Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Omsorgsløn

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 16.08.2017

Har du omsorg for eit familiemedlem eller annan nærståande person og utfører spesielt tyngande omsorgsarbeid i heimen? Dersom desse oppgåvene elles ville ha vore utførte av kommunen, kan du søkje om omsorgslønn for å få betalt for arbeidet du utfører.

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, men den enkelte omsorgsytaren har ingen automatisk rett til å få omsorgslønn. Kommunen avgjer om du skal få omsorgslønn, og i så fall for kor mange timar og på kva for nivå lønna skal liggje.

Du vil ikkje få full lønn for kvar time du arbeider, men omsorgslønna skal gjere det økonomisk mogeleg for deg å fortsetje med omsorgsarbeidet du utfører. Omsorgslønn blir vanlegvis tildelt for eitt år av gongen og utbetalt som eit fast beløp kvar månad. Som omsorgsarbeidar har du ikkje rett på feriepengar eller sjukepengar frå kommunen, men du har rett på sjukepengar frå NAV frå og med 17. sjukedag.

Omsorgslønn må ikkje forvekslast med pleiepengar frå NAV, som er ei erstatning for tapt arbeidsinntekt i samband med pleie av sjukt barn eller for pleie av nærståande i sluttfasen av livet.

Målgruppe

  • Frivillige omsorgsytarar (familiemedlemmer eller andre nærståande) utan omsorgsplikt
  • Foreldre med omsorgsplikt for sine mindreårige der omsorga er vesentleg meir omfattande enn for barn på same alder

Vilkår

  • Den du gir omsorg til må bu heime.
  • Omsorgsarbeidet må vere meir fysisk eller psykisk tyngande enn vanleg.
  • Søknad om hjelpestønad frå NAV må vere send før kommunen innvilgar omsorgslønn.

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgslønn. Både du eller den som tar imot omsorga, kan søkje.

Søknaden bør innehalde opplysningar om:

  • tal på timar med omsorgslønn per månad
  • omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngande enn vanleg
  • omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn
  • det er behov for omsorg i periodar eller heile tida
  • omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon eller mangel på ferie og fritid
  • det gjeld omsorg for meir enn éin person

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Kommunen vil kontakte deg for å avtale eit heimebesøk. Under besøket vil kommunen kartleggje kva for oppgåver du utfører og deretter vurdere kor mange timar du eventuelt kan få betalt for. Dei vil også vurdere om ei slik ordning er den beste for alle partar.

Du vil få eit skriftleg svar på søknaden frå kommunen. Får du avslag på søknaden, må kommunen grunngi avslaget.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Fylkesmannen.

Kontakt oss