Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Skolefritidsordning (SFO)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 18.08.2017

Treng barnet ditt ein stad å vere før og etter skoletid, kan du melde det på SFO, som er fritidsordninga til skolen. På SFO får barnet ein trygg opphaldsplass med omsorgsfulle vaksne rundt seg. Her kan barnet leike både ute og inne, og ta del i kultur- og fritidsaktivitetar tilpassa sitt behov.

SFO er eit frivillig tilbod til barn i 1. til 4. trinn og for barn med spesielle behov i 1. til 7. trinn.

Mange skolar tilbyr også SFO i skoleferiar og på planleggingsdagar.

Opningstida varierer frå skole til skole. Nokre skolar tilbyr både heiltids- og deltidsplass.

Målgruppe

  • Elevar i grunnskolens 1. til 4. trinn
  • Elevar med spesielle behov i grunnskolens 1. til 7. trinn

Vilkår

Barnet må vere elev ved skolen.

Kommunen pliktar å tilby skolefritidsordning, men kan ha eigne opptakskriterium.

Lover

Opplæringslova § 13-7 (Skolefritidsordninga)

Rettleiing

Kommunen kan hjelpe deg med å melde barnet ditt på SFO.

Sakshandsaming

Påmeldinga di skal behandlast så snart som mogeleg. Dersom svar på påmeldinga ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når du kan vente eit svar.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Er du misnøgd med SFO-tilbodet, kan du ta dette opp med den som er ansvarleg for SFO. Blir ikkje synspunkta dine høyrde, kan du klage skriftleg til kommunen.

Anna informasjon

Søknaden om plass i SFO skal sendast via søknadsskjema nedanfor innan 15.4 kvart år 

                                       Det er 3 mnd oppseiing av plassen.

Linken nedanfor kan nyttast når du søkjer, skal søkja om endra opphaldstid og ved oppsigelse.

Vedtekter og betalingssatar for SFO 2015  finn du her

Kontakt oss