Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Oppdeling av grunneigedom (ny matrikkeleining)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 25.05.2017

Ønskjer du å dele opp eigedommen din, det vil seie å skilje ut tomt, må du søkje kommunen om oppretting av ny grunneigedom etter plan- og bygningslova. Kommunen vil måle opp eigedommen din og kartleggje og beskrive grenser og rettar til eigedommen (oppmålingsforretning).

Resultatet dannar grunnlag for registrering i matrikkelen, der den nye grunneigedommen blir tildelt eit eige gards- og bruksnummer. Matrikkelen er det offentlege registeret over fast eigedom, med bygningar, bustader og adresser.

Målgruppe

Registrert eigar av grunneigedom eller anleggseigedom i matrikkelen.

Vilkår

  • Nabovarsling må vere utført  
  • Delinga må tilfredsstille dei aktuelle krava i plan- og bygningslova, f.eks. krav til veg, vatn og avløp
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med kommuneplanens reguleringsplan for området

Lover

Plan- og bygningslova § 20-1 m (Tiltak som omfattes av byggesaksbestemmelsene)

Plan- og bygningslova § 21-7 (Tidsfrister med særskilte virkninger)

Matrikkellova kap. 3 (Vilkår for matrikulering og andre føringer som gjelder matrikkelenheter)

Matrikkellova kap. 7 (Oppmålingsforretning)

Matrikkellova § 46 (Klage)

Matrikkelforskrifta kap. 5 (Gebyr og betaling)

Matrikkelforskrifta kap. 6 (Tidsfrister og klage)

Rettleiing

Ta kontakt med kommunen, som vil hjelpe deg med å søkje om å opprette ny grunneigedom.

Du må varsle naboar og tverrbuar om den planlagde oppdelinga. Ein kan gi nabovarsel på tre måtar; enten ved e-post, personleg oppmøte eller ved rekommandert sending.

Når søknaden er godkjend, sender du rekvisisjon av oppmålingsforretning til kommunen. Rekvisisjonen skal vere skriftleg på skjema fastsett av Kartverket.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din innan tre veker etter at dei har fått søknaden. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden før dei tre vekene har gått og ingen nabo eller tverrbu har protestert, kan du rekne løyve som gitt.

Dersom søknaden inneheld ein dispensasjon frå reglar gitt i eller med heimel i plan- og bygningslova, skal kommunen behandle søknaden din innan 12 veker.

Når søknaden er godkjend og du har rekvirert oppmålingsforretning, vil kommunen gjere ei oppmåling og registrere den nye grunneigedommen i matrikkelen. Dette skal skje innan 16 veker, dersom det ikkje er avtalt noko anna med deg.

Kommunen varslar om når oppmålingsforretninga skal gå føre seg. Varselet blir sendt til deg som eigar av eigedommen, til naboar og ev. andre partar som det vedkjem.

Når eigedommen er matrikkelført, får du stadfesting på dette.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Anna informasjon

Skjema som skal nyttast er:

Søknad om tillatelse til tiltak
Opplysning om tiltakets ytre rammer og bygningsspesifikasjon
Rekvisisjon av oppmålsforretning
Nabovarsel og
Gjenpart av nabovarsel

Desse finn du på kommunen sin blankettsentral nedanfor:

Kontakt oss