Hopp til innhold Hopp til søk

Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar – offentleg ettersyn

Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar – offentleg ettersyn

Oppretta: 10.07.2008 – Sist oppdatert 25.03.2014

Framlegg til forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar er lagt ut til offentleg ettersyn med merknadsfrist 30. august.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Kulturarbeidarpris til Smedholmen Kyst- og Naturlivskule

Oppretta: 17.10.2007 – Sist oppdatert 25.03.2014

Hordaland fylkeskommune har tildelt Smedholmen Kyst- og Naturlivskule ved Terje Skorpen og Einar Matre ein kulturarbeidarpris på 10.000 kroner.

Tildelinga skjedde i fylkestinget i Bergen tysdag.  Grunngjevinga for å prisa kystkulturentusiastane i Fitjar er mellom anna at Matre og Skorpen har vore viktige i arbeidet med å ta vare på og restaurera ulike lokale båttypar. Samlinga på Smedholmen inneheld fleire sjeldne gamle båtar. Eit av dei største arbeida dei har gjort er å restaurera 60 fot seglsluppen "Seladon".

Prisutdelaren legg også vinn på at prisvinnarane let skuleelevar og andre bli aktive deltakarar på kursa dei held i gammalt handverk, og at eldre sjømenn og fiskarar frå lokalsamfunnet er viktige medspelarar i arbeidet.

Fitjar kommune gratulerer med prisen!

Kontakt oss