Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Verje – treng du verje?

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 16.08.2017

Klarer du ikkje å ta i vare dine eigne interesser, kan du få oppnemnt ei verje. Ei verje er ein person som er valt ut til å hjelpe deg med økonomi eller anna som du ikkje klarer å ha ansvar for sjølv. Verja kan vere eit familiemedlem eller ein annan person du kjenner frå før. Viss dette ikkje er mogeleg eller ønskjeleg, vil Fylkesmannen nemne opp ei verje for deg.

Verja vil opptre på dine vegner og ta i vare interessene dine, slik at du kan fungere på lik linje med andre. Bruk av verje skal tilpassast behovet ditt for hjelp og ikkje vere meir omfattande enn nødvendig.

Vanleg verjemål er frivillig. Dette inneber at:

  • du sjølv skal samtykke i at du får ei verje
  • du kan vere med på å bestemme kven som skal vere verja di
  • verja skal høyre på dine ønskje før noko blir bestemt

Treng du berre hjelp til praktiske og daglegdagse økonomiske gjeremål, kan behovet dekkast av alternative ordningar:

  • institusjonen der du bur kan forvalte pengane dine etter at opphaldsutgifter er dekka
  • ein av dine pårørande kan forvalte pengane dine med legalfullmakt

Barn under 18 år kan ikkje sjølve stå for rettslege handlingar eller bestemme over eigne midlar og har etter barnelova foreldra sine som verje. For foreldrelause barn og einslege mindreårige asylsøkjarar nemner Fylkesmannen opp verje. Fylkesmannen har også ei rolle når midlane til barn utgjer meir enn to gonger grunnbeløpet i folketrygda (G).

For personar utan evne til å samtykke eller som nektar å samtykke, gjeld eigne reglar.

Målgruppe

  • Personar over 18 år som er ute av stand til å ta i vare eigne interesser
  • Pårørande
  • Foreldrelause barn
  • Einslege mindreårige asylsøkjarar

Vilkår

Desse krava må vere oppfylte før du kan få oppnemnt ei verje:

  • Du har ei sinnsliding (inkludert demens), psykisk utviklingshemming, rusmisbruk, du er alvorleg speleavhengig eller har alvorleg svekka helse.
  • Du er varig ute av stand til å ta i vare dine eigne interesser.
  • Du har eit konkret behov for ei verje.
  • Du har (når det er mogeleg) gitt samtykke til oppnemninga.

Lover

Verjemålslova kap. 4 (Verjemål for vaksne)

Verjemålslova kap. 3 (Verjemål for mindreårige)

Verjemålslova kap. 5 (Oppnemning av verje osv.)

Forskrift til vergemålsloven

Rettleiing

Du kan sjølv melde frå om at du treng verje ved å sende inn eit krav om verjemål. Kravet kan også komme frå nokon som står deg nær, som ektefelle eller sambuar, foreldre, vaksne barn eller søsken. Kravet skal innehalde:

  • kvifor det er behov for verje
  • beskriving av tilstanden til den som treng verje
  • vurdering av omfanget av hjelpa
  • samtykke frå den som treng verje (på eige skjema)
  • ev. forslag til kven som kan vere verje

Det skal også ligge føre ei legeerklæring som skal sendast inn på eige skjema.

Institusjonar eller kommunens sosial-, helse- eller omsorgsteneste har plikt til å melde frå når en person treng verje.

Sakshandsaming

Når Fylkesmannen får kravet eller meldinga, sender dei eit førehandsvarsel til deg og den som ev. har tatt kontakt på dine vegner, om at saka er til behandling. Fylkesmannen vil også varsle ev. ektefelle eller sambuar og barn over 18 år.

Saksbehandlaren hos Fylkesmannen vil ta kontakt med deg for ein samtale. Saksbehandlaren kan be om opplysningar frå helsepersonell eller tilsette i sosialtenesta eller barnevernstenesta i kommunen.

Fylkesmannen tar så ei avgjerd basert på:

  • grunngiving i kravet eller meldinga
  • erklæring frå lege og ev. andre fagpersonar
  • fråsegn frå pårørande dersom du sjølv ikkje har sendt inn kravet
  • fråsegn frå institusjon eller kommunal teneste dersom dei har sendt inn melding
  • di samtykkeerklæring og samtalen med deg

Du vil få ei skriftleg avgjerd frå Fylkesmannen. Her vil det gå fram om du får verje, kven som blir verja di og kva verja skal hjelpe deg med. Avgjerda blir også sendt til ev. ektefelle eller sambuar og barn over 18 år.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda til Fylkesmannen, kan du klage. Klagen kan komme frå:

  • deg sjølv
  • verja di
  • den som sende inn kravet eller meldinga
  • ektefelle eller sambuar, foreldre, vaksne barn eller søsken

Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Send klagen til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan gjere om vedtaket, eller sende klagen vidare til Statens sivilrettsforvaltning.  Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss