Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Rustiltak

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 24.06.2017

Ønskjer du hjelp på grunn av misbruk av alkohol eller andre rusmiddel, kan du kontakte kommunen. Også familie og pårørande kan be kommunen om hjelp.

Kommunen kan m.a. tilby deg: 

  • råd og rettleiing
  • behandlings- og rehabiliteringstenester
  • plass i institusjon (kommunal eller privat)
  • hjelp til og opplæring i praktiske gjeremål
  • økonomisk stønad og arbeidsretta tiltak
  • midlertidig bustad
  • hjelp til å skaffe deg permanent bustad

Kommunen eller fastlegen kan tilvise deg til:

  • poliklinisk rusbehandling
  • rusbehandling i statleg eller privat institusjon
  • legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

Kommunen har ansvar for å følgje deg opp både før, under og etter behandlinga.

Kommunen kan også støtte og rettleie familie og pårørande til personar med rusproblem.

Målgruppe

Rusmiddelmisbrukarar og deira familiar og pårørande.

Vilkår

Du må sjølv ønskje eit behandlingsopplegg med tanke på å bli rusfri. Er du ikkje motivert for eit behandlingsopplegg akkurat no, skal kommunen tilby deg andre støttetiltak.

Lover

Helse- og omsorgstenestelova kap. 3 (Kommunene sitt ansvar for helse- og omsorgstenester)

Helse- og omsorgstenestelova kap. 10 (Tvangstiltak overfor rusmiddelavhengige)

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Rettleiing

Ta kontakt med kommunen eller fastlegen din dersom du ønskjer eit behandlingsopplegg. Dei vil i samarbeid med deg finne fram til mogelege tiltak.

Dersom du ønskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan kommunen eller fastlegen din hjelpe deg med å søkje.

Sakshandsaming

Dersom du har søkt plass i behandlingsinstitusjon, skal søknaden behandlast så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når du kan vente eit svar.

Du vil få eit skriftleg svar på søknaden. Eit eventuelt avslag må vere grunngitt.

Klage

Du kan klage på avgjerda etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen direkte til behandlingsstaden. Dersom klagen blir avvist, eller behandlingsstaden meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Fylkesmannen.

Kontakt oss