Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Løyve for servering av mat og drikke (serveringsløyve)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 18.08.2017

Skal du drive ein serveringsstad og selje ferdiglaga mat og drikke, må du først søkje kommunen om serveringsløyve. Skal du servere alkoholhaldig drikke, må du i tillegg søkje skjenkeløyve. Politiet kan stenge ein serveringsstad som driv utan å ha løyve.

Du pliktar å melde frå til kommunen dersom det skjer endringar, som for eksempel ved:

  • skifte av dagleg leiar
  • endring av driftskonseptet
  • endring i eigarforholdet

Kommunen godkjenner endringane, eller krev at du søkjer om nytt serveringsløyve.

Blir verksemda overdregen til andre, fell løyvet bort. Dersom løyvesøknad blir send til kommunen seinast 30 dagar etter at avtale om overdraging er gjort, kan serveringa halde fram til ny søknad er avgjort av kommunen.

Målgruppe

Verksemder eller enkeltpersonføretak som skal drive serveringsstad.

Unntatt frå krav om løyve er:

  • serveringsstader ved helseinstitusjonar, skolar og barnehagar
  • servering i kantine etter sjølvkostprinsippet og til bruk for eigne tilsette
  • serveringsstader der lag, foreiningar o.l. skaffar inntekter til eiga drift

Vilkår

Du må utnemne ein dagleg leiar for serveringsstaden. Denne personen må ha:

  • fylt 18 år
  • bestått etablerarprøven som dokumenterer kunnskap om økonomistyring og lovgiving

Løyvehavar, dagleg leiar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda (t.d. medeigarar) må ha vist uklanderleg vandel i samband med:

  • straffelover
  • skatte- og avgiftslover
  • rekneskapslover
  • diskrimineringslova

og kan heller ikkje ha gjort seg skuldige i brot på andre lover på ein måte som vil vere usemjande med drift av serveringsstad.

Du må ha løyve frå bygningsstyresmaktene i kommunen for å kunne drive serveringsverksemd i eit bygg. Du må t.d. leggje fram godkjend bruksendring dersom bygget var regulert til andre formål, og kravet til parkeringsplassar må vere oppfylt.

Du må også registrere serveringsverksemda hos Mattilsynet.

Rettleiing

Du må sende søknad til kommunen. Som vedlegg til søknaden må du sende:

  • Dokumentasjon på bestått etablerarprøve for dagleg leiar
  • Firmaattest frå Brønnøysundregistra
  • Skatteattest for søkjaren og andre med vesentleg innverknad på verksemda

Kommunen kan ha tilleggskrav til dokumentasjon. Du bør skaffe deg ei oversikt over desse krava før du søkjer. Kommunen vil gi rettleiing ved behov.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg, og du må rekne med ei saksbehandlingstid på ca. to månader.

Kommunen innhentar fråsegner frå politiet og skatteetaten.

Det er opp til kommunen å vurdere om du skal få innvilga søknaden din. Får du avslag, må kommunen gjere greie for grunnen til dette.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss