Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Utsleppsløyve for hus, hytter og mindre verksemder

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 24.06.2017

Eig du bustadhus, hytte, turistverksemd eller liknande som ikkje er tilknytt (eller kan knytast til) offentleg avløpsanlegg, må du søkje kommunen om løyve til å sleppe ut avløpsvatn.

Viss eigedommen berre slepper ut gråvatn, gjeld søknadsplikta berre dersom du har innlagt vatn.

Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom.

Med gråvatn meiner ein avløp frå kjøkken, bad og vaskerom (klosettavløp ikkje inkludert).

Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning.

Som eigar av avløpsanlegget er du ansvarleg for drift og vedlikehald.

Målgruppe

Eigarar av bustadar, hytter, turistverksemder eller liknande i kommunen som ikkje kan knytast til offentleg avløpsanlegg.

Vilkår

Utsleppet er mindre enn 50 pe (personekvivalentar).

Standardvilkåra går fram av forureiningsforskrifta kap. 12. Kommunen kan også ha fastsett eigne vilkår.

Lover

Forureiningslova § 22 (Krav til utføring av avløpsanlegg)

Forureningsforskrifta kap. 12 (Krav til utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande)

Rettleiing

Kommunen kan gi deg rettleiing om vilkår, ev. behov for forundersøkingar og korleis du søkjer om utsleppsløyve.

Du må varsle partar det vedgår om innhaldet i søknaden og sende kopi av varselet til kommunen. Partane må gi ev. fråsegner til deg innan fire veker etter at du sende varselet.

Deretter sender du søknaden til kommunen. I søknaden må du ha med:

  • om utsleppet skal etablerast og drivast i samsvar med krava i forureiningsforskrifta kap. 12, eller om det blir søkt om fritak frå krava 
  • dokumentasjon på korleis utslepp skal etablerast og drivast 
  • kart med plassering av avløpsanlegg og utsleppsstad
  • beskriving av utsleppsstaden
  • storleiken på utsleppet i pe (personekvivalentar)
  • interesser som etableringa kan vedkomme (drikkevassforsyning, rekreasjon eller næringsverksemd)
  • oversikt over kven som er varsla og ev. fråsegner frå partar det vedgår
  • samtykke frå kommunens planstyresmakt dersom utsleppet er i strid med endelege planar etter plan- og bygningslova

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din innan seks veker etter at dei har fått søknad med alle nødvendige vedlegg. Dersom kommunen ikkje har avgjort saka når fristen går ut, kan du rekne løyve som gitt så framt det ikkje er grunn til å tru at nokon part vil vere misnøgd med dette. Dersom søknaden har krav som avvik frå forskrifta, skal kommunen avgjere saka di utan ugrunna opphald.

Under saksbehandlinga kan kommunen fastsetje krav som avvik frå forskrifta i kap. 12 eller nekte etableringa av utslepp. Før kommunen fastset andre krav, skal dei vurdere søknaden opp mot eventuell fare for forureining.

Du vil få eit skriftleg svar på søknaden frå kommunen. Får du avslag på søknaden, må kommunen grunngi avslaget.

Får du løyve, kan kommunen kontrollere at anlegget blir bygd og drive i samsvar med vilkåra som gjeld for løyvet.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss