Hopp til innhold Hopp til søk

Tid for å søkje plass i kulturskulen

Oppretta: 25.03.2015 – Sist oppdatert 21.03.2016

Det er no tid for å søkje plass i kulturskulen. 

Fitjar kulturskule vil frå august 2016 tilby undervisning i:

  • Song (frå 3. trinn)
  • Drama/teater (frå 5. trinn)
  • El-bass (frå 3. trinn)
  • Piano (frå 1.trinn)
  • Gitar (frå 3. trinn)
  • Slagverk (frå 2. trinn)
  • Fiolin (frå 1- trinn)
  • Tverrfløyte (frå 2. trinn)
  • Dans (frå 4. år)  
  • Band(frå 5. trinn)
  • Messingblåseinstrument(aspirantopplæring, Fitjar skulekorps), frå 3. klasse.
  • Tilrettelagt undervisning(elevar med særskilde behov)
  • Visuelle kunstfag (frå 5. trinn)

Søk plass her

Opptak av nye elevar vert gjort i slutten av mai.

Undervisning går føre på ettermiddagstid, og det meste av undervisninga er lagt til Rimbareid barne - og  ungdomsskule.

Undervisning er lagt til ettermiddagstid. Song og instrumentalundervisning er ved Rimbareid barne- og ungdomsskule, visuelle kunstfag held til i Klokkargarden ved Rimbareid barne- og ungdomsskule og dans- og dramaundervising føregår i Fitjar kultur og idrettsbygg. Fitjar skulekorps held og til i Fitjar kultur og idrettsbygg.

ELEVAVGIFT: Elevavgifta er kr 2946,- pr. år. Avgifta vert betalt forskotsvis ein gong pr. semester(kr 1473). Elevar kan ha meir enn ein elevplass, men skal då betale avgift for kvart nytt fag etter same modell som for syskenmoderasjons- ordninga.

Fitjar kulturskule har slik  syskenmoderasjonsordning: 30% reduksjon for elevplass 2 eller fleire.

OPPSEIINGSFRISTAR:Elevar må binda seg for minst eit halvt år: Dersom eleven ynskjer å slutte i Fitjar kulturskule skal utmelding føregå via eige skjema. Link til dette skjemaet finn de på Fitjar kulturskule si heimeside. Elevar som sluttar ved nyttår må seia opp plassen innan 1. desember. Elevar som sluttar til sommarferien må seia opp plassen innan 15. mai. Om desse fristane ikkje vert overhaldne, må ein betale elevavgift for det etterfølgjande semesteret, uansett om plassen vert nytta eller ikkje.

RE-REGISTRERING: Nytt av året er at alle elevar i Fitjar kulturskule må re-registrere seg innan 01. mai for å behalde elevplassen eller plass på venteliste. Alle som er registrerte som elevar i Fitjar kulturskule eller står på venteliste vil motta informasjon om korleis dette skal føregå i god tid før fristen 01. mai.

LEIGE AV INSTRUMENT: Kulturskulen har tverrfløyter og fiolinar til leige. Leigeprisen er kr 300 ved fyrste års leige og kr 400 ved andre (eller fleire) års leige. Instrument til aspirantopplæringa vert lånt hjå Fitjar skulekorps(Det er ikkje mogleg å leiga gitar, ukulele, piano, keyboard eller slagverk).

Søknadsfrist er 1. mai 2016.

Utvida frist for aspirant/messingundervisning 1. juni 2016.

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Parkourdag

Oppretta: 10.02.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Torsdag 23. februar skal song og instrumentalelevane på 6., 7., 9. og 10. trinn ha prosjekt med parkour. Elevane skal ikkje møta til "vanleg" undervisning denne veka, men ha dette prosjektet i staden for! Elevane skal møta i gymsalen til desse tidene: 6. trinn kl. 14.20 - 15.50, 7. trinn kl. 16.00 - 17.30 og 9. og 10. trinn møter kl. 19.00. Hugs joggesko og drikke!

Alle som spelar i skulekorpset skal også møta til vanleg korpsøving måndag!

Parkourer en bevegelsesidrett der man skal kunne komme seg fra A til B på den mest effektive måten. En traceur (en utøver av parkour) som møter på et gjerde, vil ikke lete etter en port, men lete etter den mest mulig effektive måten å overkomme hinderet foran ham på. Parkour er heller ikke en konkurranse, og skal derfor ikke defineres som en sport der konkurranse er essensielt. Det handler om å konkurrere med seg selv og ingen andre. Den grensen man har, skal man bryte for å kunne bli enda bedre i det man driver med.

 

Fordi parkour er oppteken med utviklinga av den enkelte både fysisk og mentalt, kan det bli praktisert av alle. Den grunnleggande opplæringa og metoden kan tilpassast alle aldrar og evner slik at alle kan finne eit høvande nivå av utfordring.

 

For meir info klikk her 

 

Det er  Gareth Whittaker  som skal instruera oss. Gareth er frå England men har budd på Stord sidan august 2011. Han har lang og brei erfaring i å driva slike kurs/opplering innan parkour.  Frå januar 2012 undervisar Gareth i parkour i kulturskulen på Stord.

Kontakt oss