Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Radon – måling og tiltak

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 18.08.2017

Radon er ein usynleg og luktfri edelgass som blir danna ved nedbryting av grunnstoffet radium. Høge konsentrasjonar av radon innandørs kan vere ei medverkande årsak til auka risiko for lungekreft. Risikoauken er avhengig av kor lang tid ein blir utsett for gassen og av kor høgt radonnivået er.

På skolar, i barnehagar og utleigebustader som blir omfatta av forskrift om strålevern og bruk av stråling, blir det stilt krav til radonnivåa. For andre bygningar tilrår Helsedirektoratet så låge radonnivå som praktisk mogeleg, og innanfor grenseverdiane.

Radongass kan komme inn i bygningar gjennom sprekkar i kjellargolv, grunnmur, rundt rørgjennomføringar og sluk osb.

Målgruppe

  • Huseigarar
  • Husbyggjarar

Vilkår

 

Rettleiing

Måling i bustader:
Radon skal målast i vinterhalvåret, mellom midten av oktober og midten av april, og målinga skal finne stad over eit tidsrom på minst to månader. Det skal målast i minst to opphaldsrom i bustaden, for eksempel daglegstove og soverom. Har bustaden fleire etasjar, måler du i minst eitt opphaldsrom i kvar etasje. Husvære i bustadblokker som ligg frå og med tredje etasje over bakkenivå, treng vanlegvis ikkje å målast.

Ta kontakt med eit firma som sel radonmålingar. Sjølve utplasseringa av måleutstyret kan du gjere sjølv, følg rettleiinga som skal følgje med utstyret. Du kan måle radon enten med sporfilmar eller med eit elektronisk radonmåleapparat, framgangsmåten er den same.

Målingane skal følgje Helsedirektoratets måleprosedyre for radon i bustader, og firmaet du kjøper målinga av bør svare "ja" på følgjande kontrollspørsmål:

  • Tilbyr de radonmålingar som følgjer Helsedirektoratets måleprosedyre for radon i bustader?
  • Tilbyr de langtidsmålingar over minst to månader?
  • Følgjer det med rettleiing for korleis måleutstyret skal plasserast i huset?
  • Sel de radonmålarar eller måletenester som er kalibrerte?
  • Brukar de eit akkreditert målelaboratorium, eller kan de dokumentere at måleutstyret deltar med godkjende resultat i internasjonale samanlikningsmålingar?
  • Vil eg få tilsendt ein målerapport etter avslutta måling?

Tiltak for nybygg:
Radonmembran kan leggjast under bygget. Konferer med leverandør før du startar på grunnmuren.

Tiltak for eksisterande bygg:
Radonmembran kan også brukast innandørs for å tette mot grunn. Dette kan vere vanskeleg, ettersom det ikkje er lett å komme til under deleveggar og andre konstruksjonar. Det må påreknast lekkasjar.

Det kan ventilerast i bustaden med ulike typar ventilasjon. Det kan også ventilerast i grunnen under huset med radonbrønn som fjernar gassen før han kjem opp i bygget.

Kontakt oss