Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Karakterar – klage

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 27.04.2017

Er du usamd i eller misnøgd med karakterar som skal stå på vitnemålet ditt, kan du klage.

Du kan klage på:

  • standpunktkarakterar, inkludert karakter i orden og oppførsel
  • eksamenskarakterar
  • karakterar til fag- og sveineprøver og kompetanseprøve
  • realkompetansevurdering
  • avgjerd om å ikkje gi standpunktkarakter

Målgruppe

  • Elevar, lærlingar, privatistar og praksiskandidatar (eller person du har gitt skriftleg fullmakt til)
  • Foreldre til elevar, lærlingar eller privatistar under 18 år har sjølvstendig klagerett.

Vilkår

Er du under 15 år, må du ha samtykke frå foreldra dine for å klage.

Lover

Forskrift til opplæringslova kap. 5 (Klage på vurdering)

Rettleiing

Fristen for å klage er:

  • Ti dagar frå du tok imot standpunkt- og eksamenskarakterar
  • Tre veker frå du tok imot vurdering av den praktiske delen av fag-/sveineprøven og realkompetansevurdering

Innanfor klagefristen kan du krevje grunngiving for karakter til munnleg eksamen, praktisk eksamen, standpunktkarakter og karakter i orden og oppførsel. Ved skriftleg eksamen kan du be om å få kopi av eksamenssvaret ditt, men ikkje krevje grunngiving for karakteren.

Klagen må være skriftleg og underteikna av deg som klagar eller den du har gitt fullmakt til. Gi opp kva du klagar på og skriv helst ei grunngiving. Klagar du på ein skriftleg eksamenskarakter er det ikkje nødvendig med grunngiving.

Send klagen til skolen der du er elev. Er du privatist, sender du klagen til den skolen der du tok eksamen. Klage på fag- eller sveineprøve sender du til yrkesopplæringsnemnda i fylket.

nettsidene til Barneombodet finn du brevmalar du kan bruke når du vil klage på karakterar.

Sakshandsaming

Skolen eller klageinstansen skal behandle klagen din så snart som mogeleg. Dersom svar på klagen ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når du kan vente eit svar.

Resultatet av klagebehandlinga kan vere:

  • karakteren blir ståande
  • karakteren blir sett opp
  • karakteren blir sett ned

Du vil få skrive ut nytt vitnemål dersom karakteren blir endra.

Dersom du får medhald i klage på karakter til munnleg eksamen, blir karakteren sletta og du har rett til å gå opp til ny eksamen. Dersom eksamensfaget blei tilfeldig trekt, skal det trekkjast på nytt.

Kontakt oss