Hopp til innhold Hopp til søk

Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Oppretta: 01.01.2011 – Sist oppdatert 14.11.2018

Har du nedsett funksjonsevne og ønskjer å ta del i fysisk aktivitet, kan du søkje NAV om hjelpemiddel til dette. Du treng ikkje å vere medlem i ei idrettsforeining, drive organisert sport eller vere svært aktiv for å få eit aktivitetshjelpemiddel.

Du kan få hjelpemiddel til å drive aktivitet åleine eller saman med andre, og du kan få hjelpemiddel som er spesielt utvikla for å aktivisere rørsleapparatet dersom du ikkje kan gjere bruk av ordinære aktivitetshjelpemiddel.

Du får ikkje hjelpemiddel til hobbyaktivitetar, vanleg sportsutstyr eller konkurranseutstyr.

Aktivitetshjelpemiddel omfattar også ortopediske hjelpemiddel som for eksempel sportsproteser, spesialproteser og ortopedisk fottøy. Leverandørar av ortopediske hjelpemiddel som har rammeavtale med NAV, tilpassar og utleverer slike aktivitetshjelpemiddel. Du søkjer på same måte som for andre ortopediske hjelpemiddel.

Ordninga er rammefinansiert. Dette inneber at det ikkje kan delast ut fleire hjelpemiddel når den årlege løyvinga (ramma) er brukt opp.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Støtteperson/støttekontakt

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 14.11.2018

Treng du nokon som kan delta på fritidsaktivitetar saman med deg, eller har du behov for å komme ut av eit isolert tilvære, kan du søkje om støtteperson.

Ein støtteperson kan besøkje deg heime, gå tur, bli med deg på biblioteket, på kafé, kino eller liknande. Ordninga er fleksibel, og det er dine ønskje, behov og føresetnader som avgjer kvar du og støttepersonen møtest og kva de gjer saman.

Tenesta kan organiserast på tre måtar:

  • individuell støtteperson 
  • deltaking i ei aktivitetsgruppe 
  • individuelt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon

Målgruppe

Barn, ungdom, vaksne og familiar som har behov for støtteperson på grunn av: 

  • funksjonshemming
  • alder
  • sosiale utfordringar

Vilkår

Det er dine og ev. behova til familien som er avgjerande ved tildeling av støtteperson. Kommunen vil i samarbeid med deg bestemme om du skal få støtteperson eller ev. andre tenester.

Lover

Helse- og omsorgstenestelova kap. 3 (Kommunene sitt ansvar for helse- og omsorgstenester)

Helse- og omsorgstenestelova. kap. 7 (Individuell plan, koordinator og koordinerande enhet)

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Rettleiing

Kommunen kan hjelpe deg med å søkje om støtteperson, eller du kan be andre hjelpe deg viss du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkommande ha fullmakt.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen.

Kontakt oss