Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Lokal informasjon om Koronavirus - epidemi

Oppretta: 28.02.2020 – Sist oppdatert 28.02.2020

Dei første tilfellet av Koronaviruset er no stadfesta i Noreg. Helse Fonna, Stord sjukehus og kommunane i Sunnhordland førebur arbeidet med å gje informasjon til innbyggjarane og kunna gje god og rett hjelp til dei få som eventuelt vert alvorleg sjuke, dersom Covid 19 vert eit problem hjå oss.

 

Det er influensavirus som vil råka folk i Sunnhordland framover dei neste vekene og ikkje Korona. Vanleg influensautbrot er venta å vera på det høgste i mars dette året.

I Fitjar har ein vaksinert mange i risikogruppa. Helsepersonell har og teke vaksine.

 

Influensa gjev hovudverk, muskelsmerter, feber og andre luftvegssymptom. Folk som får dette treng ikkje tenkja på Korona, med mindre dei har vore i område med spreiing av viruset, eller i nærkontakt med kjende tilfelle. 

Folk som har vore på reise utan kontakt med sjuke, og som kjenner seg friske, kan leva som normalt. Dersom ein får feber og/eller luftvegssymptom som sår hals, hoste eller tungpust etter å ha vore på utanlandsreise i område med spreiing av virus dei siste 14 dagane, må ein reagera.

Kva gjer ein om mistanke om Korona smitte?

Folk som har vore på utlandsreise i område der Koronavirus er kjent og som får luftvegssymptom eller feber må kontakta lege eller legevakt (116117) på telefon først. Ved mistanke  skal ein halda seg i ro heime, skjerma andre for smitte. Det er då viktig at det vert opplyst om kvar ein har vore, og om eventuell kontakt med smitta. Slik kan helsetenesta finne smittekjelde og avgrensa utbreiinga av vidare smitte. Tiltak for den som får påvist Korona er heimekarantene. Det er lettare å handtera ein epidemi om ikkje mange blir sjuke på ein gong.

 

Andre tiltak som førebygger smitte er viktige framover. Me bør avgrensa nærkontakt med influensasjuke personar og dei som er sjuke bør avgrensa kontakten med andre. Bruk av papirhandduk ved hoste/nys og handvask ofte og skikkeleg, er viktig. Me må prøva å unngå å ta oss til munn, nase og augo med uvaska hender når me er mellom folk. Slik kan me gjerne klara å avgrensa influensatoppen.

 
Folkehelseinsituttet har laga denne plakaten for å syne korleis ein kan førebyggje sjukdom og hindre å smitte andre. Foto: FHI Føre var for Korona-smitte 

Nasjonale helsemynde er tett på utviklinga, og har kontakt med verdas helseorganisasjon om å samla kunnskap om viruset og utbreiinga. Viruset gjev eit mildt sjukdomsløp hos dei fleste, og det er særleg eldre og personar med annan sjukdom som har blitt alvorleg sjuke eller har døydd. Det same gjeld ved influensautbrot. Det vil likevel vere ei stor utfordring dersom mange blir sjuke samtidig.

Me må vere budd på at det kan bli kapasitetsutfordringar om ei tid, og det er naudsynt å skjerpa hygienerutinane med hyppig handvask og gode vanar for hosting. Kommunen vil legge ut ny informasjon etter kvart som situasjonen endrar seg. Kommunen legg planar for å oppretthalde naudsynte tenester.  

Les meir på:  https://www.fhi.no/sv/smittsomme-sykdommer/corona/

Kontakt oss