Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Kommunal bustad

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 24.09.2017

Har du problem med å komme inn på bustadmarknaden på grunn av økonomi, helse eller andre forhold? Då kan du søkje om å få leige ein kommunal bustad.

Kommunen skal medverke til at alle har ein god og trygg stad å bu, og kan tilby kommunal utleigebustad til innbyggarar som har problem med å skaffe eigen bustad. Utleigebustadane varierer i storleik og plassering, frå små hyblar til større familiebustader. Kommunen kan også tilby tilrettelagde bustader for eldre, rørsle- eller utviklingshemma.

Det er som regel fleire søkjarar til kommunal bustad enn det er ledige bustader, og kommunen må derfor prioritere søkjarar med størst behov. Det er ofte lang ventetid, og det er ikkje sikkert du vil få tildelt kommunal bustad sjølv om du oppfyller krava frå kommunen.

Kommunal bustad er ikkje meint som ei varig ordning. Leigeavtalen er tidsbestemt, vanlegvis tre til fem år. Før leigekontrakten går ut, vil kommunen kontakte deg og vurdere om du framleis treng kommunal bustad.

Målgruppe

Personar som er folkeregistrerte i kommunen og:

  • står utan eigna bustad, eller
  • er i ferd med å misse bustaden, og/eller
  • ikkje har høve til å skaffe seg ny bustad

Vilkår

Du må vere over 18 år og ha lovleg opphaldsløyve i Noreg. Du bør ikkje ha misleghalde lån eller ha uoppgjord husleige. Kommunen kan ha krav til minimum butid i kommunen, og kan også setje inntekts- og formuesgrenser.

Dersom du i ein nødssituasjon står utan ein stad å sove og opphalde deg det neste døgnet, kan kommunen gi deg midlertidig plass på eit pensjonat, hospits e.l.

Lover

Du har ingen lovfesta rett til kommunal bustad, men kommunen vil vurdere om du oppfyller krava og kan bli prioritert.

Sosialtenestelova § 15 (Bustader til vanskelegstilte)

Rundskriv til sosialtenestelova (Bustader til vanskelegstilte)

Rettleiing

Kommunen kan hjelpe deg med å søkje om kommunal bustad, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

I søknaden må du beskrive bustadbehovet ditt og om du treng tilrettelagd bustad. Desse vedlegga kan vere aktuelle å sende saman med søknaden:

  • dokumentasjon av inntekt (lønnsslipp, trygdeslipp)
  • siste skattemelding (sjølvmelding) og skatteoppgjer (kan hentast frå Skatteetaten sine nettsider)
  • stadfesting på opphøyr av noverande buforhold
  • dokumentasjon på opphaldsløyve
  • separasjons- eller skilsmisseløyve
  • samværsavtale
  • stadfesting på sosiale eller medisinske problem

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Kommunen vurderer om du oppfyller krava. Er det fleire søkjarar enn ledige bustader, prioriterer kommunen søkjarar med størst behov. Du vil få eit skriftleg svar når søknaden er behandla. Blir søknaden godkjend, får du ei beskriving av kva slags bustad du har fått og kven du kan kontakte om du har spørsmål. Du teiknar ein leigekontrakt med kommunen. Dersom kommunen ikkje har ledig bustad, vil du bli sett på venteliste. Får du avslag på søknaden, må kommunen grunngi avslaget.

Klage

Får du avslag på søknad om kommunal bustad eller er misnøgd med bustaden du har fått, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss