Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Vald (jaktområde) – godkjenning

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 13.12.2017

Skal du jakte hjortevilt må du ha eit offentleg fellingsløyve. For å få tildelt eit fellingsløyve må jaktrettshavar, som i dei fleste tilfelle er grunneigar, søkje godkjenning av området der jakta skal gå føre seg. Dette området blir kalla eit vald.

For å få godkjent eit vald blir det stilt krav til avgrensing, form og teljande areal for området. Teljande areal utgjer den delen av området som er eigna for jakt. Kommunen fastset eit minsteareal for elg, hjort og rådyr, mens villreinnemnda fastset minsteareal for villrein.

Har du ikkje stort nok område til å få løyve til å felle eit dyr, kan du samarbeide med andre grunneigarar om ein søknad til kommunen eller villreinnemnda for å oppnå ønskt størrelse på valdet.

Når valdet er godkjent, tildeler kommunen eller villreinnemnda fellingsløyve. Eit fellingsløyve gjeld innanfor grensene til valdet.

Målgruppe

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Vilkår

For at eit område skal bli godkjent som vald, må det vere:

  • samanhengande og eigna for jakt på hjortevilt
  • større enn eller likt tillate minsteareal

Jaktrettshavarane må nemne opp ein person som representerer valdet overfor kommunen eller villreinnemnda.

Lover

Viltlova

Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 9 (Krav til vald for jakt på elg, hjort og rådyr)

Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 10 (Søknad om godkjenning av vald)

Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 11 (Godkjenning og endring av vald)

Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 25 (Søknad om godkjenning av vald (villrein))

Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 26 (Godkjenning og endring av vald (villrein))

Rettleiing

Du sender søknad til kommunen for elg, hjort og rådyr. For villrein sender du søknad til villreinnemnda.

Søknaden skal innehalde følgjande opplysningar:

  • Kva for type dyr søknaden gjeld for.
  • Kart som tydeleg viser grensene for valdet.
  • Oversikt over dei eigedommane (gards- og bruksnummer) valdet omfattar og størrelsen til den enkelte eigedommen innanfor grensene til valdet.
  • Oversikt over teljande areal du søkjer godkjenning for.
  • Underskrift frå den eller dei som lovleg representerer kvar enkelt eigedom.
  • Namn, postadresse, telefonnummer, e-postadresse og underskrift frå valdansvarleg.

Søknad om godkjenning av vald som dekkjer fleire kommunar, sender du til den kommunen der den største delen av det teljande arealet ligg.

Ved endringar av grensene til valdet, eigedomsforhold eller teljande areal i løpet av siste jaktår, må du melde frå til kommunen eller villreinnemnda for ny godkjenning.

Ønskjer du å trekkje eigedommen din ut av valdet, må du melde dette skriftleg til valdansvarleg representant med kopi til kommunen eller villreinnemnda. Utmeldinga krev underskrift frå deg og ev. andre som lovleg representerer eigedommen.

Søknadsfrist

Søknad om godkjenning eller endring av vald for jakt på:

  • elg, hjort og rådyr: 1. mai
  • villrein: 1. april

Melding om å trekkje ein eigedom ut av valdet:

  • 1. april (til kommunen og valdansvarleg representant)
  • 1. mars (til villreinnemnda og valdansvarleg representant)

Sakshandsaming

Søknad om godkjenning av nye vald eller endringar i eksisterande vald skal behandlast av:

  • kommunen innan 15. juni
  • villreinnemnda innan 1. mai

Godkjenninga gjeld til grensene til valdet eller det teljande arealet blir endra.

Godkjenninga kan til ei kvar tid trekkjast tilbake for heile eller delar av valdet. Kommunen eller villreinnemnda kan krevje ny søknad dersom løyveforhold som har innverknad på godkjenninga av valdet, er uklare. Dei kan også krevje at du stadfestar eller dokumenterer opplysningane i søknaden på nytt.

Klage

Dersom du ikkje får godkjent valdet, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot avgjerda. Send klagen først til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, blir klagen send vidare til: 

  • Fylkesmannen (for avgjerder tatt av kommunen)
  • Miljødirektoratet (for avgjerder tatt av villreinnemnda)

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss