Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Verksemder med meldeplikt (miljøretta helsevern)

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 23.05.2017

Verksemder der risikoen for negativ helsepåverknad er større enn normalt, pliktar å melde verksemda til kommunen. Meldeplikta gjer det lettare for kommunen å drive tilsyn med slike verksemder og dermed avgrense miljøfaktorar som kan gi nedsett helse.

Verksemda må tilfredsstille krav på ei rekkje område, mellom anna:

  • inneklima og luftkvalitet
  • lyd- og lysforhold
  • sanitære forhold, hygiene og reinhald
  • avfallshandtering
  • internkontroll (systematisk HMS-arbeid)

Krava vil variere avhengig av kva slags verksemd du skal drive.

Du må sende melding før oppstart eller ved vesentlege utvidingar eller endringar av verksemda. Avdekkjer meldinga avvik frå forskriftskrava, kan kommunen krevje at du rettar forholda.

Målgruppe

Du har meldeplikt dersom du skal drive:

  • asylmottak
  • hospits
  • campingplass
  • undervisningslokale eller forsamlingslokale
  • verksemd som slepp ut avløpsvatn
  • verksemd med kjøletårn eller luftskrubbarar
  • frisør- eller barberverksemd
  • hud-, hand- eller fotpleie
  • massasje (ikkje-medisinsk)
  • solarium
  • badeanlegg (også for lokale med berre boblebad eller badstove)
  • skadedyrtiltak ved bruk av middel i farekategori Acute Tox 1-3 og merka med «Dødeleg ved innanding» eller «Giftig ved innanding»

For nokre typar verksemder, t.d. skolar, barnehagar og tatoveringsverksemder, er det ikkje nok med melding. Desse må godkjennast av kommunen før oppstart.

Lover

Folkehelselova kap. 3 (Miljøretta helsevern)

Forskrift om miljøretta helsevern § 14 (Meldepliktige verksemder)

Forskr. hygienekrav for frisørverksemd m.m. § 5 (Krav til lokale og melding/godkjenning av desse)

Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badstove § 6 (Meldingsplikt og dokumentasjon)

Forskrift om skadedyrtiltak § 3-3 (Meldingsplikt)

Rettleiing

Du bør kontakte kommunen for å få informasjon om kva for krav som gjeld, kva for skjema du skal bruke og ev. kva for godkjenningar og fråsegner du må leggje ved.

Sakshandsaming

Så snart du har sendt melding til kommunen, kan du setje i gang verksemda eller dei planlagde endringane. Du vil få ei stadfesting frå kommunen om at meldinga er tatt imot. Dersom kommunen meiner at du ikkje tilfredsstiller krava, vil du få beskjed om kva du må rette.

Klage

Får du pålegg om å rette forhold og meiner at dette er feil, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot pålegget frå kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende pålegget. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss