdelingar).

Innsynsretten er basert på offentlegprinsippet; demokrati, kontroll, rettstryggleik og informasjonstilgang. Innsyn aukar tilliten til kommunen og gir deg høve til å påverke og kontrollere verksemda til kommunen.

Er du sjølv part i saka du ønskjer innsyn i, gjeld også reglane i forvaltningslova.

Målgruppe

Alle

Lover

Offentleglova § 3 (Hovudregel)

Offentleglova kap. 3 (Unntak frå innsynsretten)

Offentlegforskrifta § 4 (Betaling for innsyn)

Forvaltningslova § 18 (Partane sitt høve til å gjere seg kjende med dokumenta i saka)

Arkivlova

Rettleiing

Dersom du ønskjer å få innsyn i ei sak, kan du

  • gå inn på nettsida til kommunen og søkje i offentleg postjournal
  • ta kontakt med kommunen

Du treng ikkje opplyse om namnet ditt, med mindre du er part i ei sak som ikkje er til offentleg innsyn og ønskjer innsyn i denne. Då krev kommunen at du identifiserer deg.

Kravet om innsyn kan vere skriftleg eller munnleg. Det kan gjelde ei bestemt sak eller saker av ein bestemt type. Du kan krevje kopi på papir eller som elektronisk dokument tilsendt per e-post.

Sakshandsaming

Krav om innsyn skal avgjerast så raskt som mogeleg. Det betyr vanlegvis same dag eller innan tre arbeidsdagar. Dersom du ikkje har fått svar innan fem arbeidsdagar frå kommunen tok imot kravet ditt, kan du rekne dette som eit avslag. Du vil få tilsendt ei grunngiving for avslaget innan ti arbeidsdagar etter at kravet blei tatt imot. Kommunen skal då vise til den vedtekta som er grunnlaget for avslaget, og opplyse om høvet til å klage og klagefristen.

Klage

Får du ikkje svar på innsynskravet innan fem arbeidsdagar, blir det rekna som eit avslag, og du har rett til å klage. Fylkesmannen er klageinstans, men klagen skal sendast til kommunen.

Klagen skal avgjerast så raskt som mogeleg. Fylkesmannen kan:

  • halde fast på avslaget
  • gi deg innsyn
  • gjere dokumentet tilgjengeleg for allmenta

Anna informasjon

Sjå informasjon om koordinerande eining for habilitering og rehabilitering her.

Kontakt oss