Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Melding om oppstart av områdereguleringsplan for Fitjar sentrum

Oppretta: 28.10.2019 – Sist oppdatert 28.10.2019

I medhald av plan og bygningslova § 12-8 vert det gjeve melding om at Fitjar kommune set igong arbeid med områderegulering av Fitjar sentrum, omlag frå avkøyringa Hegranesvegen i vest til og med Fitjar kultur- og idrettsbygg i aust. 

Formannskapet vedtok i SAK 60/19 i møte 25.09.2019 å starta opp planarbeidet i tråd med vedtak i kommunestyret 19.12.2018 og plan- og bygningslova  § 12-8.  Planprogram vil verta sendt ut på høyring i oktober 2019,  i tråd med plan- og bygningslova § 4-1. 

Fitjar kommune vil vurdera å innføra mellombels forbod mot tiltak innanfor planområdet i tråd med pbl §13-1 fram til endeleg vedteken plan.

Merknader eller innspel til planprogrammet eller reguleringsplanen vert å sende Fitjar kommune, pb. 83, 5418 Fitjar eller til fitjar@fitjar.kommune.no

Frist for merknader for planprogrammet:    09.12.2019, 

Frist for merknader til reguleringsplanen:   20.01.2020

Planprogrammet er finn du her

Sak PS 60/19 finn du her.

Dokumenta er og tilgjengelig på Biblioteket og på kundetorget på rådhuset.

 

Kontakt oss