Hopp til innhold Hopp til søk

Tid for å søkje plass i kulturskulen

Oppretta: 25.03.2015 – Sist oppdatert 21.03.2016

Det er no tid for å søkje plass i kulturskulen. 

Fitjar kulturskule vil frå august 2016 tilby undervisning i:

  • Song (frå 3. trinn)
  • Drama/teater (frå 5. trinn)
  • El-bass (frå 3. trinn)
  • Piano (frå 1.trinn)
  • Gitar (frå 3. trinn)
  • Slagverk (frå 2. trinn)
  • Fiolin (frå 1- trinn)
  • Tverrfløyte (frå 2. trinn)
  • Dans (frå 4. år)  
  • Band(frå 5. trinn)
  • Messingblåseinstrument(aspirantopplæring, Fitjar skulekorps), frå 3. klasse.
  • Tilrettelagt undervisning(elevar med særskilde behov)
  • Visuelle kunstfag (frå 5. trinn)

Søk plass her

Opptak av nye elevar vert gjort i slutten av mai.

Undervisning går føre på ettermiddagstid, og det meste av undervisninga er lagt til Rimbareid barne - og  ungdomsskule.

Undervisning er lagt til ettermiddagstid. Song og instrumentalundervisning er ved Rimbareid barne- og ungdomsskule, visuelle kunstfag held til i Klokkargarden ved Rimbareid barne- og ungdomsskule og dans- og dramaundervising føregår i Fitjar kultur og idrettsbygg. Fitjar skulekorps held og til i Fitjar kultur og idrettsbygg.

ELEVAVGIFT: Elevavgifta er kr 2946,- pr. år. Avgifta vert betalt forskotsvis ein gong pr. semester(kr 1473). Elevar kan ha meir enn ein elevplass, men skal då betale avgift for kvart nytt fag etter same modell som for syskenmoderasjons- ordninga.

Fitjar kulturskule har slik  syskenmoderasjonsordning: 30% reduksjon for elevplass 2 eller fleire.

OPPSEIINGSFRISTAR:Elevar må binda seg for minst eit halvt år: Dersom eleven ynskjer å slutte i Fitjar kulturskule skal utmelding føregå via eige skjema. Link til dette skjemaet finn de på Fitjar kulturskule si heimeside. Elevar som sluttar ved nyttår må seia opp plassen innan 1. desember. Elevar som sluttar til sommarferien må seia opp plassen innan 15. mai. Om desse fristane ikkje vert overhaldne, må ein betale elevavgift for det etterfølgjande semesteret, uansett om plassen vert nytta eller ikkje.

RE-REGISTRERING: Nytt av året er at alle elevar i Fitjar kulturskule må re-registrere seg innan 01. mai for å behalde elevplassen eller plass på venteliste. Alle som er registrerte som elevar i Fitjar kulturskule eller står på venteliste vil motta informasjon om korleis dette skal føregå i god tid før fristen 01. mai.

LEIGE AV INSTRUMENT: Kulturskulen har tverrfløyter og fiolinar til leige. Leigeprisen er kr 300 ved fyrste års leige og kr 400 ved andre (eller fleire) års leige. Instrument til aspirantopplæringa vert lånt hjå Fitjar skulekorps(Det er ikkje mogleg å leiga gitar, ukulele, piano, keyboard eller slagverk).

Søknadsfrist er 1. mai 2016.

Utvida frist for aspirant/messingundervisning 1. juni 2016.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Danseprosjekt

Oppretta: 12.12.2007 – Sist oppdatert 25.03.2014

Kulturskulen inviterar med dette alle elevar på 5-7 trinn til å bli med på danseprosjekt, vinter 2008.

Me har vore så heldige å fått Anne Jorunn Salhus til å leia prosjektet. Anne Jorunn arbeidar til dagleg i Tysvær kulturskule, men er og aktiv som frilandser.

Ho kjem til å ta utgangspunkt i jazzdans sjangeren. De vil læra ein del øvelser og steg, og etter kvart setta dette samen til ein eller fleire danser. 

Undervisninga er lagt til kultursalen i kultur og idrettsbygget. Det vert intense øktar i veke 7, 9 og 10, med framsyning torsdag 6. mars 2008. Undervisninga vert onsdagar og torsdagar kl. 17.00 – 20.00 i desse vekene. 

Dansekurset er opent for alle grunnskule elevar på 5 – 7 trinn i kommunen og er eit samarbeid mellom Fitjar kulturskule og Den kulturelle skulesekken.  

Har de spørsmål ta kontakt med rektor i Fitjar kulturskule, Anne Lene Østvold Jordåen. Ho er å treffa på kontoret i Rådhuset måndagar og onsdagar kl. 08.00 – 13.00  tlf. 53458553,eller send ein e-post til anle@fitjar.kommune.no .Vil du melda deg på send da ein e-post til anle@fitjar.kommune.no, som inneheld opplysningar om elevens og føresettes namn, klassetrinn og adresse/ tlf.nr.

Dansekurset har plass til 20 deltagarar, så her gjeld det å vera snar og melda seg på!

Kontakt oss