Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Kommunestyre- og fylkestingsval 2019

Valdagen er fastsett til måndag 9. september 2019. 

Røystelokalet for heile kommunen er Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Protokoll frå Fitjar valstyre - Kommunestyrevalet 2019

Protokoll frå Fitjar valstyre - Fylkestingsvalet 2019

 

GODKJENDE LISTEFORSLAG TIL KOMMUNESTYREVALET 2019

Valstyret godkjende i møte 15.05.19 listeforslag frå følgjande parti:

Arbeidarpartiet
Framstegspartiet
Høgre
Kristeleg folkeparti
Senterpartiet

Listene kan du sjå her - Dei er lagde ut til offentleg ettersyn i kundetorget i rådhuset, og på Fitjar folkebibliotek.

 

Nyttig informasjon om valet 2019 er å finna på https://valg.no/nn-NO og på valglokaler.no 

 

FØREHANDSRØYSTING

Førehandsrøystinga tek til måndag 12. august, og vil gå føre seg på rådhuset. Opningstider er månd-fred kl. 09.00 - 15.00.

Utvida opningstider for førehandsrøysting: onsdag 28. aug, torsdag 29. august, onsdag 4. septemer og torsdag 5. september til kl. 19.00.
Laurdag 31. august kl. 11.00 - 15.00.

FØREHANDSRØYSTING PÅ INSTITUSJONANE

Det vert førehandsrøysting på Havnahuset og Fitjar bu- og behandlingssenter onsdag 4. september. Annonserast ved oppslag i fellesareal.

RØYSTA HEIME

Dersom du av ulike grunnar ikkje kjem deg til røystelokalet, kan du søkja om å røysta heime. Du må oppgje namn, tlf.nr. og kor du bur. Frist for å sende inn søknad er tysdag 3. september.
Ta kontakt med Bente Fitjar på rådhuset, enten
- ved å ringja 53 45 85 45
- sende epost: befi@fitjar.kommune.no
- skrive brev: Fitjar kommune, postboks 83, 5418 Fitjar
Du vert kontakta for å avtale tidspunkt der du får røysta heime.

 

UTLEGGINGSMANNTALET

For å kunna røysta, må du vera innført i manntalet. Utleggingsmanntalet vert lagt ut til ettersyn i midten av juli, i kundetorget på Fitjar rådhus og på Fitjar folkebibliotek. Dersom du meiner du er uriktig oppført, kan du krevje at valstyret i kommunen rettar feilen. Eit slikt krav må vere skriftleg og grunngjeve. 

Det er folkeregisteret som vert lagt til grunn for manntalet. Alle røysteføre personar skal manntalsførast i den kommunen dei var busett pr. 30. juni i valåret.

Krav om retting i manntalet sendast til Fitjar valstyre, Pb. 83, 5418 Fitjar, eller epost: fitjar@fitjar.kommune.no 

 

Denne sida vert fortløpande oppdatert med informasjon om valet.

 

Kontakt oss