Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Oppmålingsforretning

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 28.03.2017

Oppmålingsforretning vil seie å kartleggje og beskrive grenser og rettar til fast eigedom. Dette dannar grunnlag for registrering i matrikkelen, som er det offentlege registeret over fast eigedom, med bygningar, bustader og adresser. Før ei ny eining blir registrert, må det som hovudregel gjerast ei oppmålingsforretning.  

Kommunen har ansvaret for å gjennomføre oppmålingsforretning innan 16 veker etter at rekvisisjon er tatt imot. 

Oppmålingsforretning må gjerast dersom du skal:

  • opprette ny matrikkeleining ved frådeling av grunneigedom, anleggseigedom, festegrunn eller jordsameige
  • registrere umatrikulert grunneigedom, jordsameige eller festegrunn
  • overføre areal frå ei matrikkeleining til ei anna ved samanslåing eller grensejustering
  • feste del av ei matrikkeleining for meir enn 10 år
  • endre registrert sameigefordeling
  • opprette eksklusiv bruksrett til uteareal eller eigarseksjon utan bygningar (f.eks. hageareal eller parkeringsplass)
  • måle og merke eksisterande grense på nytt

Målgruppe

  • Registrert eigar av grunneigedom i matrikkelen
  • Eigar eller festar av grunneigedom etter rettskraftig avgjerd ved domstolane
  • Eigar av grunn eller anlegg etter ekspropriasjon
  • Eigar av innløyst festegrunn etter lov om tomtefeste

Lover

Matrikkellova kap. 7 (Oppmålingsforretning)

Matrikkelforskrifta kap. 5 (Gebyr og betaling)

Matrikkellova § 46 (Klage)

Matrikkelforskrifta kap. 6 (Tidsfristar og klage)

Plan- og bygningslova § 20-1 (Tiltak som krev søknad og løyve)

Rettleiing

Rekvisisjon av oppmålingsforretning skal gjerast skriftleg på skjema fastsett av Kartverket.

Skal du opprette ein eigedom (matrikkeleining) som er søknadspliktig etter plan- og bygningslova, må du rekvirere oppmålingsforretning og sende ut nabovarsling i forkant av søknaden.

Sakshandsaming

Når kommunen har tatt imot rekvisisjon, skal oppmålingsforretninga gjennomførast og eigedommen registrerast i matrikkelen innan 16 veker, dersom det ikkje er avtalt noko anna med deg.

Kommunen varslar om oppmålingsforretning til rekvirenten, registrert eigar og ev. registrert festar av eigedommen som forretninga gjeld. I tillegg skal eigar/festar av naboeigedommar og eigedommar på motsett side av veg varslast dersom grensa får noko å seie for disse eigedommane.

Når eigedommen er matrikkelført, får du stadfesting på dette.

Klage

Klagefristen er tre veker frå det tidspunktet du har tatt imot matrikkelbrevet eller informasjon om føringa i matrikkelen. Både eigarar og festarar som avgjerda har følgjer for, kan klage på oppmålingsforretninga. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Du sender klagen til kommunen, som vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar eller gjennomføre ny oppmåling. Dersom det ikkje blir gjort endringar, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss