Hopp til innhold Hopp til søk

Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år

Oppretta: 01.01.2011 – Sist oppdatert 16.11.2018

Har du nedsett funksjonsevne og ønskjer å ta del i fysisk aktivitet, kan du søkje NAV om hjelpemiddel til dette. Du treng ikkje å vere medlem i ei idrettsforeining, drive organisert sport eller vere svært aktiv for å få eit aktivitetshjelpemiddel.

Du kan få hjelpemiddel til å drive aktivitet åleine eller saman med andre, og du kan få hjelpemiddel som er spesielt utvikla for å aktivisere rørsleapparatet dersom du ikkje kan gjere bruk av ordinære aktivitetshjelpemiddel.

Du får ikkje hjelpemiddel til hobbyaktivitetar, vanleg sportsutstyr eller konkurranseutstyr.

Aktivitetshjelpemiddel omfattar også ortopediske hjelpemiddel som for eksempel sportsproteser, spesialproteser og ortopedisk fottøy. Leverandørar av ortopediske hjelpemiddel som har rammeavtale med NAV, tilpassar og utleverer slike aktivitetshjelpemiddel. Du søkjer på same måte som for andre ortopediske hjelpemiddel.

Ordninga er rammefinansiert. Dette inneber at det ikkje kan delast ut fleire hjelpemiddel når den årlege løyvinga (ramma) er brukt opp.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Vassforsyning og drikkevatn

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 16.11.2018

Kommunen har ansvar for å levere vatn med tilfredsstillande kvalitet til innbyggjarar og næringsliv. Du skal ha tilgang på nok vatn til å dekkje eit normalt forbruk.

Vatnet skal ha god nok kvalitet til å kunne drikkast og skal vere:

  • klart
  • utan tydeleg lukt, smak eller farge
  • hygienisk trygt, dvs. utan fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan gi helseskade

Vatnet kan endre noko farge, lukt eller smak i periodar. Det er likevel trygt å drikke, med mindre kommunen melder om noko anna. Kommunen vil informere via internett og media (ev. også varsle på telefon til påverka innbyggjarar) ved følgjande hendingar:

  • stenging av vatnet på grunn av vedlikehald og lekkasjar
  • endring i vasstrykket
  • redusert vasskvalitet i unntakssituasjonar som flom, parasittspreiing e.l.

Er det behov for tiltak som f.eks. koking av drikkevatnet, vil kommunen informere om framgangsmåte og tidsrom.

Ved langvarig tørke og vassmangel kan kommunen innføre restriksjonar på vassforbruk, for eksempel på hagevatning.

Kommunens ansvar for kvaliteten på drikkevatnet gjeld det offentlege vassleidningsnettet.

Målgruppe

Eigarar, bebuarar og brukarar av bustader, hytter, institusjonar og næringsbygg i kommunen.

Vilkår

Eigedommen må vere tilknytt offentleg vassleidning.

Er ikkje eigedommen tilknytt offentleg vassleidning, må det vere etablert alternativ vassforsyning, f.eks. brønn eller inntak frå innsjø eller bekk.

Klage

Ettersom drikkevatn er eit næringsmiddel som kommunen leverer, kan du klage etter forbrukarkjøpslova dersom du er misnøgd med vasskvaliteten. Du sender klagen til vass- og avløpsetaten i kommunen. Dårleg vasskvalitet som skuldast private vassrøyr fram til offentleg vassleidning, er normalt ikkje kommunens ansvar.

Opplever du lågt vasstrykk eller anna som skuldast offentleg vassleidning, melder du frå til kommunen, som vil undersøkje og rette problemet.

Kontakt oss