Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Vatn og avløp - tilkopling

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 25.04.2017

Skal du kople eigedommen din til det kommunale leidningsnettet for vatn og/eller avløp, må du søkje kommunen om løyve etter plan- og bygningslova. Dette gjeld både for nybygg og for eksisterande bygg.

Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess (ansvarleg søkjar). Det kan for eksempel vere ein røyrleggjar eller entreprenør.

Dersom røyra frå din eigedom fram til offentleg leidningsnett må krysse andre sin eigedom, skal det liggje føre skriftleg løyve frå den aktuelle grunneigaren. Løyvet skal vere underskrive av både deg og den aktuelle grunneigaren og tinglysast hos Kartverket før du søkjer kommunen om tilkopling.

Kommunen er ansvarleg for drift og vedlikehald av dei kommunale vass- og avløpsrøyra og har plikt til å:

  • forsyne abonnentane (dei tilkopla eigedommane) med nok drikkevatn til å dekkje eit normalt forbruk
  • oppretthalde eit vasstrykk på minst 2 bar ved tilknytingspunktet til kommunal vassleidning
  • leie bort og reinse kloakk kontinuerleg
  • leggje til rette for at overvatn (regnvatn og drensvatn) blir leidd bort
  • varsle abonnentane ved driftsstans, vedlikehaldsarbeid eller unntakssituasjonar som gir nedsett vasskvalitet

Du er sjølv ansvarleg for private røyr og utstyr på utsida av husveggen som blir knytte til det offentlege leidningsnettet. Du pliktar å:

  • kjenne til plassering av utvendig/innvendig stoppekran og ev. reduksjonsventil, vassmålar og pumpeanlegg
  • vedlikehalde eigne vass- og avløpsinstallasjonar og utbetre skadar på private røyr så snart som mogeleg
  • aldri tømme kjemikaliar, olje, løysemiddel eller kaste gjenstandar som sanitetsbind, bomullspinnar og liknande i avløpet
  • med jamne mellomrom lese av og melde inn målarstand for ev. vassmålar

Målgruppe

Eigarar av bustadar, hytter, institusjonar og næringsbygg i kommunen.

Vilkår

For tilkopling til kommunalt vass- og avløpsanlegg gjeld standard abonnementsvilkår som kommunen har bestemt.

Kommunen kan når som helst, og utan førehandsvarsel, kontrollere private vass- og avløpsinstallasjonar. Kommunen kan gi pålegg om reparasjon, utbetring og eventuell omlegging dersom installasjonane ikkje samsvarer med abonnementsvilkåra.

Lover

Vass- og avløpsanleggslova

Plan- og bygningslova § 27-1 (Vassforsyning)

Plan- og bygningslova § 27-2 (Avløp)

Forureiningslova kap. 4 (Særlege reglar om avløpsanlegg mv.)

Byggteknisk forskrift kap. 15 del II (Innvendige vass- og avløpsinstallasjonar)

Byggteknisk forskrift kap. 15 del III (Utvendige vassforsynings- og avløpsanlegg)

Forureningsforskrifta kap. 16 (Kommunale vass- og avløpsgebyr)

Drikkevatnforskrifta

Rettleiing

Når du skal kople eigedommen til det kommunale vass- og avløpsnettet, må du inngå avtale med eit firma som kan stå som ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet sender søknaden på dine vegner og fungerer som bindeledd mellom deg som oppdragsgivar (tiltakshavar), kommunen og ev. andre ansvarlege som skal hjelpe til med å gjennomføre tilkoplinga.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din innan tre veker etter at dei har fått søknad med alle nødvendige vedlegg. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan dei tre vekene har gått og ingen nabo eller tverrbu har protestert, kan du rekne løyve som gitt.

Dersom søknaden inneheld ein dispensasjon frå reglar gitt i eller med heimel i plan- og bygningslova, vil saksbehandlingstida bli forlenga.

Du vil få eit skriftleg svar på søknaden frå kommunen. Får du avslag på søknaden, må kommunen grunngi avslaget.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen. Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Er du misnøgd med vasskvaliteten, kan du klage etter forbrukarkjøpslova. Du sender klagen til vass- og avløpsetaten i kommunen. Dårleg vasskvalitet som skuldast private vassrøyr fram til offentleg vassleidning, er normalt ikkje kommunens ansvar.

Opplever du lågt vasstrykk, tilbakeslag eller anna som skuldast det kommunale leidningsnettet, melder du frå til kommunen, som vil undersøkje og rette problemet.

Normalt kan du ikkje klage over abonnementsvilkåra eller -gebyret. Ved usemje om abonnementsvilkåra kan du reise sivilt søksmål for domstolane.

Kontakt oss