Fitjar kommune

 

 

 

MEDLEMAR

VARAMEDLEMAR

Anne Line Innvær, leiar

Kristoffer Vik

Annar Westerheim

Roger Nesbø

Svein Nøttveit

 

Rune Sandvik

 

Harald Westerheim

Geir Tore Søreide

 

Randi k Dalen

Møteinnkalling

Utval:

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

Møtestad:

Kommunestyresalen

Dato:

12.09.2007

Tidspunkt:

16:00

 

Forfall vert å melda på tlf 53 45 85 00 til Utvalssekretær  Kristin Meland, som syt for innkalling av vararepresentantar. Vararepresentantar møter berre etter spesiell innkalling.

 

Sak

Innhald

PS 079/07

Godkjenning av protokoll

PS 080/07

Saker handsama etter delegering

PS 081/07

Referatsaker

PS 082/07

Sentrumsplan – ny handsaming 12 september

PS 083/07

Klage på reguleringsplan Midtfjellet Vindpark

PS 084/07

Klage på sakshandsaming av reguleringsplan for Midtfjellet Vindpark (MV).

PS 085/07

Midtfjellet Vindpark - Oppstart av planarbeid

PS 086/07

Engevik & Tislevoll - delplan for gnr. 61/399 - Frode Fitjar H1, H2, HN1 og S 12

PS 087/07

Framlegg til delplan for områda HN7, N8 og S5.

PS 088/07

Terje Lamo for Alf Rune Riise:Søknad om dispensasjon frå - avstand mot eigedomsgrense. 61/53.

PS 089/07

Knut Bjordal for Anna Bjordal vedk. søknad om løyve til tiltak vedk brygge og planering av nedre del av tomt 83/2

PS 090/07

Anna Bjordal - Søknad om deling/Rekvisisjon av kartforretning nausttomt gnr. 83 bnr. 2 Engevik søndre

PS 091/07

Kobbevik og Furuholmen - Søknad om utviding av eksisterande oppdrettslokalitet ved Hargeberg - Uttale frå Fitjar kommune

PS 092/07

Forskrift for innsamling av hushaldsavfall

PS 093/07

Ymse

 

 

 

 

 

Anne-Line Innvær

 

leiar

 

 

Bente Haugland Oppedal

 

Utvalssekretær

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      03/00570-146

Sakshandsamar:           Kristin Meland

Dato:                19.03.2007

MØTEBOK

Godkjenning av protokoll  

 

Utval sak

Utval

Møtedato

079/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

 

Samandrag:

Godkjenning av protokoll frå sist møte.

Saksopplysningar:

 

Vurdering:

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker godkjenner protokoll frå møte 26.06.2007.

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Haldor Fosse

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      03/00570-166

Sakshandsamar:           Kristin Meland

Dato:                04.09.2007

MØTEBOK

Saker handsama etter delegering 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

080/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

 

Samandrag:

Følgjande saker er handsama etter delegering:

 

DS 079/07     Søknad frå Kristoffer Dalen om deling av næringsareal frå gnr. 61 bnr. 3 av Vestbøstad

DS 080/07     Svein Helland - Søknad om deling/Rekvisisjon av kartforretnin 2 parsellar (fritidshus og naust) gnr. 49 bnr.4 av Helland

DS 081/07     Erling Hatlevik vedk. melding om tiltak vedk. oppføring av solstove og utviding av terasse  65/241

DS 082/07     Akvator, søknad om endring av løyve kontorbygg Vik & Sandvik. 67/60.

DS 083/07     Akvator AS, søknad om igangsettingsløyve for kontorbygg 67/60.

DS 084/07     Engevik & Tislevoll AS: Ansvarsrett i samband med tiltak på 67/60.

DS 085/07     Søknad frå Bjarte Lundal om konsesjon til overtaking av bustadtomt - gnr. 52 bnr. 86 av Storevik

DS 086/07     Søknad frå  Baarholm Invest AS om konsesjon til overtaking av gnr. 65  bnr. 275 av Fitjar

DS 087/07     Engevik & Tislevoll - delplan for gnr. 61/399 - Frode Fitjar  Områda H1, H2, HN1 og S12

DS 088/07     Fiskaneset Tomteselskap AS Søknad om deling/Rekvisisjon av kartforretning av 8 parsellar frå regulert felt gnr. 53 bnr.

DS 089/07     Dalen Eigedomsutvikling AS vedk. delplan Kråko  - byggjeområda HN7, N8 og S6

DS 090/07     Søknad  frå Skogsborg AS om konsensjon til overtaking av gnr. 50 bnr 154av Hovstad (Sælevik) i Fitjar kommune

DS 091/07     Søknad frå Alf Helge Storevik om frådeling av bustadhus med tomt frå gnr. 52 bnr. 1 av  Storevik

DS 092/07     Søknad frå Berit Helgøy Kloster og Svein Erik Kloster om konsesjon til overtaking av gnr. 59 bnr. 1 og 13 av Vik i Fitja

DS 093/07     Garasje på 63/30 og 45, Gunnar Andersen. Løyve til igangsetting.

DS 094/07     Søknad om løyve til igangsetting, tiltak på gnr. 14 bnr. 15.

DS 095/07     Byggm. Arne Prestbø, søknad om lokal godjenning av føretak for ansvarsrett 14/15.

DS 096/07     Solhytten A/S, søknad om ansvarsrett i samband med tiltak på gnr. 14  bnr. 15 Teløy.

DS 097/07     Tømrarane Torvund og Tislevoll DA for Arne Lundal vedk. Søknad om tillatelse til tiltak      67/92  vedk. oppføring  av

DS 098/07     Tømrane Torvund og Tislevoll DA: Søknad om lokal godkjenning av føretak for ansvarsrett. 67/92.

DS 099/07     Søknad frå Tarjei Stautland om konsesjon til overtaking av gnr. 18 bnr. 14 av Ivarsøy

DS 100/07     Søknad frå Seksjonspartner AS om konsesjon til overtaking av gnr. 52 bnr. 26 og 90 av Storevik

DS 101/07     Manuell utbetaling av prod.tilskot 01.01.2007

DS 102/07     Manuell utbetaling av prod.tilskot, 20.01.2006

DS 103/07     Manuell utbetaling av produksjonstilskot,01.01.2007

DS 104/07     Søknad frå Fitjar kommune om konsesjon til overtaking av gnr. 65 bnr. 307 av Fitjar

DS 105/07     Manuell utbetaling av prod.tilskot, 2006

DS 106/07     Arnt Helland - Søknad om deling/rekvisisjon av kartforretning gnr. 49 bnr. 3 Helland - hyttetomt, jfr. godkjent reguleri

DS 107/07     Svein Helland - Søknad om deling/rekvisisjon av kartforetning hyttetomt og nausttom, jfr. godkjent reguleringsplan gnr.

DS 108/07     Geir Thordland - Søknadom deling/Rekvisisjon av kartforretning gnr. 61 bnr. 398 i Kråko - Grensejustering jfr. sak

DS 109/07     Fitjar Prestegard gnr. 65 bnr. 5 - Søknad om deling/rekvisisjon av kartforretning av ein mindre parsell i Fitjar sentrum

DS 110/07     Thea Nesbø gnr. 67 bnr. 18 av Havn - Søknad om deling/Rekvisisjon av kartforretning i høve grensejustering

 

Handsama etter sommarfullmakt (vedlagt);

 

Sak  DS 087/07  Delplan for gnr. 61/399 – Kråko i Fitjar for Frode Fitjar.

Sak DS 089/07  -  Delplan for Dalen Eigedomsutvikling AS i Kråko.

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker tek delegeringssakene til vitring

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

Haldor Fosse

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      03/00570-168

Sakshandsamar:           Kristin Meland

Dato:                05.09.2007

MØTEBOK

Referatsaker 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

081/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

 

Samandrag:

Følgjande vert rererert:

 

RS 010/07     Kopi av bev til Olje- og energidep. vedk. oversendelse av klager på NVEs vedtak

Saksopplysningar:

 

Vurdering:

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker tek referatsaka til vitring.

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Haldor Fosse

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      05/00032-102

Sakshandsamar:           Atle Tornes

Dato:                06.09.2007

MØTEBOK

Sentrumsplan – ny handsaming 12 september 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

082/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

 

Nye dokument i saka:

Skriv frå Hordaland fylkeskommune dagsett 7 august 2007.

E-mail frå Akvator dagsett 29 august, på vegne av Odd Larsen/Larsen Eigedom AS

Skriv frå Torvald M. Dahle dagsett 3 september 2007

Notat dagsett 15 august frå møte mellom kommunen og Fitjar Meieri.

Skriv dagsett 24 juni frå Laura Skumsnes Kvaløy.

Kart med endringar dagsett 5 september 2007.

Nytt utkast til føresegner dagsett 5 september 2007.

 

Tidlegare utsende dokument:

Sak PS 062/07 med vedlegg.

Sak PS 062/07 med vedlegg.

 

Bakgrunn:

Saka vart sist lagt fram for utvalet i møte 26 juni, men vart då utsett, grunna at ein ville venta på avklaring frå Riksantikvaren. Dessutan var det i drøftinga ein del moment, som har gjeve grunnlag for ytterlegare vurderingar og arbeid.

Dessutan er det eit par interessentar som på eige initiativ har gjeve innspel

I dei tidlegare utsende dokumenta er det dessutan eit par småfeil som må rettast opp, både i kart og føresegner.

Saka er no klar for endeleg vedtak.

 

Kommentar til innkomne skriv/referat.

Skrivet frå Hordaland fylkeskommune avklarer situasjonen for område B14 – B16.

Område id 109139 omfattar no berre deler av B14 og B15, med krav til utgraving før tiltak.

 

Kommunen sine merknader:

 

Kommunen vurderer merknaden som tilfredsstillande, og har gjort naudsynlege endringar i kart og føresegnene;  i føremål (eit føremål stroke), § 2.1(deler av tekst stroke), § 3.5 (omarbeidd) og § 11.4 (stroke).

 

Innkomen merknad frå Akvator på vegne av Odd Larsen-selskapa, omfattar i hovudsak det same som er sagt tidlegare:

 

  • Ynskjer i hovudsak at den gamle reguleringsplanen blir innarbeidd i den nye.
  • Ynskjer ny plan for molo.
  • Torg T01  nyttast både til torg, parkering og trafikkføremål  med uendra føremål i høve til den gamle reguleringsplanen.
  • Einvegs rundkjøring må gjelda for all ferdsel og ikkje berre for varetransport.
  • Det må vera høve til å byggja på austre del av eigedommen som i planen i dag.
  • Munnleg har dei og eit spørsmål kring bruken av Fe3.

 

 

Kommunen sine merknader:

 

Kommunen har i det utsende materialet til forrige møte ivareteke trafikale omsyn, og omsyn til ny molo. Når det gjeld molo er det likevel sannsynleg at denne må på ny høyring. Me har difor tilbakeført plasseringa til enden av det som no er utfylt, og laga ein merknad i føresegnene om at endeleg plassering gjerast som ledd i utbyggingsplan for HL2, jf §§ 9.5 og 9.6.

Bruk av Fe3 er feilprent, i det det er meint kundeparkering til både FK01 og FK02, som er retta i føresegnene.

Når det gjeld øvrige merknader er dei av ein slik karakter og omfang at dei vil endra heile grunnlaget for den føreliggjande planen. Eit tilbygg i aust i ein eller to etasjar vil stengja mykje for sikt til sjø, og parkering i to rekkjer på T01 vil redusera dette området vesentleg. Dersom ein skal ta større omsyn til desse synspunkta må planen ut på ny høyring.

 

Torvald M Dahle:

Han ynskjer ikkje offentleg parkering på sin eigedom.

Han ynskjer byggjegrense for Dalebua trekt 2 meter nærare Meieriet; det er 3 meter frå grensa i dag.

Ynskjer føremål BFK for Dalebua.

Viser til uttale frå arvingar (låg ikkje ved)

Stiller spørsmål om teikn i Prestbøvegen (avklart munnleg).

 

Kommunen sine merknader:

 

Bakgrunnen for at Dahle er komen med ny merknad, er av di kommunen retta spørsmål om ei mogleg skråparkering ved Meieriet, og inn på Dahle sitt område, jf og referat frå møte med meieriet.

Utgangspunktet var at desse parkeringsplassane skulle vera inntil veggen ved Dalebua, men ved ein feil vart desse lagt fullt ut på meieriet sitt område, og me må ha løyve frå grunneigar for å flytta dei inntil veggen no. Dei blir difor der dei var.

Føremål AF-BFK kan ivaretakast, det var AF-BF frå før, og skulle tilfredsstilla merknaden.

Endra byggegrense kan ikkje ivaretakast, då dette krev høyring.

 

Laura Skumsnes Kvaløy:

Ho meiner at  planen gir så store konsekvensar for hennar eigedom at ho vil krevja innløysing.

 

Kommunen sine merknader:

 

Me er tvilande til at konsekvensane er så store som ho forventar, men dette må i tilfelle  avgjerast ved seinare skjønn når konsekvensane er kjende.

 

Fitjar Meieri, jf referat:

Kommunen sine merknader:

 

I samsvar med notatet er område BFK05 trekt til 5 meter frå kaifront. Byggjeline er 3 meter bak dette, men med høve til å dispensera for å sjå begge område samla. Byggjegrense mot FV75 er blitt meir fleksibel, men parkering er ikkje løyst. Det er likevel opna for fleksibel plassering av dei offentlege plassane.

Me meiner dermed å ha imøtekomme Fitjar Meieri langt på veg. Det manglar likevel ein endeleg avtale, men rammeverket for ein slik avtale er tilfredsstillande.

 

Andre justeringar:

Dessutan er det meldt  inn behov for nokre endringar i kart og føresegner, som blir teke direkte i neste avsnitt.

 

Behov for endringar/drøfting:

 

Det er behov for fylgjande endringar i kartet, grunna ovannemnde merknader og feil i teikningar.

 

  1. Kart over molo HL2. Molo sluttar ved dagens endepunkt.
  2. Grense mellom BFK 08 og B09 trekkjast lengre mot sør (varsla til møte 26 juni). Dette vert ikkje gjort, men føresegnene vert endra, slik at det er mogleg med ein fleksibel parkeringsløysing mellom dei to eigedommane, noko som kan gje betre parkeringsløysing for BFK08.
  3. BFK10 er firkanta.
  4. Alle eigedommane langs RV 545 har fått merkt utkjørsel, B01 og mot (privat ) veg. Dette mangla i førre kart.
  5. Grense mellom BFK05 og HL1 er justert utover, jf ovenfor.
  6. Område for arkeologisk graving er plassert inn, noko redusert frå før, og med nemninga id 109139.
  7. Nødvendig endring i teikn og teiknforklaring for Dalebuo, jf ovanståande.

 

Det er og behov for nokre endringar/presiseringar i føresegnene.

 

1.      Føremål side 1:  Nytt føremål ”Bevaring av bygningar og anlegg”, ”Anna spesialområde – vern” utgår. ”Anna kombinert føremål (AF.BFK)” endra.

2.      § 2.1 Delmål; siste setning etter komma er stroke.

3.      § 3.5 blir endra i samsvar med krav frå Riksantikvaren.

4.      §§ 4.5 og 4.6. Krav om felles utkjørsel blir tidfest til ”når fortau blir bygt”.

5.      §4.11. Nytt siste avsnitt, jf kart pkt 2.

6.      §§ 9.5 og 9.6 er endra slik at molo skal plasserast i utbyggingsplan for HL2.

7.      § 9.6 er endra slik at FK02 får høve til å parkera på eigen eigedom på HL2.

8.      § 11.4 utgår

9.      § 13.3 endra  til også å omfatta kontor (Dalebuo)

10.  § 13.8 (meieriet) endra i samsvar med ovanståande.

11.  § 13.11 er endra i samsvar med § 4.11.

12.  Ny § 14.2 krev at eventuelle tiltak under 2,3 meter over kote 0, skal sikrast mot vassinntrenging.

 

Rådmannen ser det som ikkje er kommentert særskilt som kurant å gjennomføra,og det har ikkje store konsekvensar for andre eigedommar enn den det gjeld.

 

Pkt 12 vart kommentert i saka under risikotilhøve sist, men ikkje kome med i føresegnene. Kotehøgd er no endra frå 2,0 til 2,3 meter over kote 0, utan at ein reknar med at dette har praktiske konsekvensar for utbyggjarar, i alle høve ikkje vurdert opp mot framtidig havnivå.

 

Konklusjon:

Rådmannen vil tilrå ovanståande endringar/presiseringar.

Det gir ikkje grunnlag for endra vedtak i saka.

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Utval for plan og miljø/fast utval for plansaker rår kommunestyret til å gjera slikt vedtak:

 

Kommunestyret viser til saksopplysningar og vurdering, og vedtek at reguleringsplan for Fitjar sentrum, slik plankart med føresegner no ligg føre, vert stadfesta i samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 28-2.

Kommunestyret sitt stadfestingsvedtak vert å kunngjera i samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 27-2 nr 3.

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

Harry Herstad

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               S82

Saksmappe:      04/00338-168

Sakshandsamar:           Atle Tornes

Dato:                05.09.2007

MØTEBOK

Klage på reguleringsplan Midtfjellet Vindpark 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

083/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

 

Trykte vedlegg:

1.      Skriv frå Aksjonsgruppa for vern om Fitjarfjellet (AG) dagsett 18 juli 2007 – klage på vedtak om stadfesting av reguleringsplan for MV.

2.      Oversendingsskriv frå fylkesmannen dagsett 10 august 2007.

3.      Skriv frå Atle Aga dagsett 27 juli 2007

4.      Skriv frå fylkesmannen dagsett 10 mai 2006.

5.      Skriv frå fylkesmannen dagsett 17 april 2007

6.      Skriv frå Hordaland fylkeskommune dagsett 12 april 2007.

7.      Skriv frå NVE ” Bakgrunn for vedtak” dagsett 14 februar 2007, side 65 og 66.

 

 

Utrykte saksdokument: 

 

     1.   Kommunestyresak 064/07.

Samandrag:

Det er kome klage frå Aksjonsgruppa for vern om Fitjarfjellet (AG) på kommunestyret sitt vedtak om stadfesting av reguleringsplan for MV.

 

Klagen er sendt til fylkesmannen i Hordaland til handsaming, men skulle etter § 27-3 i PPBL vore sendt kommunen. Det er sendt kopi til kommunen innan klagefristen. Kommunen har fått saka som rett instans i skriv frå fylkesmannen av 18 august, dvs etter utløpet av klagefristen.

Det kunne vore eit spørsmål om saka er sendt til rett klageinstans innan klagefristen. Kommunen vil likevel ikkje prosedera på dette, sidan ein trass alt har fått kopi av klagen innan klagefristen, og det ikkje har medført praktiske vanskar for vidare framdrift i saka.

 

Klagen er grunngjeve i brot på ei rekkje lover og reglar; plan- og bygningslova (PBL), jordlova, delingslova, matlova, grannelova, oreigningslova, kommunehelselova og forvaltningslova.

 

Klagaren har og i eige skriv dagsett 14 juli 2007 klaga på kommunen si sakshandsaming av reguleringsplanen.

 

Klagen vert tilrådd avslått, og vidaresendt til fylkesmannen for endeleg vedtak.

 

Bakgrunn:

AG framfører fylgjande klagegrunnlag, jf skriv av 18 juli:

 

1.      Vedtaket er i strid med reglane i § 7 og § 94 nr 3 i PBL.

2.      Det er mangelfull kunngjering av dispensasjonsvedtak frå kommuneplanen sin arealdel.

3.      Det er gjeve mangelfullt innsyn og vegleiing i saka.

4.      Klagaren stiller spørsmål om kartgrunnlaget, som dei ikkje forstår.

5.      Det er mangelfull sakshandsaming etter matlova med tilhøyrande drikkevassforskrifter sine reglar.

6.      Det er mangelfull sakshandsaming etter jordlova sine reglar.

7.      Det er mangelfull sakshandsaming etter delingslova sine reglar.

8.      Det er mangelfull sakshandsaming etter grannelova med sine reglar.

9.      Det er mangelfull sakshandsaming etter oreigningslova sine reglar.

10.  Det er brot på reglane om deltaking i reguleringsprosessen.

 

Punkta 1 -3 er og nær identiske med same klagar sin klage på sakshandsaminga, jf skriv av 14 juli 2007, som vert handsama i anna sak i møtet.

 

Klagar ber om utsett verknad av iverksetjing av vedtaket, og at kommunestyret sitt vedtak vert oppheva.

 

Saksopplysningar:

Eventuell vindpark på Midtfjellet vil krevja konsesjon frå statlege styresmakter, der første ledd er NVE, med klagerett til OED.  Eit vedtak om konsesjon er basert på ei stor saksutgreiing med høyringsfråsegner frå ei rekkje instansar, herunder kommunen.

 

Overordna instansar, mellom andre NVE, har tilrådd parallell handsaming av konsesjonssaka og reguleringsplanen, slik at sakshandsaminga blir mest mogleg rasjonell, og ikkje medfører dobbeltarbeid/doble høyringar på ei rekkje punkt. Dette medfører i seg sjølv ein noko annaleis prosess enn vanleg i reguleringssaker, i det ei rekkje føresetnader vil verta klargjorde i konsesjonsprosessen.

 

Kommunen har etter ein lang prosess i kommunestyremøte i februar 2006 vedteke å tilrå konsesjon, med bakgrunn i det aktuelle planområdet. Dette er implisitt eit vedtak om å gje dispensasjon frå vedteken arealbruk i kommunen.

 

Søknaden frå MV inneheld og konsekvensanalyse for tiltaket som eige vedlegg. NVE har handsama søknaden frå Midtfjellet Vindkraft AS (MV) med ei grundig høyring, der ei rekkje instansar har gjeve fråsegn. Til dømes har Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune, Mattilsynet, m.fl. gjeve fråsegner.

Hordaland fylkeskommune har tilrådd tiltaket, fylkesmannen har ikkje hatt merknader til arealdisponeringa, Mattilsynet har uttalt seg. Alle grunneigarar og grannar har fått uttala seg. Desse merknadene er vurdert i NVE si konsesjonsvurdering.

Med bakgrunn i dette har NVE tildelt konsesjon til MV i skriv av 19 februar 2007.

Konsesjonen inneheld ikkje endeleg plassering av møller, berre største og minste tal møller, og område for vindkraft.  Endelig plassering av møllene og andre installasjonar skal skje i eigen plan (detalj-/utbyggingsplan).

 

Kommunen har i ein parallell prosess til NVE si vurdering av søknaden om konsesjon handsama tiltakshavar Midtfjellet Vindkraft AS sitt private forslag til reguleringsplan for MV, med ei rekkje høyringar av arealtekniske ting. Kommunen har sjølvsagt lagt dei same merknadene og synspunkta vedrørande vesentlege punkt i konsesjonssaka til grunn i reguleringssaka.

 

Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune har og gjeve fråsegner til reguleringsplanen. Fylkesmannen har i skriv dagsett 11 mai 2006 peika på at tiltaket er i strid med vedteken arealdisponering i kommuneplanen og er kritiske til dette. Dei har fremja motsegn til 5 punkt, mellom desse arealbruken etter at konsesjon er utløpt eller det ikkje blir gjeve konsesjon, men ikkje til sjølve omdisponeringa av arealbruken. Dette er implisitt samtykke til disponeringa.

Motsegn til dei Fylkesmannen fremja motsegn til 5 andre punkt, men denne motsegna vart trekt i skriv av 17 april 2007.

 

Hordaland fylkeskommune nemner ikkje arealdisponeringa i sitt skriv i det heile, sjølv om dei naturleg nok er merksam på denne, og har tilrådd utbygging.

 

Handsaminga munna ut i føreliggjande flatereguleringsplan, der plassering av møller, vegar m.v. endeleg skal plasserast i ein utbyggingsplan etter PBL. Denne skal til høyring seinare, og alle interessentar vil få grundig høve til å uttala seg.

Reguleringsplanen vart handsama i planutvalet 19 juni 2007. Planen vart deretter stadfest i kommunestyret 27 juni 2007.

 

Vurdering:

Sidan det er ei rekkje lover og reglar klagen vert knytt til, er det naturleg at punkta vert handsama kvar for seg. Punkt som er nærliggjande vert likevel handsama under eitt.

 

Punkt 1 – 2.

Det er klagepunkt 1 - 2 som er det mest omfattande i saka, og som og vert handsama som klage på sakshandsaminga.

 

Ordlyden i Pbl. § 7 3.leden, er som fylgjer:

Før det gjøres vedtak, skal naboer og gjenboere varsles på den måten som nevnt i § 94 nr 3. Særskilt varsel er likevel ikkje nødvendig når dispensasjonssøknaden fremmes samtidig med søknad om tillatelse etter § 93 eller når søknaden åpenbart ikkje berører naboens interesser.  Ved dispensasjon frå kommuneplanens arealdel, reguleringsplan, bebyggelsesplan eller fra denne lovs §§ 17-2 og 23, skal fylkeskommunen og statlige myndigheter hvis saksområde blir direkte berørt, være gitt høve til å uttale seg før dispensasjon gis.

Det er korrekt at planen ikkje inngår i kommuneplanen, og det er heller ikkje dispensert eksplisitt før møtet 20 juni 2007.  All drøfting i saka har likevel gått føre seg med kjennskap til at tiltaket vil krevja dispensasjon frå kommuneplanen. Planutvalet har i ei rekkje møte vurdert søknaden positivt. Kommunestyret det same.

Det endelege vedtaket i medhald av § 7 kjem etter at NVE har fatta sitt vedtak som krev fråvik, og dermed implisitt dispensasjon, frå kommuneplanen. Det går fram av § 95.3 at dersom tiltak krev løyve eller samtykke frå helse-, forureinings-, jordlov-, frilufts- og fredningsmynde, skal kommunen leggja saka fram for vedk mynde, ”hvis avgjerd eller uttalelse ikkje er innhentet på forhånd.  Me har difor lagt til grunn at dei nemnde instansane meiner det same i reguleringssaka som i konsesjonssaka.

 

Hordaland fylkeskommune og fylkesmannen (høyringsinstansane etter PBL - det er same ordlyd som klagar viser til i PBL § 7) har som nemnt uttalt seg til reguleringsplanen. Me har difor lagt til grunn at dei nemnde instansane ikkje vil kunna påklaga ein dispensasjon i ei sak dei har handsama same problemstilling tidlegare. Såleis kunne dei gjennom motsegn stoppa prosessen dersom dei hadde innvendingar til arealbruken, noko dei ikkje har gjort.

Det må sjølvsagt vera slik at når ei sak er tilstrekkeleg opplyst, at eit organ har uttalt seg, og eit overordna organ har fatta vedtak som medfører ein bestemt konklusjon i saka, så kan ikkje dei same organa fatta motstridande vedtak i same sak.

 

Grunneigarar, grannar og gjenbuarar er orientert om prosessen gjennom direkte brev i NVE si sakshandsaming, fleire folkemøte i tilknyting til konsesjonshandssaminga og dermed implisitt til reguleringsplanen. Dei har gjeve uttale til NVE og somme til reguleringsplan i same skriv, andre i eige skriv til kommunen.

Pressa har og bidrege til at problemstillingane i saka er godt belyste. Ingen som bur i Fitjar kan vera ukjent med prosessen.

Dei som har klaga på manglande informasjon synest å vera mellom dei som er best orientert om saka.

Grannar og gjenbuarar i umiddelbar nærleik av det aktuelle spesialområdet for vindkraft er og grunneigarar og partar, og er blitt høyrde som slike. Såleis er det det same her, me kan ikkje sjå at informasjon i eige brev om reguleringsplanen ville ha gjeve meir informasjon, og det er dermed ikkje saksbehandlingsfeil. 

Andre enn grunneigarane har større avstand til tiltaket, og ville normalt ikkje vore rekna som grannar eller gjenbuarar.

 

Kommunen har såleis, etter at relevante instansar har uttalt seg, fatta dispensasjonsvedtaket, og fremja planen for kommunestyret for stadfesting.

 

Det er såleis berre formalrytteri å hevda at ved ein eventuell ny innsending til fylkeskommunen eller fylkesmannen, så vil dei no ha reell grunn eller nye opplysningar, til å nekta å godkjenna dispensasjon frå kommuneplanen, noko dei tidlegare ikkje har hatt. Det kan såleis ikkje vera sakshandsamingsfeil at dispensasjonen er gjeve i etterkant av at alle har uttalt seg, når alle ha fått gjeve realitetsfråsegn, tiltaket er avhengig av konsesjon frå anna sidestilt eller overordna lovverk, og konsesjon er gjeve.

 

Det er grunn til å presisera at dette er ei vurdering som med større styrke bør gjelda saker der temaene er grundig drøfta i parallell prosess, og etter parallelt lovverk.

 

Konklusjon:

Dispensasjon frå vedteken arealplan vart gjeve etter at tiltakshavar hadde fått løyve (konsesjon) frå anna styresmakt, jf PBL § 95.1,2 ledd, og etter at naudsynlege uttalar frå relevante styresmakter var innhenta.

 

Rådmannen kan ikkje sjå at det er sakshandsamingsfeil her.

 

Verknad av eventuell feil i sakshandsaminga:

Me har vurdert mogleg konsekvens av ein eventuell sakshandsamingsfeil.

 

Forvaltningslova § 41 siste del seier klart at eit vedtak er gyldig når det er grunn til å rekna med at feilen ikkje kan ha verka bestemmande på innhaldet i vedtaket.

M.a.o. det er eit materielt rett resultat eller avgjerd som er hovudmålet.

Eit vedtak kan difor ikkje bli ugyldig om feilen ikkje har virka inn på resultatet, og motsett, dersom feilen har virka inn på resultatet blir vedtaket normalt ugyldig.  Her må det vera ei sannsynlegheitsovervekt for at feilen har virka inn på vedtaket.

Først må ein då vurdera om det er feil, og deretter om feil kan virka inn på resultatet.

Dette må og gjelda tilsvarande for spesiallover.

 

Planutvalet har heile tida vore samrøystes positiv til saka. Eit tidlegare dispensasjonsvedtak med høve til klage kan ein kan rekna med ville blitt stadfest i kommunen, og etter all sannsynleghet også av overordna organ ut frå deira fråsegner i saka implisitt.

 

Kommunen meiner det ikkje er feil, og dersom det er feil har ikkje feilen verka inn på resultatet, og vedtaket er gyldig uansett.

 

Klagepunkt 3: Mangelfullt innsyn og vegleiing i saka.

 

AG v/Kjell Nesbø meiner dei ikkje fekk nok informasjon og ikkje vegleiing frå kommunen, då sakshandsamar var på ferie, og han møtte på kommunen midt i ferien.

 

Han fekk tilbod om alle dokument elektronisk. Dette var ikkje tilfredsstillande for han, han ”måtte” ha dette ”på papir”.

Kst avd. leiar for plan- og utvikling var til stades og kunne gjeve relevant rettleiing om føresegner, og svara på konkrete spørsmål om saka, sjølv om han nok ikkje kjende alle detaljar (Detaljane i saka skal som kjent vidarehandsamast i utbyggingsplan.).

Kst avd. leiar for plan- og utvikling sin konklusjon er at Kjell Nesbø kunne fått den informasjon han ville, men han ville ikkje ha den.

 

AG v/nemnde person er mellom dei som har god kjennskap til regelverk gjennom sitt arbeid med liknande saker i grannekommunen. Han har og fylgt saka nøye gjennom lengre tid.

 

Det er slik i små kommunar at ein ofte har ein sakshandsamar på einskilde område. Desse har og rett på ferie. Saka har vore komplisert, og det er ikkje lett for andre enn fagfolk og folk med særskilt kunnskap å setja seg inn i saka.

 

Det kan såleis ikkje vera noko brot på dei nemnde reglane, i det klagar kunne fått dei opplysningar han ynskte, om enn ikkje i den form han ynskte.

 

I og med at klagaren har sendt inn denne klagen på vedtaket, viser at manglande informasjon og rettleiing ikkje har vore til hinder for å utøva klageretten hans.

 

Klagaren peikar og på at lysinga i bladet Sunnhordland er mangelfull. Lysinga er i samsvar med det som er vanleg utlysning av slike planar i kommunen.

Dette har ingen konsekvens for vedtaket om stadfesting av reguleringsplanen.

 

Kartgrunnlaget:

Kartgrunnlaget i saka er presist. Det er ikkje det same som vart sendt på høyring, då det er justert i samsvar med innkomne merknader (små justeringar). Dessutan er spesialområde vindkraft redusert i samsvar med vedtak i planutvalet 19 juni 2007.

Det vart i møte i kommunestyret lagt fram eitt kart som vart drøfta i sakshandsaminga, det som vart vedteke i utvalet ei veke tidlegare.

Av praktiske årsaker vart likevel to andre kart sendt ut saman med papira, men det vart presisert i møtet at desse ikkje var del av saka.

 

Jordlova:

Klagar peikar på manglande handsaming etter reglane i jordlova.

Landbruksinteressene er lite drøfta i saka. Dette har årsak i at tiltaket er rekna å ha liten innverknad på jordbruket. Det er ikkje dyrka eller dyrkbar jord, anna enn beite, ikkje skog.

Det er i konsekvensanalysen rekna med liten eller ein svakt positiv effekt for landbruk. Bondeorganisasjonane går i høyringsfråsegnene sterkt inn for tiltaket.

Stord Fitjar landbruks- og Miljøkontor (SFLMK) hadde i ein 7 sider uttale til konsekvensutgreiinga og konsesjonen (dagsett februar 2006) ikkje med eit ord om landbruk. Me reknar med at dei såleis var samde med konklusjonane i konsekvensutgreiinga, og rekna såleis ikkje med at dei ville hatt noko anna meining til reguleringsplanen.

 

Tilhøvet til jordbruksinteresser skulle såleis vera godt ivareteke.

 

Grannelova:

Denne lova regulerer privatrettslege tilhøve mellom grannar, og er ikkje relevant for vurdering av reguleringsplanar.

 

Matlova med tilhøyrande drikkevassforskrifter:

Fitjar har eit vassverk, i Svartavatnet. Klagar påstår at Kyrkjevatnet er ei reell reservevasskjelde for kommunen (den einaste). Dette går ikkje fram av kommunen sitt planverk.

Vatnet (vatna) er dessutan fysisk regulert for produksjon av elektrisk kraft til Årskog kraftstasjon ca 1995.

 

Når det gjeld drikkevatn er det ei parallell handsaming i konsesjon og reguleringsplan, der Mattilsynet har gjeve uttale til konsesjonen. NVE har likevel gjeve konsesjon.

Mattilsynet har ikkje gjeve separat uttale til reguleringsplanen.

 

Kommunen har, med kjennskap om Mattilsynet sin eldre uttale, vurdert tilhøvet, og lagt strenge føringar for vern av drikkevasskjelda i reguleringsplanen, jf § 6.3 siste del, der det mellom anna står:

I og nær det omdefinerte nedslagsfeltet skal det ikkje tillatast aktivitetar eller bruk som kan medføra forureining av drikkevatnet.

Det går og fram krav at tiltak i randsona skal kvalitetssikrast av hydrologifagleg kompetanse.

Når nedslagsfeltet i utgangspunktet er definert slik at det ikkje skal kunna koma forureining til vatnet, reknar me dette som tilstrekkeleg sikring av interesser knytt til drikkevatnet. Dette er NVE som konsesjonsmynde samd i.

 

Me konstaterer at klagaren meiner dette ikkje er tilfredsstillande, men det er ingen sakshandsamingsfeil.

 

 

 

Delingslova:

Klagaren må ha misforstått dette regelverket. Ei delingssak vert utløyst av at moglege rettshavarar krev deling, og kjem i tid etter reguleringssaka. Ei reguleringssak kan vera premiss for ei delingssak, men ikkje omvendt.  Det er til no ikkje vedtak eller søknad som har utløyst noko delingssak.

Klagepunktet er såleis ikkje relevant.

 

Oreigningslova:

Klagaren viser til kommunalt vedtak om oreigning. Noko slikt vedtak eksisterer ikkje i kommunen. Det er heller ikkje planar om slikt vedtak.

Dei nemnde problemstillingane om usemje mellom grunneigarane er reint privatrettslege problemstillingar som det er usemje ikring rettsverknaden av, og det må løysast privatrettsleg.

Derimot har konsesjonsvedtaket frå NVE dagsett 19 februar 2007 samtykke til oreigning med utgangspunkt i energilova, jf ”Bakgrunn for vedtak” dagsett 14 februar 2007, sidene 65 og 66, men dette har ingen rettsverknad for reguleringsplanen. Det blir ingen regulering dersom ikkje det er løyve til tiltaket etter energilova.

At ein reguleringsplan i somme høve kan gje heimel for oreigning er korrekt, men ikkje i denne saka.

Klagepunktet er såleis ikkje relevant.

 

Kommunehelselova:

Det er korrekt at det ikkje har vore innhenta uttale frå kommunelege etter høyringsvedtaket etter konsesjonen. Det er og høgst uvanleg at kommunelegen gir uttale i reguleringssaker i Fitjar.

I konsesjonssaka uttrykte kommunelegen uvisse om verknaden av støy for helsa. Han rådde ikkje frå tiltaket, men ynskte at det vart henta inn ytterlegare informasjon.

Seinare arbeid har vist at det er mogleg å koma godt under SFT sine rettleiande støygrenser, som då var utgangspunkt for søknaden. Me ligg no stort sett 2 dBlden under SFT sine grenseverdiar, dvs monaleg lavare enn det som er referert til i konsesjonen. Nødvendig avklaring som etterlyst ligg no såleis føre.

 

Støy og verknader av dette er eit vesentleg moment ved SFT og NVE sine vurderingar av tiltaket. Når me i reguleringsplanen ligg godt under desse grenseverdiane bør me kunna rekna med at reguleringsplanen er tilfredsstillande handsama.

 

Manglande informasjonsmøte, jfr. PBL § 16-1:

Det er i tilknytning til konsesjonshandsaminga halde fleire folkemøte på saka i Fitjar, tre med tiltakshavar, kommune og NVE, og fleire med tiltakshavar, kommunen, bygdefolk i opne referansegrupper, open synfaring med NVE og tiltakshavar.  Alle møte i Utval for plansaker har vore opne utan at det har vore særleg interesse frå folk i å møta.  I kommunestyret møtte det likevel ein del tilhøyrarar. 

Denne reguleringsplanen er ein flatereguleringsplan, då det er føresett ein seinare utbyggingsplan som skal definera val av møllealternativ, herunder plasseringar av desse, med vegtrasear m.v. Det aktuelle området for vindkraft er godt informert om gjennom konsesjonshandsaminga, og nye folkemøte ville ikkje ha tilført relevante nye moment til saka. Ytterlegare møte mellom kommunen, tiltakshavar  og innbyggjarane på reguleringsplanen aleine har såleis vore vurdert som unødvendig, då dei fleste i Fitjar synes godt informerte om saka.

AG har delteke på alle ovannemnde møte, og synest godt informert. Høyringsdokumenta er sendt dei.

Det har og vore møte mellom kommunen og Fitjarstølane Vel.

 

Dersom det no blir opna for utbyggingsplanarbeid vil det i dette arbeidet koma ny informasjon. Dette vil det bli gjennomført folkemøte på når noko er klart. Utbyggingsplanen vil deretter bli sendt på høyring etter PBL § 28-2.

 

Skriv frå Atle Aga:

Skrivet har ingen konkrete klagemål og vert lagt ved til orientering.

 

Oppsummering:

Klagar har framført ei rekkje formelle klagegrunnar. Ingen av desse er reelle, og to basert på feil forståing av lova, og dermed irrelevante. Eit eventuell medhald for klagaren vil ikkje stilla klagaren i ein betre situasjon enn han var frå før. Dvs han har ingen rettsleg interesse i å få medhald i klagen.

Derimot kan eventuelt medhald i klagen på § 7 medføra ein ny runde sakshandsaming, noko som krev tid og pengar for kommune og tiltakshavar. Det er ingen grunn til å tru at det vil endra resultatet, og dispensasjon nekta. Det same gjeld § 94.3 og 16.1.

 

Rådmannen meiner ein er på trygg grunn både når det gjeld materielt vedtak, og formell sakshandsaming, når det er parallell sakshandsaming mellom PBL og energilova, og konsesjon i siste instans skal avgjerast etter energilova.

 

Konklusjon: 

Rådmannen kan ikkje sjå at det er vesentlege feil i sakshandsaminga, i alle høve ikkje feil som har hatt verknad på det aktuelle vedtaket.

 

Klagene vert tilrådd avslått, og vidaresendt til fylkesmannen for endeleg vedtak.

 

Oppsetjande verknad:

Klagaren har sett fram krav om oppsetjande verknad av klagen. Rådmannen ser ikkje at det i at det i klagedokumentet er framført moment som gjer at det vil vera naturleg å imøtekoma dette forholdet.

Det er ikkje noko å iverksetja, vil ikkje skje fysiske tiltak eller uopprettelege handlingar elles i handsamingstida for klagen. Oppsetjande verknad har dermed ikkje noko tyding for realiteten i saka eller klagaren sin rettslege situasjon, noko som er eit vilkår for å gje oppsetjande verknad etter § 42 i forvaltningslova.

 

Kravet vert difor ikkje tilrådd imøtekome.

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker kan ikkje sjå at det er grunnlag for å gje medhald til klagaren.

Klagen vert å sende fylkesmannen for endeleg avgjerd.

 

Klagen får ikkje oppsetjande verknad.

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Harry Herstad

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               S82

Saksmappe:      04/00338-169

Sakshandsamar:           Atle Tornes

Dato:                05.09.2007

MØTEBOK

Klage på sakshandsaming av reguleringsplan for Midtfjellet Vindpark (MV). 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

084/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

 

Trykte vedlegg:

8.      Skriv frå Aksjonsgruppa for vern om Fitjarfjellet (AG) dagsett 14 juli 2007 – klage på sakshandsaming av reguleringsplan for MV.

9.      Skriv frå fylkesmannen dagsett 7 juni 2007.

10.  Skriv frå fylkesmannen dagsett 10 mai 2006

11.  Skriv frå Hordaland fylkeskommune dagsett 12 april 2007.

12.  Skriv frå fylkesmannen dagsett 17 april 2007

 

 

Utrykte saksdokument: 

1.        Sak 035/07 i Utval for plan og miljø/fast utval for plansaker 25 april 2007.

2.        Sak 064/07 i Utval for plan og miljø/fast utval for plansaker 19 juni 2007.

 

Samandrag:

Det er kome klage frå Aksjonsgruppa for vern om Fitjarfjellet (AG) på Utval for plan og miljø/fast utval for plansaker (planutvalet) si sakshandsaming av reguleringsplan for MV.

 

Klagen liknar og på same klagar sin førre klage på sakshandsaminga, jf skriv av 11 april 2007, handsama i møte 25 april, og avvist i fylkesmannen sitt brev av 7 juni 2007.

Klagaren har og i eige skriv dagsett 18 juli 2007 klaga på kommunestyret si stadfesting  av reguleringsplanen.

 

Klagen vert tilrådd avslått, og vidaresendt til fylkesmannen for endeleg vedtak.

 

Bakgrunn:

AG framfører fylgjande klagegrunnlag, jf skrivet av 14 juli:

 

11.  Vedtaket er i strid med reglane i § 7 og § 94 nr 3 i PBL.

12.  Det er mangelfull kunngjering av dispensasjonsvedtak frå kommuneplanen sin arealdel.

13.  Det er gjeve mangelfullt innsyn og vegleiing i saka.

14.  Det er brot på reglane i § 29 vedrørande klagefrist og kommunestyret i sakshandsaming før utgått frist.

 

Same klagar sin klage på kommunestyret si stadfesting, jf skriv av 18 juli 2007, vert handsama i anna sak i møtet.

 

Klagar ber om utsett verknad av iverksetjing av vedtaket, og at planutvalet sitt vedtak vert oppheva.

 

 

 

Saksopplysningar:

Eventuell vindpark på Midtfjellet vil krevja konsesjon frå statlege styresmakter, der første ledd er NVE, med klagerett til OED.  Eit vedtak om konsesjon er basert på ei stor saksutgreiing med høyringsfråsegner frå ei rekkje instansar, herunder kommunen.

 

Overordna instansar, mellom andre NVE, har tilrådd parallell handsaming av konsesjonssaka og reguleringsplanen, slik at sakshandsaminga blir mest mogleg rasjonell, og ikkje medfører dobbeltarbeid/doble høyringar på ei rekkje punkt. Dette medfører i seg sjølv ein noko annaleis prosess enn vanleg i reguleringssaker, i det ei rekkje føresetnader vil verta klargjorde i konsesjonsprosessen.

 

Kommunen har etter ein lang prosess i kommunestyremøte i februar 2006 vedteke å tilrå konsesjon, med bakgrunn i det aktuelle planområdet. Dette er implisitt eit vedtak om å gje dispensasjon frå vedteken arealbruk i kommunen.

 

Søknaden frå MV inneheld og konsekvensanalyse for tiltaket som eige vedlegg. NVE har handsama søknaden frå Midtfjellet Vindkraft AS (MV) med ei grundig høyring, der ei rekkje instansar har gjeve fråsegn. Til dømes har Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune, Mattilsynet, m.fl. gjeve fråsegner.

Hordaland fylkeskommune har tilrådd tiltaket, fylkesmannen har ikkje hatt merknader til arealdisponeringa, Mattilsynet har uttalt seg. Alle grunneigarar og grannar har fått uttala seg. Desse merknadene er vurdert i NVE si konsesjonsvurdering.

Med bakgrunn i dette har NVE tildelt konsesjon til MV i skriv av 19 februar 2007.

Konsesjonen inneheld ikkje endeleg plassering av møller, berre største og minste tal møller, og område for vindkraft. Endeleg plassering av møllene og andre installasjonar skal skje i eigen plan (detalj-/utbyggingsplan).

 

Kommunen har i ein parallell prosess til NVE si vurdering av søknaden om konsesjon handsama tiltakshavar Midtfjellet Vindkraft AS sitt private forslag til reguleringsplan for MV, med ei rekkje høyringar av arealtekniske ting. Kommunen har sjølvsagt lagt dei same merknadene og synspunkta vedrørande vesentlege punkt i konsesjonssaka til grunn i reguleringssaka.

 

Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune har og gjeve fråsegner til reguleringsplanen. Fylkesmannen har i skriv dagsett 11 mai 2006 peika på at tiltaket er i strid med vedteken arealdisponering i kommuneplanen og er kritiske til dette. Dei har fremja motsegn til 5 punkt, mellom desse arealbruken etter at konsesjon er utløpt eller det ikkje blir gjeve konsesjon, men ikkje til sjølve omdisponeringa av arealbruken. Dette er implisitt samtykke til disponeringa.

Motsegn til dei Fylkesmannen fremja motsegn til 5 andre punkt, men denne motsegna vart trekt i skriv av 17 april 2007.

 

Hordaland fylkeskommune nemner ikkje arealdisponeringa i sitt skriv i det heile, sjølv om dei naturleg nok er merksam på denne, og har tilrådd utbygging.

 

Handsaminga munna ut i føreliggjande flatereguleringsplan, der plassering av møller, vegar m.v. endeleg skal plasserast i ein utbyggingsplan etter PBL. Denne skal til høyring seinare, og alle interessentar vil få grundig høve til å uttala seg.

Reguleringsplanen vart handsama i planutvalet 19 juni 2007. Planen vart deretter stadfest i kommunestyret 27 juni 2007.

 

Vurdering:

Punkt 1 – 2.

Det er klagepunkt 1 - 2 som er det mest omfattande i saka, og som og vert handsama som klage på sakshandsaminga.

 

Ordlyden i PBL § 7 3.leden, er som fylgjer:

Før det gjøres vedtak, skal naboer og gjenboere varsles på den måten som nevnt i § 94 nr 3. Særskilt varsel er likevel ikkje nødvendig når dispensasjonssøknaden fremmes samtidig med søknad om tillatelse etter § 93 eller når søknaden åpenbart ikkje berører naboens interesser.  Ved dispensasjon frå kommuneplanens arealdel, reguleringsplan, bebyggelsesplan eller fra denne lovs §§ 17-2 og 23, skal fylkeskommunen og statlige myndigheter hvis saksområde blir direkte berørt, være gitt høve til å uttale seg før dispensasjon gis.

Det er korrekt at planen ikkje inngår i kommuneplanen, og det er heller ikkje dispensert eksplisitt før møtet 20 juni 2007.  All drøfting i saka har likevel gått føre seg med kjennskap til at tiltaket vil krevja dispensasjon frå kommuneplanen. Planutvalet har i ei rekkje møte vurdert søknaden positivt. Kommunestyret det same.

Det endelege vedtaket i medhald av § 7 kjem etter at NVE har fatta sitt vedtak som krev fråvik, og dermed implisitt dispensasjon, frå kommuneplanen. Det går fram av § 95.3 at dersom tiltak krev løyve eller samtykke frå helse-, forureinings-, jordlov-, frilufts- og fredningsmynde, skal kommunen leggja saka fram for vedk mynde, ”hvis avgjerd eller uttalelse ikkje er innhentet på forhånd.  Me har difor lagt til grunn at dei nemnde instansane meiner det same i reguleringssaka som i konsesjonssaka.

 

Hordaland fylkeskommune og fylkesmannen (høyringsinstansane etter PBL - det er same ordlyd som klagar viser til i PBL § 7) har som nemnt uttalt seg til reguleringsplanen. Me har difor lagt til grunn at dei nemnde instansane ikkje vil kunna påklaga ein dispensasjon i ei sak dei har handsama same problemstilling tidlegare. Såleis kunne dei gjennom motsegn stoppa prosessen dersom dei hadde innvendingar til arealbruken, noko dei ikkje har gjort.

Det må sjølvsagt vera slik at når ei sak er tilstrekkeleg opplyst, at eit organ har uttalt seg, og eit overordna organ har fatta vedtak som medfører ein bestemt konklusjon i saka, så kan ikkje dei same organa fatta motstridande vedtak i same sak.

 

Grunneigarar, grannar og gjenbuarar er orientert om prosessen gjennom direkte brev i NVE si sakshandsaming, fleire folkemøte i tilknyting til konsesjonshandssaminga og dermed implisitt til reguleringsplanen. Dei har gjeve uttale til NVE og somme til reguleringsplan i same skriv, andre i eige skriv til kommunen.

Pressa har og bidrege til at problemstillingane i saka er godt belyste. Ingen som bur i Fitjar kan vera ukjent med prosessen.

Dei som har klaga på manglande informasjon synest å vera mellom dei som er best orientert om saka.

Grannar og gjenbuarar i umiddelbar nærleik av det aktuelle spesialområdet for vindkraft er og grunneigarar og partar, og er blitt høyrde som slike.  Såleis er det det same her, me kan ikkje sjå at informasjon i eige brev om reguleringsplanen ville ha gjeve meir informasjon, og det er dermed ikkje saksbehandlingsfeil. 

Andre enn grunneigarane har større avstand til tiltaket, og ville normalt ikkje vore rekna som grannar eller gjenbuarar.

 

Kommunen har såleis, etter at relevante instansar har uttalt seg, fatta dispensasjonsvedtaket, og fremja planen for kommunestyret for stadfesting.

 

Det er såleis berre formalrytteri å hevda at ved ein eventuell ny innsending til fylkeskommunen eller fylkesmannen, så vil dei no ha reell grunn eller nye opplysningar til å nekta å godkjenna dispensasjon frå kommuneplanen, noko dei tidlegare ikkje har hatt. Det kan såleis ikkje vera sakshandsamingsfeil at dispensasjonen er gjeve i etterkant av at alle har uttalt seg, når alle ha fått gjeve realitetsfråsegn, tiltaket er avhengig av konsesjon frå anna sidestilt eller overordna lovverk, og konsesjon er gjeve.

 

Det er grunn til å presisera at dette er ei vurdering som med større styrke bør gjelda saker der temaene er grundig drøfta i parallell prosess, og etter parallelt lovverk.

 

Konklusjon:

Dispensasjon frå vedteken arealplan vart gjeve etter at tiltakshavar hadde fått løyve (konsesjon) frå anna styresmakt, jf PBL § 95.1,2 ledd, og etter at naudsynlege uttalar frå relevante styresmakter var innhenta.

 

Rådmannen kan ikkje sjå at det er sakshandsamingsfeil her.

 

 

 

Verknad av eventuell feil i sakshandsaminga:

Me har vurdert mogleg konsekvens av ein eventuell sakshandsamingsfeil.

 

Forvaltningslova § 41 siste del seier klart at eit vedtak er gyldig når det er grunn til å rekna med at feilen ikkje kan ha verka bestemmande på innhaldet i vedtaket.

M.a.o. det er eit materielt rett resultat eller avgjerd som er hovudmålet.

Eit vedtak kan difor ikkje bli ugyldig om feilen ikkje har virka inn på resultatet, og motsett, dersom feilen har virka inn på resultatet blir vedtaket normalt ugyldig.  Her må det vera ei sannsynlegheitsovervekt for at feilen har virka inn på vedtaket jfr. GW.

Først må ein då vurdera om det er feil, og deretter om feil kan virka inn på resultatet.

Dette må og gjelda tilsvarande for spesiallover.

 

Planutvalet har heile tida vore samrøystes positiv til saka. Eit tidlegare dispensasjonsvedtak med høve til klage kan ein kan rekna med ville blitt stadfest i kommunen, og etter all sannsynlegheit også av overordna organ ut frå deira fråsegner i saka implisitt.

 

Kommunen meiner det ikkje er feil, og dersom det er feil har ikkje feilen verka inn på resultatet, og vedtaket er gyldig uansett.

 

Klagepunkt 3: Mangelfullt innsyn og vegleiing i saka.

AG v/Kjell Nesbø meiner dei ikkje fekk nok informasjon og ikkje vegleiing frå kommunen, då sakshandsamar var på ferie, og han møtte på kommunen midt i ferien.

 

Han fekk tilbod om alle dokument elektronisk. Dette var ikkje tilfredsstillande for han, han ”måtte” ha dette ”på papir”.

Kst avd. leiar for plan- og utvikling var til stades og kunne gjeve relevant rettleiing om føresegner, og svara på konkrete spørsmål om saka, sjølv om han nok ikkje kjende alle detaljar (Detaljane i saka skal som kjent vidarehandsamast i utbyggingsplan.).

Kst avd. leiar for plan- og utvikling sin konklusjon er at Kjell Nesbø kunne fått den informasjon han ville, men han ville ikkje ha den.

 

AG v/nemnde person er mellom dei som har god kjennskap til regelverk gjennom sitt arbeid med liknande saker i grannekommunen. Han har og fylgt saka nøye gjennom lengre tid.

 

Det er slik i små kommunar at ein ofte har ein sakshandsamar på einskilde område. Desse har og rett på ferie. Ein kan såleis i ferietida ikkje alltid pårekna svar direkte frå sakshandsamar til kvar tid ein ynskjer. Saka har vore komplisert, og det er ikkje lett for andre enn fagfolk og folk med særskilt kunnskap å setja seg inn i saka.

 

Det kan såleis ikkje vera noko brot på dei nemnde reglane at sakshandsamar ikkje var til stades, særleg i det klagar likevel fekk tilbod om dei opplysningar han ynskte, om enn ikkje i den form han ynskte.

 

Det at klagaren likevel har sendt inn denne klagen på vedtaket, viser at manglande informasjon og rettleiing ikkje har vore til hinder for å utøva klageretten hans.

 

Klagaren sin påstand om at det er umogeleg å få stadfest kva plan planutvalet har  handsama synest urimeleg, og udokumentert. Det er sjølvsagt normalt med endringar i reguleringsplanar frå høyringsrunden til endeleg handsaming. Heile hensikten med ein høyringsrunde er at relevante merknader kan innarbeidast. I dette tilfellet er det små endringar. I det elektroniske materialet er endringar i høve høyringsrunden opplista og kommentert, og det fekk klagar tilbod om.

 

Klagepunkt 4: Brot på reglane i § 29 vedrørande klagefrist og kommunestyret si sakshandsaming før utgått frist.

Rådmannen kan ikkje sjå at klagar har konkretisert denne delen av klagen i skrivet sitt. Ein reknar med at klagaren meiner § 29 i forvaltningslova.  På eige grunnlag ser ein ikkje at det er brot på denne føresegna.

 

 

Oppsummering:

Klagar har framført fleire formelle klagegrunnar. Ingen av desse synest det å vera grunnlag for.

Eit eventuell medhald for klagaren vil ikkje stilla klagaren i ein betre situasjon enn han var frå før. Dvs han har ingen rettsleg interesse i å få medhald i klagen.

Derimot kan eventuelt medhald i klagen medføra ein ny runde sakshandsaming, noko som krev tid og pengar for kommune og tiltakshavar. Det er ingen grunn til å tru at det vil endra resultatet, og dispensasjon nekta. Det same gjeld § 94.3.

 

Rådmannen meiner ein er på trygg grunn både når det gjeld materielt vedtak, og formell sakshandsaming, når det er parallell sakshandsaming mellom PBL og energilova, og konsesjon i siste instans skal avgjerast etter energilova.

 

Konklusjon: 

Rådmannen kan ikkje sjå at det er vesentlege feil i sakshandsaminga, i alle høve ikkje feil som har hatt verknad på det aktuelle vedtaket.

 

Klagene vert tilrådd avslått, og vidaresendt til fylkesmannen for endeleg vedtak.

 

 

Oppsetjande verknad:

Klagaren har sett fram krav om oppsetjande verknad av klagen. Rådmannen ser ikkje at det i at det i klagedokumentet er framført moment som gjer at det vil vera naturleg å imøtekoma dette forholdet.

Det er ikkje noko å iverksetja, vil ikkje skje fysiske tiltak eller uopprettelege handlingar elles i handsamingstida for klagen. Oppsetjande verknad har dermed ikkje noko tyding for realiteten i saka eller klagaren sin rettslege situasjon, noko som er eit vilkår for å gje oppsetjande verknad etter § 42 i forvaltningslova.

 

Kravet vert difor ikkje tilrådd imøtekome.

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker kan ikkje sjå at det er grunnlag for å gje medhald til klagaren.

Klagen vert å senda fylkesmannen for endeleg avgjerd.

 

Klagen får ikkje oppsetjande verknad.

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Harry Herstad

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               L8

Saksmappe:      07/00331-2

Sakshandsamar:           Atle Tornes

Dato:                04.09.2007

MØTEBOK

Midtfjellet Vindpark - Oppstart av planarbeid 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

085/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

 

Samandrag:

1.      Skriv frå Akvator AS dagsett 30.08.07.

 

Utrykte vedlegg:

1.      Anleggskonsesjon for Midtfjellet Vindkraft AS, jfr skriv frå NVE dagsett 19.02.07.

2.      Reguleringsplan for Midtfjellet Vindpark, stadfest kommunestyret 27.06.07.

Saksopplysningar:

Midtfjellet Vindkraft har gjennom tildelt konsesjon og godkjent reguleringsplan fått løyve til å byggja ein vindpark i Midtfjellet. Både reguleringsplan og konsesjon føreset at det som grunnlag for tiltaka innanfor spesialområde vindkraft skal utarbeidast utbyggingsplan etter § 28-2 i PBL for området jfr. § 2 pkt 2.2 i reguleringsplanen.

Tilsvarande er det som krav i konsesjonen sett krav til detaljplan etter energilova.

 

Midtfjellet Vindkraft ynskjer no å laga utbyggingsplan for to moglege møllealternativ, eit på 40 og eit på 44 eller 45 møller. Eit av forslaga vil bli lagt fram for kommunen når Midtfjellet Vindkraft har gjort endeleg val av alternativ.

 

Både reguleringsplanen og konsesjonen er påklaga, og endeleg avgjerd ligg ikkje føre.

 

 

Vurdering:

Det har heile tida vore føresett at endeleg mølletal og plassering skal fastleggjast i utbyggingsplan. Det føreset full høyringsrunde for utbyggingsplanen.

Detaljplanen etter energilova skal fastsetjast av NVE, i samråd med kommunen.

Det bør då bli parallell sakshandsaming av desse, må evt. Høyringar kring detlajplanen gjerast av NVE.

 

Administrasjonen ser ikkje noko til hinder for at det blir varsla oppstart av planarbeid på to alternative møllealternativ.

Om begge alternativa seinare skal sendast ut på høyring, eller om Midtfjellet Vindkraft ynskjer høyring av berre eitt, vert å avgjera seinare.

 

Sidan det er klaga på både reguleringsplanen og sakshandsaming av denne, føreset handsaming av oppstartsvarselet at utvalet har handsama desse sakene.

Det skulle ikkje vera nødvendig å avventa endeleg avgjerd av klagar på reguleringsplanen og konsesjon, då planarbeidet kan stansast umiddelbart utan konsekvensar for andre enn tiltakshavar, dersom klagene får medhald.

 

Under føresetnad av at klagene på sakahandsaming og på stadfesting av reguleringsplan ikkje vert gjeve medhald eller oppsitjande verknad av planarbeidet, rår ein til eit slikt vedtak:

 

 

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

I samsvar med reglane i plan og bygningslova si §2  7-1 vert det varsla oppstart av planarbeid for bebyggelsesplan etter plan og bygningslova si § 28-2, for Midtfjellet Vindpark.

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Harry Herstad

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               L12

Saksmappe:      07/00267-7

Sakshandsamar:           Torgeir Steien

Dato:                29.08.2007

MØTEBOK

Engevik & Tislevoll - delplan for gnr. 61/399 - Frode Fitjar H1, H2, HN1 og S 12

 

Utval sak

Utval

Møtedato

086/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

Vedlegg:

Kart over delområdet. Oversiktskart. Føresegner.

 

Utrykte saksdokument:

Uttale frå Hordaland fylkeskommune. Merknad frå eigar av naboeigedom. Planomtale.

Oversendings brev frå fitjar kommune til Hordaland fylkeskommune og fylkesmannen i Hordaland.

Samandrag:

Saka gjeld delplan for områda  H1, H2, HN1 og S 12 nord i Kråko. Tiltaket er i hovudtrekk i samsvar med godkjend reguleringsplan for området.

Administrasjonen tilrår at planen vert godkjend slik den ligg føre.

Saksopplysningar:

Delområda H1, H2, HN1 og S 12. ligg nord i Kråko.

 

Delplanen er basert på godkjend reguleringsplan for Kråko. Det er føreteke nokre små justeringar i høve til denne. Dette gjeld vegføring til område HN1, samt storleik av området HN1. Elles er delplan i samsvar med reguleringsplanen, både med omsyn til tal på einingar og maks BYA.

 

Området er planlagt med 10 stk. frittståande hytter og 8  stk. strandhus, som i godkjend reguleringsplan.

 

Strandhusa vert delt opp i grupper på 2 til 3 bygg. Framom strandhusa vert det lagd tilrett med felles kai, denne skal og kunne nyttast av eigarar/leigarar av båtplass i felles bryggjeanlegg.

 

Som bakvegg på strandhusa skal det nyttast betong, dette for å kunna heva terrenget mot veg og parkeringsplass. Elles vert dei andre veggane kledd med liggjande vestlandskledning. Takvinkel skal vera mellom 30 og 40 grader. Taktekking vert takstein.

Husa skal ha to etasjar i tillegg til loft og skal utformast og malast i størst mogeleg grad med tanke på tradisjonar på tidlegare sjøhus oppført i tradisjonell kystutforming.

 

Hyttene vert plassert med tanke på visuell kontakt med sjøen. Kotehøgdane er tilpassa terreng for å gje minst mogeleg inngrep i terreng.

Hyttene kan ha takvinkel på inntil 40 grader.

Materialbruk på yttervegger skal være trepanel malt i tradisjonell farge, eventuelt i kombinasjon med murer av naturstein.

 

I samsvar med reguleringsplan kan BYA være inntil 20 % av byggeområdet for frittståande bygningar.  For strandhusa er BYA sett til 60 %.

 

Område for frittståande bygningar (hytter)  er på 8516 kvadratmeter. Område avsett til strandhus er på 2085 kvadratmeter.

 

Høgde på sokkel og møne:

Tomter som ligg i skrånande terreng, skal kunna ha golv på ”to” plan og det skal vera mogeleg med hems.

 

Utnytting av område for småbåthamn er vist i plankartet, som syner plassering av flytebryggjer, område for servicebygg og område for slipp/båtopptrekk.

 

Alle vegar og parkeringsplassar er planlagd mest mogeleg i samsvar med gjeldande reguleringsplan, men med ein del justeringar for å gje best mogeleg tilpassing i terreng.

 

I sak 087/07 vart det fatta vedtak om å leggja plan med føresegner ut til offentleg ettersyn. Vedtaket vart fatta av konstituert plan og utviklingssjef og leiar av utval for plan og miljø/fast utval for plansaker.

 

Plan med føresegner låg ute til offentleg ettersyn i tida 09.07 – til 17.08  2007.

Frå eigar av naboeigedom ligg det føre følgjande merknad:

 

Underteikna er grunneigar av gnr. 61  bnr. 6 på Vestbøstad, som mellom anna femner om del av båthamn S12 i reguleringsplan for Kråko.

 

Då eg forstår det slik at kommunen vel å handsama delplan for den del av S12 som ligg på Frode Fitjar sin eigedom isolert, ber eg om at same innfallsvinkel vert nytta når eg legg fram delplan for min del av S12, venteleg i løpet av hausten. Delplan er under utarbeiding hjå Plan Vest.

 

Underteikna har inkje å utsetje på den framlagde planen.

 

Av høyringsinstansane, er det berre Hordaland fylkeskommune ved Strategi og næringsavdelinga som har kome med uttale til planen.

 

I uttale frå Fylkeskommunen står det følgjande:

 

Viser til brev dagsett 09.07.07 om offentleg høyring av utbyggingsplan for delar av Kråko, Fitjar kommune. Føremålet med planen er å detaljera utbygginga i gjeldande reguleringsplan.

 

Hordaland fylkeskommune vurderer planen ut frå regionale interesser nedfelt i fylkesplanen/fylkesdelplanar og som regional kulturminnestyremakt. Ut frå dei opplysningane som ligg føre, kan det sjå ut som om ei reguleringsendring hadde vore det mest telege plangrepet for endringane i planområdet. Vi har likevel ikkje merknader i saka, anna enn at vi føreset at eventuelle endringar vert gjort på ein skånsam måte i høve til terreng og landskapsbilete.

 

Hordaland fylkeskommune, kultur og idrettsavdelinga, har vurdert saka som regional sektorstyresmakt innan kulturminnevern.

 

Vi har i dag ikkje kjennskap til automatisk freda kulturminne eller andre verneverdige kulturminne i det aktuelle planområdet. Vi har derfor ingen avgjerande merknader i saka, utover at ein under opparbeiding av feltet søkjer å ungå inngrep i/skade på eventuelle kulturlandskapstrekk som steigardar, eldre vegar/stiar bakkemurar, tufter m.m.

 

Elles gjer vi merksam på at tiltakshavar har plikt til å vise aktsemd, og til straks å melde frå til Hordaland fylkeskommune dersom ein i samband med tiltaket skulle støyte på automatisk freda kulturminne (jfr. Kulturminnelova § 8.2) Slik gransking vil verte utført mindre enn 3 dagar etter at vi har fått melding om mogelege funn.

 

 

 

 

Vurdering:

Framlegg til delplan for H1, H2, HN1 og S 12, er som nemnd i hovudtrekk i samsvar med gjeldande reguleringsplan for området.

Dei endringar som er gjort, er gjort for at det skal bli best mogeleg tilpassing til terreng for dei einskilde tiltaka i planområdet.

 

Framlegg til delplan med føresegner har vore oversend høyringsinstansane for uttale.

 

Fylkesmannen i Hordaland ved landbruksavdelinga har ikkje merknader til planframlegget.

 

Hordaland fylkeskommune har nokre merknader til planframlegget, men dei går ikkje i mot at plan vert godkjend slik den ligg føre.

 

Eigar av gnr. 61   bnr. 6 har ikkje merknad som går i mot planframlegget.

 

Fylkesmannen i Hordaland, ved miljøvernavdelinga har ikkje kome med uttale i saka.

 

Slik administrasjonen ser saka, vil ein tilrå at framlegg til delplan, med tilhøyrande føresegner, for delområde H1, H2, HN1 og S12 vert godkjend slik den ligg føre og at vedtaket vert å kunngjera i samsvar med reglane i plan og bygningslova si § 27-2.3.

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Med heimel i plan og bygningslova si § 28-2 godkjennar utval for plan og miljø/fast utval for plansaker, delplan for områda H1, H2, HN1 og S12 slik den ligg føre.

Plan med føresegner vert å kunngjera i samsvar med reglane i plan og bygningslova si  § 27-2.3.

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Haldor Fosse

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               L12

Saksmappe:      07/00139-10

Sakshandsamar:           Torgeir Steien

Dato:                03.09.2007

MØTEBOK

Framlegg til delplan for områda HN7, N8 og S5. 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

087/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

Vedlegg:

Framlegg til delplan med føresegner, oversiktskart, foto over området.

(Snitt som syner bygningane si plassering for eit alternativ som er i samsvar med gjeldande reguleringsplan for Kråko)

 

Utrykte saksdokument:

Fitjar kommune sitt oversendingsbrev til høyringsinstansane. Vedtak om utlegging til offentleg ettersyn, sak 089/07. Vedtak om utlegging vart gjort av leiar for utvalet og sakshandsamar på sommerfullmakt. Uttale frå fylkesmannen i Hordaland ved landbruksavdelinga. Uttale frå  Hordaland fylkeskommune. Merknader frå grunneigarar i Littla Kråko.

Samandrag:

Saka gjeld framlegg til delplan for område HN7, N8 og S5. For å unngå store terrenginngrep, er det søkt om dispensasjon frå reguleringsplan for området.

Dispensasjonssøknaden går ut på å flytte tiltaka lenger mot vest, dvs. lenger ut i Kråkevågen.

Administrasjonen vil tilrå at det vert gjeve dispensasjon under visse føresetnader.

Saksopplysningar:

Saka gjeld framlegg til delplan for områda HN7, N8 og S5 (i tidlegare sak og i utlysning er det diverre nytta S6 i staden for S5).

 

For å unngå store terrenginngrep i bakkant av naustrekkene, er det søkt om dispensasjon frå reguleringsplanen. (vedlegg nr. 5, plassering i samsvar med reguleringsplan)

 

Vidare er det og av omsyn til tilflott til båthamna og ønskjeleg med dispensasjon frå reguleringsplanen. Desse nemnde tilhøva fører til at delområda HN7, N8 og S6 vert trekt lenger vest og lenger ut i Kråkevågen.

 

I følgjebrev er det søkt om 15 naust, medan plankart syner 16 naust. 

 

I Fitjar kommune sitt oversendingsbrev av 11.07.2007, til høyringsinstansane, står det følgjande:

 

I sak 089/07 vart dette fatta vedtak om å leggja framlegg til delplan for områda HN7, N8 og S5 i Kråko ut til offentleg ettersyn.

 

HN7, N8 og S6 ligg sør/vest i Kråko og grensar opp mot reguleringsplan for Littla Kråko.

 

Delplan for dei nemnde områda har eit avvik frå reguleringsplan for Kråko.

 

Områda er trekt lengre mot vest for å unngå ei høge skjering bak nausta, jfr. Vedlage fotodokumentasjon og alternativ plan (som er i samsvar med reguleringsplan), med tilhøyrande terrengprofilar.

 

Utbyggjar ønskjer å søkja om dispensasjon frå reguleringsplanen vedkomande plassering av delområda (trekkja dei noko mot vest), for å få betre terreng tilpassing av utbyggingsområda.

 

For veg ned mot Kråkevågen er det og eit lite avvik i forhold til reguleringsplanen, dette og av terrengmessige omsyn.

 

Utbyggjar ønskjer at tiltaka skal tilpassast terreng og ikkje omvendt at terreng vert tilpassa tiltaka, noko som vil vera ein realitet dersom ein følgjer gjeldande reguleringsplan.

 

Framlegg til delplan med profilar av terreng følgjer vedlagd og det er det alternativet kor det er satt eit rødt kryss over som er i samsvar med reguleringsplan for Kråko.

Det andre alternativet utan kryss, er det alternativ ein ønskjer å byggja ut etter og som det vert søkt om dispensasjon for.

 

Framlegg til delplan ligg til offentleg ettersyn i tida 09.07.07 til og med 17.08.07.

 

Administrasjon og utbyggjar vonar at det kan gjevast dispensasjon, slik at det kan byggjast ut etter det alternativ som gjev best terrengtilpassing av tiltaka.

 

Det ligg føre følgjande uttale, datert 15.08.2007,  frå fylkesmannen i Hordaland ved landbruksavdelinga og i denne står det:

 

Fylkesmannens landbruksavdeling har ingen landbruksfaglige merknader til planen.

 

Frå Hordaland fylkeskommune ligg det føre følgjande uttale, datert 14.08.2007:

 

Viser til brev av 11.07.07 og motteke 16.07.07, om offentleg høyring av utbyggingsplan for delar av Kråko, fitjar kommune. Føremålet med planen er å detaljera utbygginga i gjeldande reguleringsplan. I tillegg legg planen opp til ei omlegging av veg, justering av føremålsavgrensing, tilrettelegging for bølgjebrytar og utfylling i framkant av naust.

 

Hordaland fylkeskommune vurderer planen ut i frå regionale interesser nedfelt i fylkesplanen/fylkesdelplanar og som regional kulturminnestyresmakt. Ut i frå dei opplysningane som ligg føre, kan det sjå ut som om ei reguleringsendring hadde vore det mest tenlege plangrepet for endringane i planområdet.  Vi har likevel ikkje merknader i saka anna enn at vi føreset at eventuelle endringar vert gjort på ein skånsam måte i høve terreng og landskapsbilete.

 

Hordaland fylkeskommune, kultur og idrettsavdelinga, har vurdert saka som regional sektorstyresmakt innan kulturminnevern.

 

Vi har i dag ikkje kjennskap til automatisk freda kulturminne eller andre verneverdige kulturminne i det aktuelle planområdet. Vi har derfor ingen avgjerande merknader i saka, utover at ein under opparbeiding av feltet søkjer å unngå inngrep i/skade på eventuelle kulturlandskapstrekk som steingarder, eldre vegar/stiar, bakkemurar, tufter m.m.

 

Elles gjer vi merksam på at tiltakshavar har plikt til å vise aktsemd, og straks å melde frå til Hordaland fylkeskommune dersom ein i samband med tiltaket skulle støyte på automatisk freda kulturminne (jfr. Kulturminnelova § 8.2 ledd). Slik gransking vil verte utført mindre enn 3 dagar etter at vi har fått melding om moglege funn.

 

Hordaland fylkeskommune har ingen merknader til planforslaget anna enn atterhalda om landskapstilpassing og kulturminne.

 

Frå fleire hytteigarar på Litla Kråko ligg det føre følgjande merknad, datert 14.08.2007:

 

Merknad frå fem hytteeigarar på Litla Kråko til søknad om regulering av byggjeområde HN7, N8 og S5.

 

I delplan for Kråko lagt ut til offentleg ettersyn, ser vi at det er prosjektert omfattande planar for utnytting av Kråkevågen.

Desse planane er så avvikande frå den fyrste reguleringsplana, og har så store konsekvensar for natur, miljø og trivsel for oss etablerte oppsitjarar at vi tillet oss å koma med merknad til framlegget.

 

For at prosjektert framlegg skal kunne gjennomførast, krevst det store inngrep i strandlinjesona. Det vil seie sprengning med høge skjeringar, storskala utfylling i sjø og bølgebrytar i betong nært opp til midtlina.

 

For oss som har hytte på andre sida av Kråkevågen, vert dette vår utsikt til nærmiljøet. Samstundes vert det lyd av rørsle i småbåthamna som vi vil høyre heile døgeret når det er vind og båtar passerer lengre ute.

 

Vi hadde ingen merknad til fyrste planutkast som vi opplevde som innafor tålegrensa.

Vi ynskjer at fleire kan ta del i dei kvalitetane Kråkevågen har som fritidsområde i si noverande form. Men med storskala utnytting av Kråkevågen, meiner vi at miljøendringane får så store konsekvensar at det for oss ikkje fell innafor tålegrensa.

 

Dette gjer at vår oppleving av hytta som ein fredeleg stad i naturlandskapet vert kraftig kvalitetsforinga om prosjekterte planar vert innvilga av fitjar kommune.

 

Vurdering:

Som nemnd i saksopplysningar er det avvik vedkomande tal på naust, tekstdel seier 15 naust medan kart syner 16 einingar.

 

Ved å studera gjeldande reguleringsplan for området, finn administrasjonen det naturleg at naustet nærast opp mot hyttenausta bør/må gå ut av plankartet.

 

Vidare må det gjerast endring når det gjeld kai i området for hyttenaust. Etter gjeldande reguleringsplan for Kråko, kan det berre førast opp brygge for inntil 40 % av strandlina.

(Det er ikkje søkt om dispensasjon vedkomande dette punktet.)

 

Ein vil difor tilrå at 60 % av den nordlege delen av kai i området vert fjerna.

Dette for å få utnytting i samsvar med gjeldande reguleringsplan, samt for å unngå at tiltaket kjem i konflikt med tiltak i gjeldande reguleringsplan for Litla Kråko.

 

Storleik og høgde på hyttenausta og nausta går fram av plankart og snitteikning.

 

Vedkomande merknader frå hytteigarar i Litla Kråko, så går ein av merknadane på utnyttinga av delområdet gjev større utnytting enn i gammal plan for Kråko.

Dette er rett, utnyttinga i området er større enn det var i gammal plan.

Men delplan for delområda syner ikkje større utnytting enn det som er vedteken i gjeldande (ny) plan for Kråko.

Ein kan dermed ikkje utan vidare leggja vekt på denne merknaden då dette burde vore teken opp under sjølve reguleringssaka, då reguleringsplan for Kråko låg ute til offentleg ettersyn.

 

Elles går merknad frå grunneigarar i Litla Kråko på store terrenginngrep, sprenging og skjemmande skjeringar etc.

 

Ein av grunnane til at tiltakshavar søkjer om dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan og ynskjer å flytta tilta mot vest og lenger ut i Kråkevågen, er for å unngå skjemmande skjeringar.

 

Med visning til saksopplysningar og vurdering vil administrasjonen rå til at justert plan for delområda HN7, N8 og S5 vert godkjend med mindre justeringar. (Kai ved område HN7 må reduserast slik at denne vert i samsvar med reguleringsføresegnene for Kråko.)

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Utval for plan og miljø/fast utval for plansaker dispenserer frå  gjeldande reguleringsplan for Kråko og godkjennar justert delplan for delområda HN7, N8 og S5.

 

Plankart må endrast, slik at det syner kai på inntil 40 % av strandlina ved område HN7.

Vidare må plankart vise 15 nausteiningar (som i søknad), slik at kart og tekstdel vert lik.

 

Vedtaket er fatta med heimel i plan og bygningslova si § 7 og § 28-2.

Vedtaket vert å kunngjera i samsvar med reglane i plan og bygningslova si § 27-2.3., når nødvendige endringar er gjort i plankart.

 

Ein gjer merksam på at vedtaket kan påklagast og er ikkje gyldig før klagefrist er ute og det eventuelt ikkje ligg føre klage på vedtaket.

 

Elles gjer ein merksam på at tiltak i området er søknadspliktige, gjeld og tiltak i sjø som og krev Kystverket Vest si godkjenning.

 

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Haldor Fosse

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               61/53

Saksmappe:      06/00157-9

Sakshandsamar:           Torgeir Steien

Dato:                04.09.2007

MØTEBOK

Terje Lamo for Alf Rune Riise:Søknad om dispensasjon frå - avstand mot eigedomsgrense. 61/53. 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

088/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

Vedlegg:

Situasjonskart.

 

Utrykte saksdokument:

Søknad om rammeløyve med tilhøyrande teikningar og nabovarsling.

Søknad om løyve til igangsetting med tilhøyrande ansvarsrettar.

Søknad om dispensasjon vedkomande avstand mote eigedomsgrense.

Fråsegn frå Ole Johan Waage. Fråsegn frå Werner Hagerup.

Samandrag:

Saka gjeld søknad om dispensasjon frå avstandskrav etter plan og bygningslova             si § 70.2., for plassering av hytte på gnr. 61  bnr. 53.

 

Administrasjonen vil tilrå at det vert gjeve nødvendig dispensasjon.

Saksopplysningar:

I sak 085/06 vart det gjeve rammeløyve for oppføring av hytte på gnr. 61   bnr. 53 i Kråko.

 

Hytta er noko større enn det som står i gjeldande delplan for området, men søknad om rammeløyve kom inn før nemnde delplan og er difor handsama etter dei ”gamle” føresegnene for Kråko.

 

I rammeløyve i sak 085/06 vart det sett nokre atterhald som måtte på plass før det eventuellt kunne søkjast om løyve til igangsetting.

 

Ein del av atterhalda i rammeløyve i sak 085/06 var på plass ved søknad om løyve til igangsetting, men det mangla ein vesentleg ting.

Hytta står delvis inne på gnr. 61  bnr. 371. Det skal føretakast eit makebyte mellom eigar av bnr. 371  og bnr. 53, men dette er ikkje gjennomført.

For at ein skal kunna gje løyve til igangsetting, på annan mann si eigedom, må det liggja føre skriftleg løyve til dette. Dette er nå på plass, jfr. Avtale mellom Waage Eigedom og

Alf Rune Riise.

 

Etter makebyte/grensejustering, vil nemnde hytte få ei avstand til gnr. 61  bnr. 226 på 3,2 meter jfr. situasjonskart. 

 

Det ligg føre skriftleg løyve til dette frå eigar av gnr. 61  bnr. 226.

Vurdering:

Det har vore ein del att og fram i saka, etter at det vart gjeve rammeløyve for oppføring av hytta, men nå skal all nødvendig dokumentasjon vera på plass.

 

Det er søkt om makebyte mellom bnr. 53 og bnr. 371, ei sak som vil medføra at hytta   vert liggjande på søkjar si eigedom når makebytet er gjennomført.

I mellom tida vert delar av hytta liggjande på bnr. 371, men det ligg føre skriftleg løyve til dette.

 

Når det gjeld avstand mot grensa til gnr. 61  bnr. 226, så kan kommunen gje løyve til dette sidan det ligg føre skriftleg løyve til dette frå eigar av bnr. 226.

 

Administrasjonen vil difor rå til at det vert gjeve løyve til plassering av hytte på gnr. 61  bnr. 53 slik det går fram av søknad.

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Utval for plan og miljø/fast utval for plansaker godkjennar plassering av hytte på gnr. 61  bnr. 53 og bnr. 371 slik det går fram av søknad.

 

Løyvet er fatta med heimel i plan og bygningslova si § 70-2.a.

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Haldor Fosse

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               83/2

Saksmappe:      06/00533-2

Sakshandsamar:           Torgeir Steien

Dato:                05.09.2007

MØTEBOK

Knut Bjordal for Anna Bjordal vedk. søknad om løyve til tiltak vedk brygge og planering av nedre del av tomt 83/2 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

089/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

Vedlegg:

Situasjonskart. Oversiktskart. Teikningar. 3 foto.

 

Utrykte saksdokument:

Søknaden. Kopi av nabovarsel.

Samandrag:

Saka gjeld søknad om planering av nausttomt, fylling i sjø, bygging av kai.

Administrasjonen vil tilrå at det vert gjeve løyve til tiltaka.

Saksopplysningar:

Saka gjeld søknad om planering av nausttomt, fylling i sjø og bygging av kai på gnr. 83  bnr. 2. Engevik.

 

Søkjar er Knut Bjordal, for Anna Bjordal.

 

Etter gjeldande kommune er området vist som område for naust og det er fleire nausttomter i området.

 

Når det gjeld vedteken arealbruk i sjø, så er denne LNF-område i sjø og vassdrag.

I føresegnene til kommuneplanen står det at det må ikkje setjast i verk tiltak som hindrar ålmenta sin bruk av området som friluftsområde.

 

Området ein ønskjer å planera er på 19 X 9 meter. Området kor ein ønskjer å fylla i sjø er på 15 X 10,5 meter. (ved fjære sjø ligg fyllinga på ”land” jfr. vedlagde skisse).

 

Sjølve kaien vert på 6 x 7 meter, og vil liggja i sjøarealet.  (LNF-området).

 

Dette medfører at fylling i sjø og kaien krev dispensasjon frå vedteken arealbruk etter kommuneplanen.

 

Vidare treng og dei delar av tiltaket som ligg i sjøarealet Kystverket Vest si godkjenning.

 

Saka må difor og godkjennast av Kystverket, samt at saka må til uttale hos høyringsinstansane før kommunen kan fatte endeleg vedtak i saka.

Vurdering:

Med visning til saksopplysningar og det faktum at det er etablert fleire nausttomter i området og at dei delar av tiltaket som ligg på land er i samsvar med kommuneplanen, vil administrasjonen tilrå at det vert gjeve dispensasjon frå vedteken arealbruk i sjø areal.

 

Som nemnd kan ikkje kommunen fatte endeleg vedtak i saka, før det ligg føre uttale frå høyringsinstansane og at Kystverket Vest har gjeve si godkjenning av dei delar av tiltaket som ligg i sjø.

 

 

Administrasjonen tilrår difor at saka vert send på uttale til høyringsinstansane, i samsvar med reglane i plan og bygningslova si § 7.

 

Vidare at saka vert send Kystverket Vest, for eventuell godkjenning av dei delar av tiltaket som ligg i sjø.

 

Administrasjonen har følgjande framlegg til vidare handsaming av saka, etter at saka har vore til uttale hos nemnde instansar:

 

Dersom ingen av høyringsinstansane går i mot planane og at tiltaket vert godkjend av Kystverket, då vert administrasjonen gjeve fullmakt til å fatta endeleg vedtak i saka.

 

Dersom ein eller fleire av nemnde instansar går i mot tiltaket, då vert saka handsama som vanleg sak av utval for plan og miljø/fast utval for plansaker.

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Med heimel i plan og bygningslova si § 7, tilrår utval for plan og miljø/fast utval for plansaker at det vert gjeve dispensasjon frå vedteken arealbruk etter kommuneplanen, slik at tiltak på gnr. 83  bnr. 2 kan gjennomførast slik det er skissert i søknad.

 

Når det ligg føre svar frå høyringsinstansane og Kystverket Vest, vert det å fatta endeleg vedtak i saka.

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Haldor Fosse

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               83/2

Saksmappe:      06/00527-2

Sakshandsamar:           Ove Gjerde

Dato:                29.08.2007

MØTEBOK

Anna Bjordal - Søknad om deling/Rekvisisjon av kartforretning nausttomt gnr. 83 bnr. 2 Engevik søndre 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

090/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

Dokument:

  1. Søknad om deling/Rekvisisjon av kartforretning, dagsett 14.12.06
  2. Nabovarsel, dagsett m.a. 17.12.06
  3. Kopi av Utskiftingsprotokoll frå 1891, inkludert kart
  4. Kart i M=1:1500 som m.a. syner omsøkt parsell

 

Søkjar : Anna Bjordal, 5419 Fitjar

Kjøpar : Knut Bjordal, 5419 Fitjar

 

Bakgrunn for saka:

Det vert søkt om deling av ein eksisterande naustparsell på omlag 180 m2, som m.a. tidlegare er delt frå bruka på  Engevik søndre. Tiltaket er m.a. vist i Utskiftingsprotokoll frå 1891, inkludert kart som føl saka.

 

Plansituasjonen:

I kommuneplanen 2002-2013 er arealet der omsøkt parsell ligg, sett av til Område for naust.

I føresegnene finn ein m.a.;

1.5       Føresegner for områder avsett til naust   

For bygging i dei eksisterande områda gjeld Pbl. § 20 – 4 andre ledd .b. Det kan setjast som vilkår om tilfredsstillande tilkomst og parkering i /til området.

a)       Nausta skal førast opp i ein tradisjonell byggjestil, ha møna tak med ein takvinkel som samsvarer med bygningsmiljøet i bygningsgruppa.

b)       Byggehøgd skal ikkje overstige 5,5 m målt frå lågaste punkt ved veggliv og til møne. Breidde på bygningane skal ikkje overstige 6 m.

c)       Materialbruk og fargeval skal ikkje skilje seg ut i høve til andre bygningar i bygningsgruppa og elles vere tilpassa naturmiljøet det står i.

d)       For at naustmiljøa ikkje skal verte for einsidige, skal det oppmodast til variasjon. Nausta må variere i storleik, farge og materialbruk (innanfor rammene). Det er ikkje tillate å føre opp meir enn tre like naust i samme naustområde.

e)       For kulturmiljøa i Gloppevågen og Tuftalandsvågen gjeld særlege krav om at nye bygningar og vedlikehald av eldre bygningar føyer seg inn i det eksisterande bygningsmiljøet når det gjeld materialval og fargebruk. Det skal nyttast naturstein i fundament, trekledning som samsvarar med eksisterande bygningsmiljø på yttervegger og stein eller panner på tak.

f)         Naust skal ikkje innreiast med rom rekna for varig opphald.

 

Vurdering:

PBL

Omsøkt tiltak ligg i eit område som er sett av til naustføremål, slik at søknaden er i tråd med godkjent arealforvaltning.

Føresegnene for område som er sett av til naust, gjev klar føring for eventuelle bygg på omsøkt parsell.

 

Jordlova:

§ 12 i jordlova inneheld eit generelt forbod mot deling av eigedomar som er nytta eller kan nyttast til landbruk, utan løyve frå departementet.  Med eigedom meiner ein og rettar som ligg til eigedomen og partar i sameige.  Forbodet mot deling gjeld og forpakting, tomtefeste og liknande leige eller bruksrett til del av eigedom når retten er stifta for lengre tid enn 10 år eller ikkje kan seiast opp av eigaren (utleigaren).

Departementet kan gje samtykke dersom samfunnsinteresser av stor vekt taler for det, eller deling er forsvarleg, ut frå omsynet til den avkasting eigedomen kan gje.  Ved avgjerd skal det mellom anna takast omsyn til om delinga kan føra til drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket i området.  Det skal og takast omsyn til godkjende planer som ligg føre, jfr. arealbruken etter plan- og bygningslova og omsynet til kulturlandskapet. 

Målet med jordlova sitt delingsforbod er å sikra at driftseininga sitt ressursgrunnlag ikkje vert redusert.

Omsøkt deling vil ikkje føra til nemnande reduksjon av ressursgrunnlaget knytt til bruket.

Tilkomsten, til parsellen vert som før, og føl oppjustert og nyss godkjent vegframføring ned til området. Det vert ingen endringar i den noverande situasjonen for veganlegget/avkøyring m.m.

 

Konklusjon:

Med bakgrunn i søknaden og realitetane i saka, kan omsøkt deling godkjennast.

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Fitjar kommune, Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker syner til søknad, vurderinga i saka og godkjenner ei frådeling av ein naustparsell frå gnr. 83 bnr 2 av Engevik søndre. Parsellen har eit areal på om lag 180 m2 og ligg i eit område som i kommuneplanen er sett av til Område for naust.

 

Vedtaket er gjort i medhald av §§ 9 og 12 i Jordlova, samt §§ 20-4, 63 og 93 i PBL..

 

Godkjenninga vert gjort med slikt atterhald:

1.      Det skal sikrast tinglyst tilkomst/vegrett fram mot parsellen. Dersom det skal nyttast biloppstillingsplass utanom omsøkt parsell, må det også tinglysast slik rett, jamfør § 66 pkt. 1 i PBL. 

  1. Dersom funn eller konstruksjonar kjem fram i samband med aktivitet/arbeid på parsellen/i området, skal aktiviteten/arbeidet stansast og fylkeskonservatoren få melding for ei nærare gransking på staden jfr. Lov om kulturminne § 8, 2. ledd.
  2. Kommunen føreset vidare tiltak som vert gjort på omsøkt parsell m.m. og i det aktuelle området, er i tråd med intensjonen til ei kvar tid gjeldande planar (kommuneplan m.m.)

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Haldor Fosse

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               K6

Saksmappe:      02/00140-36

Sakshandsamar:           Ove Gjerde

Dato:                29.08.2007

MØTEBOK

Kobbevik og Furuholmen oppdrett AS - Søknad om utviding av eksisterande oppdrettslokalitet ved Hageberg - Uttale frå Fitjar kommune

 

Utval sak

Utval

Møtedato

091/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

 

Dokument:

1.      Brev frå Fiskeridirektoratet, dagsett 12.07.06 – Kobbevik og Furuholmen oppdrett AS – Endring av anlegg lok Hageberg. Sendinga inneheld relevante opplysningar om søknaden/lokaliteten, kart i ymse målestokkar, som syner plasseringa av anlegget/tiltaket, samt straummålingar relatert til omsøkt lokalitet.

2.      Kopi av brev frå Fitjar kommune, v/Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor, sendt til Norsk Lysingsblad, Sunnhordland og Haugesunds Avis, dagsett 10.09.06  Annonsetekst, offentleg ettersyn

3.      Kopi av brev frå Fitjar kommune, v/Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor, sendt Fylkesmannen i Hordaland, Miljøvernavdelinga og Hordaland Fylkeskommune, dagsett 10.09.06 – Utviding av eksisterande lokalitet v/Hageberg i Fitjar kommune…

4.      Advokat Finn A Møllerhaug (for Otto Hageberg) – Merknad til søknad om utviding av eksisterande oppdrettslokalitet ved Hageberg, dagsett 09.10.06 (vedlagt)

5.      Alice og Øystein Mehammer – Merknad til søknad om utviding av eksisterande oppdrettslokalitet ved Hageberg, dagsett 09.10.06 (vedlagt)

 

Bakgrunn:

Kobbevik og Furuholmen oppdrett AS søkjer om endring/utviding av eksisterande oppdrettslokalitet (laks og aure) ved Hageberg i Fitjar kommune.

 

Omsøkt lokalitet har ein konsesjonsbiomasse på 2.340 tonn. I samband med det nye tiltaket, vert det søkt om å leggja ut ein 160 meter ring i nordvestre enden av det eksisterande anlegget.

 

Plansituasjonen:

Plasseringa av det eksisterande anlegget er tidlegare godkjent ligg i eit område som i kommuneplanen 2002-2013 er synt som; Ikkje føremålsbestemt område i sjø (IF). Område der arealbruken ikkje er vurdert. Utlegginga av den nye ringen vil då også verta liggjande i IF-området.

 

Sakshandsaminga:

Fitjar kommune skal i denne omgang gjera turvande utlysing/kunngjering av tiltaket, samt med bakgrunn i desse m.m., koma med ein uttale i saka. Saka har lagt på vent i lengre tid, m.a. grunna revisjon av arealdelen i kommuneplanen. Framdrifta i kommuneplanarbeidet har sgs stoppa opp, og kommunen kan ikkje lenger venta med å framføra uttalen i saka, slik at Fiskeridirektoratet kan gi turvande vedtak.

 

Merknader til endringa/utvidinga;

Advokat Finn A Møllerhaug – kjem m.a. innleiingsvis med kritikk av kommunen si tidlegare handsaming av saka og tilhøve til arealdisponeringa i kommuneplanen.

Vidare er det ein generell opplysning, der det vert vist til eit artikkel hjå nettsida til World Wildlife Fund - ”Et oppdrettsanlegg slipper ut næringsstoffer tilsvarende en liten by”. Som oppfølging av dette meiner Møllerhaug at kommunen har forsømt si plikt som forureiningsmynde.

Kunngjeringa av endringa i anlegget meiner advokaten ei heller er gjort på rett vis, men meiner at sakshandsamaren tidlegare hadde lova å gi beskjed til Otto Hageberg, dersom det var høve som galdt anlegget m.m.

 

Advokaten vil på vegner av Otto Hageberg be om at kommunen som planstyresmakt og lokal forureiningsmynde rå til at fiskeristyresmaktene avslår søknaden.

 

Kommentar frå kommunen:

Då saka sist var handsama i kommunen (PM/FUP 072/02), vart det m.a. på bakgrunn av opplysningar frå Miljøvernavdelinga lagt mal for handsaminga i høve arealdisponeringa.

I møteboka finn ein m.a.; ”Kommunen har vore i kontakt med overordna mynde (m.a. miljøvernavdelinga), når det gjeld plasseringa, sett i høve til kommuneplanen.

På bakgrunn av den konkrete plasseringa m.a. i Ikkje føremålsbestemt område, er det i denne omgang ikkje funne grunn til å senda saka ut på høyring, jfr. § 7 i PBL.

Dersom fiskerisjefen finn at dette skal gjerast, reknar kommunen med at dette vert gjort før eventuelt løyve vert gjeve.”

Med det som utgangspunkt, vart handsaminga gjort utan at det vart sendt formell førespurnad til overordna mynde.

 

I brev frå SFLMK, dagsett 10.09.06 vart saka (for å vera heilt sikker) sendt til både Fylkesmannen og Fylkeskommunen, der ein bad om eventuelle merknader til utvidinga av tiltaket (eventuell dispensasjon frå kommuneplanen, jfr.7 i PBL).

Sidan det ikkje kom merknader frå overordna mynde, var sakshandsamar på nytt i kontakt med Miljøvernavdelinga (28.08.07), der framgangsmåten nok ein gong vart akseptert.

I IF-området er det ikkje noko å dispensera frå, men saka har m.a. vore lagt ut til offentleg ettersyn, der innkomne merknader er skissert og ligg ved saka, når uttalen vert handsama.

 

Fylkesmannen har gitt utsleppsløyve etter forureiningslova, slik at kommunen reknar med at alle sidene ved utsleppet då vart vurdert. Med bakgrunn i m.a. denne uttalen, gav Fiskeridirektoratet formelt løyve til tiltaket.

 

Kunngjeringa av endringa i anlegget er gjort etter regelverket, jfr. dokumentlista. Det vil vera uråd for sakshandsamaren å gi personleg melding til t.d. naboar for ulike tiltak som skal setjast i verk i aktuelle område.

Kunngjeringa er gjort i Norsk Lysingsblad, Sunnhordland og Haugesunds Avis, som er vanleg prosedyre i slike saker.

 

Alice og Øystein Mehammer; stiller m.a. spørsmål til kva plan det vert vist til når anlegget ligg innafor vedteken plan.

Det vert også synt til at det ikkje vert auke  arbeidsplassar i kommunen grunna omsøkt utviding.

Kommunen bør før slutthandsaming krevja;

  • Miljøundersøkjingar i og omkring eksisterande anlegg
  • Støymålingar frå oppdrettsanlegga
  • Framlegging av gjeldande planar for Hagebergområdet
  • Framlegging av oppdaterte straummålingar

 

Mehammer vil be om at heile oppdrettsanlegget snarast vet flytta vekk frå Hagebergområdet.

 

Kommentar frå kommunen:

I utlysingsteksten finn ein m.a.;

”Plasseringa av det eksisterande anlegget er tidlegare godkjent, ligg i eit område som i kommuneplanen 2002-2013 er synt som; Ikkje føremålsbestemt område i sjø (IF). Område der arealbruken ikkje er vurdert. Utlegginga av den nye ringen vil då også verta liggjande i IF-området.”

Det vert med andre ord vist til kommuneplanen og den aktuelle ståa for eksisterande anlegg.

Sist saka vart handsama i kommunen vart det føreset at :

1.      Reglar og forskrifter som gjeld m.a. plan- og bygningslova, ankring, merking m.m. vert følgt. Vidare at reglar og forskrifter som gjeld støyskjerming frå mogleg aggregat på anlegget også vert følgt

2.      Dei ulike avfallsfraksjonane frå anlegget vert levert til godkjent deponi

3.      Reglar og reguleringar som til ei kvar tid gjeld for næringa, m.a. tiltak som hindrar rømming av fisk,  sjukdom i anlegget m.m. vert halde.

4.      Anlegget til ei kvar tid held ein ”høg miljøprofil”, m.a. for å unngå unødig negativ fokusering i/for det aktuelle området.

 

Generell vurdering:

Med bakgrunn i m.a. merknadane til endringa av anlegget, har sakshandsamar vore i kontakt med søkjar, for om mogleg å få vurdert om det nye tiltaket kan leggjast ut søraust av noverande anlegg, og ikkje på nordvest sida, som omsøkt.

Tiltakshavar ynskjer ikkje denne løysinga, då djupna i denne delen av anlegget er for grunn, noko som vil få negative konsekvensar for m.a. miljøbelastninga i området.

Omsøkt endring i anlegget vil ikkje medføra auke i utsleppet frå produksjonen, men vil slik utviklinga i oppdrettsnæringa er, m.a. føra til betre produksjon og fiskehelse m.m.

 

Fleire av oppdrettsanlegga i vårt område har dei siste 2 åra meir eller mindre gått over frå firkantbur og til oppdrettsringar. Dette medfører i praksis at anlegga vert noko større i flatevidde, men alle søknadane om slike tiltak, har frå kommunen si side vorte tilrådd.

 

Når det gjeld tilhøvet til m.a. arealdelen i kommuneplanen, vil det sjølvsagt ved neste rullering vera trong for at den godkjente oppdrettslokaliteten vert synleggjort i planen. Rulleringa av kommuneplanen har vore i startgropa lenge, men diverre har dette dreg ut i tid. Noko som også er årsaka til at saka har lagt på vent, for endeleg uttale frå kommunen.

Det er sjølvsagt til det beste for arealplanlegginga at den overordna kommuneplanen er styrande og at ein i størst mogleg grad unngår t.d. dispensasjonar jfr. §7 i PBL. Moglege tiltak i areal/område, som i ein kommuneplan er vist som  Ikkje føremålsbestemt område, skal uansett vurderast nøye og etter reglane for kunngjering m.m., noko som også er gjort i dette høvet.

Haldninga til oppdrettsnæringa vil alltid vera skiftande, men generelt sett, så har utviklinga til denne næringa dei siste åra også vorte til det betre for m.a. nærmiljøet. Det vil likevel alltid vera argument for ein generell motstand mot oppdrettsnæringa, men kommunen bør så langt råd er vurdera dei ulike sidene ved næringa og omsøkte anlegg spesielt, på ein truverdig måte. I den konkrete saka er turvande vedtak om plasseringa av det eksisterande anlegget gjort tidlegare, anlegget har vore i drift i fleire år og kommunen har ikkje fått nemnande meldingar om at drifta på anlegget har synt avvik frå det gitte løyvet.

Omsøk utviding er av ein slik storleik at den bør kunna aksepterast, sjølv om det til ei viss grad vil vera ulemper i høve til enkelte naboar m.m. Drifta av slike anlegg er underlagt strenge kontrollar, og dersom det vert påvist avvik frå gitt løyve, er det særs viktig at desse vert meldt til m.a. Fiskeridirektoratet.

 

 

Konklusjon:

På nærare vilkår kan kommunen rå til at omsøkt endring av anlegget aksepterast.

 

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til uttale:

 

Fitjar kommune Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker syner til m.a. søknad, innkomne merknader, dei faktiske tilhøva og vurderingane i saka.

På bakgrunn av m.a. dette, kan kommunen på nærare vilkår rå til at Kobbevik og Furuholmen oppdrett AS får endra omsøkt lokalitet v/Hageberg i Langenuen, jamfør søknad.

Endringa inneber at det vert plassert ein 160 meter oppdrettsring i nordvestre del av anlegget. Tiltaket medfører ikkje auke i godkjent biomasse (2.340 tonn).

 

 

 

 

Kommunen føreset at :

  1. Reglar og forskrifter som gjeld m.a. plan- og bygningslova, ankring, merking m.m. vert følgt. Vidare at reglar og forskrifter som gjeld støyskjerming frå mogleg aggregat på anlegget også vert følgt
  2. Dei ulike avfallsfraksjonane frå anlegget vert levert til godkjent deponi
  3. Reglar og reguleringar som til ei kvar tid gjeld for næringa, m.a. tiltak som hindrar rømming av fisk,  sjukdom i anlegget m.m. vert halde.
  4. Anlegget til ei kvar tid held ein ”høg miljøprofil”, m.a. for å unngå unødig negativ fokusering i/for det aktuelle området.

 

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Haldor Fosse

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               M61

Saksmappe:      05/00499-8

Sakshandsamar:           Kristin Meland

Dato:                04.09.2007

MØTEBOK

Forskrift for innsamling av hushaldsavfall 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

092/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

Kommunestyret

19.09.07

 

Vedlegg:

Skriv frå SIM, dat. 13.07.2007

Forskrift for innsamling av hushaldsavfall og tøming av slamavskiljarar og tette tankar.

(Eige hefte - kun til medlemar)

 

Samandrag:

Ei arbeidsgruppe med representantar frå SIM og SIM sine eigarkommunar har laga eit forslag til nye forskrifter. Årsaka er at gjeldande forskrift ikkje lenger er i tråd med forureiningslova, etter at denne vart endra i 2004. 

Forskrifta er vedteke i styret i SIM 21. juni 2007. Forskrifta skal og vedtakast i alle SIM-kommunane.   

 

Saksopplysningar:

Fylkesmannen krev at alle kommunar som er med i interkommunale selskap må ha likelydande forskrifter.

For å imøtekoma dette kravet har administrasjonen i SIM-kommunane fått høve til å koma med innspel undervegs.  Alle innspel er kommenterte av SIM og nokre av forslaga innarbeidde i forskriftene.

Føresegna er meint å vera ein styringsreiskap for kommunane og SIM i forvaltinga og gjennomføringa av tilbodet om renovasjon og slamtøming. 

Gjeldande forskrift vart vedteke i Fitjar kommunestyre 28.01.1998 og er såleis ikkje lenger i tråd med forureiningslova, etter at denne vart endra i 2004. 

Føremålet er å sikra ei miljømessig og økonomisk forsvarleg innsamling, oppsamling og slutthandsaming av hushaldsavfall, farleg avfall og slam.

Forslaget er tilpassa noverande ordning for avfall- og slaminnhenting og vil ikkje medføra særleg endring for abonnentane.  Det er likevel å merka at tidspunkt for bossinnsamling kan skje mellom kl. 06.00 og kl. 22.00.

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker rår Fitjar kommunestyre til å gjera slikt vedtak:

 

Fitjar kommunestyre godkjenner ” Forskrift for innsamling av hushaldsavfall og tøming av slamavskiljarar og tette tankar” slik den ligg føre.

Vedtaket er gjort med heimel i lov av 13 mars 1981 nr 6 om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) §§ 9, 26, 30, 31, 32, 33, 34, 37, 79, 83 og 85, og i lov av 11. april 2003 nr. 23 i om endringar i lov av 13. mars 1981 nr 6 om vern mot forureiningar.  

 

 

 

 

Forskrifta vert gjort gjeldande frå 19.09.2007

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

 

 

Haldor Fosse

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      03/00570-167

Sakshandsamar:           Kristin Meland

Dato:                05.09.2007

MØTEBOK

Ymse 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

093/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

 

 

Samandrag:

 

Saksopplysningar:

 

Vurdering:

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

 

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Haldor Fosse

 

Atle Tornes

 

Rådmann