Hopp til innhold Hopp til søk

Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar – offentleg ettersyn

Forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar – offentleg ettersyn

Oppretta: 10.07.2008 – Sist oppdatert 25.03.2014

Framlegg til forskrift om utslepp av sanitært avløpsvatn frå mindre avløpsanlegg for kommunane Stord og Fitjar er lagt ut til offentleg ettersyn med merknadsfrist 30. august.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Spørjeskjema: til brukarar/eigarar av areal i Fitjarøyane

Spørjeskjema: til brukarar/eigarar av areal i Fitjarøyane

Oppretta: 14.08.2007 – Sist oppdatert 25.03.2014

N.B !!
Trekning av _nyttig_ gevinst blant dei som leverer utfylt spørjeskjema (m/namn og adresse) attende innan 11. april.

Det har tidlegare vore fast busetting på 40 av desse øyane, noko som viser igjen i eit spanande kulturlandskap med kystgardar, innmark og lyngbeite. Dette øyriket er rekna som nasjonalt verdifullt pga kystlyngheiane (vart i 1986 føreslått som nasjonalt verneområde). I dag er tilstanden varierande. Her er fast busetting på 4 av øyane. På 2 av dei har det vorte fastbuande dei siste åra. Nokre øyar er planta til, det er bygd hytter, nokre er i sterk attgroing, samstundes som skjøtsel av lynghei og beiting har hatt ein auke dei siste åra.  Det er ei målsetting og ha ein aktivitet som tek i vare dette verdifulle kulturlandskapet i øyane. Me treng hjelp frå Dykk som er brukarar og eigarar, for å vite kva tankar og ynskjer De har om moglege aktivitar/tiltak i Fitjarøyane?

Spørjeskjema
Voner du vil nytta litt tid på å svara på spørsmåla under (trykk på lenka til spørreundersøkinga)

Eller fyll ut eit spørjeskjema til SFLMK, Postboks 83, 5418 Fitjar. Spørjeskjemaet kan du og få ved å venda deg til Fitjar kommune.

Ta kontakt med underteikna om du har spørsmål!


SFLMK
Aase Nøttveit

asno@fitjar.kommune.no
Fitjar kommune: 534 58500

 

Gå til undersøkinga.

Kontakt oss