Hopp til innhold Hopp til søk

Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Oppretta: 01.01.2011 – Sist oppdatert 16.11.2018

Har du nedsett funksjonsevne og ønskjer å ta del i fysisk aktivitet, kan du søkje NAV om hjelpemiddel til dette. Du treng ikkje å vere medlem i ei idrettsforeining, drive organisert sport eller vere svært aktiv for å få eit aktivitetshjelpemiddel.

Du kan få hjelpemiddel til å drive aktivitet åleine eller saman med andre, og du kan få hjelpemiddel som er spesielt utvikla for å aktivisere rørsleapparatet dersom du ikkje kan gjere bruk av ordinære aktivitetshjelpemiddel.

Du får ikkje hjelpemiddel til hobbyaktivitetar, vanleg sportsutstyr eller konkurranseutstyr.

Aktivitetshjelpemiddel omfattar også ortopediske hjelpemiddel som for eksempel sportsproteser, spesialproteser og ortopedisk fottøy. Leverandørar av ortopediske hjelpemiddel som har rammeavtale med NAV, tilpassar og utleverer slike aktivitetshjelpemiddel. Du søkjer på same måte som for andre ortopediske hjelpemiddel.

Ordninga er rammefinansiert. Dette inneber at det ikkje kan delast ut fleire hjelpemiddel når den årlege løyvinga (ramma) er brukt opp.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Tidlegare skolestart (framskoten)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 16.11.2018

Meiner du at barnet ditt bør begynne på skolen allereie det året det fyller fem, kan du søkje skolen om dette. Skolen sender søknaden vidare til pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), som vil vurdere kor langt barnet har komme i utviklinga si. Dersom PPT konkluderer med at barnet er klar for skolen, vedtar rektor tidlegare skolestart.

Om barnet går i barnehage, bør du rådføre deg med barnehagen før du søkjer. Barnehagen vil saman med deg vurdere utviklingsnivået til barnet og hjelpe deg å skrive søknaden. Barnehagen kan òg ta direkte kontakt med PPT.

Målgruppe

Førskolebarn som er tidleg utvikla intellektuelt, motorisk og sosialt.

Vilkår

Barnet må fylle fem år innan 1. april i året du søkjer skolestart for.

Det er rektor ved skolen som bestemmer om barnet skal få starte tidlegare. Før rektor bestemmer dette, må PPT ha vurdert barnet til å vere på minst same utviklingsnivå som gjennomsnittet av barn som er fødde året før.

Lover

Opplæringslova § 2-1 (Rett og plikt til grunnskoleopplæring)

Rettleiing

Du kan søkje åleine eller saman med barnehagen. Skriv kvifor du meiner barnet bør starte på skolen eitt år tidlegare, og legg ved aktuell dokumentasjon. Send søknaden til den skolen barnet skal begynne på. Skolen sender søknaden vidare til PPT, som vil ta kontakt med deg for ein samtale og for observasjon og testing av barnet. Går barnet i barnehage, vil denne òg bli involvert.

Søknadsfrist

Opplæringslova set ingen tidsfrist for å søkje om tidlegare skolestart, men kommunen kan ha sett ein frist for å sikre nok tid til vurdering og saksbehandling.

Sakshandsaming

Skolen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når skolen ventar å kunne svare deg.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda skolen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til skolen. Du må grunngi klagen din. Skolen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til rektor på skolen, som vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender skolen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss