Fitjar kommune

 

 

 

MEDLEMAR

VARAMEDLEMAR

Angar Aarskog, ordførar

Roger Nesbø

Anne-Line Innvær

Tore Nesbø

Annar Westerheim

 

Kjell Magnar Helland

 

Vigdis Røen Leirvik

 

Asbjørn Vik

 

Sigurd Andre Maraas

Geir Magne Hjelmen

Odd Jarl Larsen

Remi Helland

Gisle Levåg

Henny Jensen Westvik

Rune Sandvik

Sigurd Johan Underhaug

Annbjørn Stjern Tvedt, varaordførar

Jostein Skram

Harald Rydland

Kristoffer Vik

Astrid Bukkøy

 

Svein Nøttveit

 

Gro Rydland

Randi K. Dalen

Harald Westerheim

Per Drønen

Bente Larsen

Geir Tore Søreide

 

Benedicte Meyer

Møteinnkalling

Utval:

Kommunestyret

Møtestad:

Kommunestyresalen

Dato:

19.09.2007

Tidspunkt:

17:00

 

Forfall vert å melda på tlf 53 45 85 00 til Møtereferent  Kristin Meland, som syt for innkalling av vararepresentantar.

Vararepresentantar møter berre etter spesiell innkalling.

 

Det blir fotografering av formannskapet og kommunestyret ca. kl. 18:00

 

Sak

Innhald

PS 035/07

Godkjenning av protokoll

PS 036/07

Referatsaker

PS 037/07

Saker handsama etter sommarfullmakt

PS 038/07

Sentrumsplan – ny handsaming

PS 039/07

Forskrift for innsamling av hushaldsavfall

PS 040/07

Ymse

 

 

 

 

 

 

 

Agnar Aarskog

 

Ordførar

 

 

Kristin Meland

 

Møtereferent


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      04/00081-53

Sakshandsamar:          

Dato:                13.09.2007

MØTEBOK

Godkjenning av protokoll  

 

Utval sak

Utval

Møtedato

035/07

Kommunestyret

19.09.07

 

 

Samandrag:

Godkjenning av protokoll frå sist møte.

 

 

 

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Fitjar kommunestyre godkjenner protokoll frå møte 27. juni 2007

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      04/00081-54

Sakshandsamar:          

Dato:                13.09.2007

MØTEBOK

Referatsaker 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

036/07

Kommunestyret

19.09.07

 

 

Samandrag:

Følgjande vert referert:

RS 010/07     Referat frå generalforsamling 2006 SNU

 

 

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Fitjar kommunestyre tek referatsaka til vitring

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      04/00081-55

Sakshandsamar:          

Dato:                13.09.2007

MØTEBOK

Saker handsama etter sommarfullmakt 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

037/07

Kommunestyret

19.09.07

 

 

Samandrag:

Følgjande er handsama etter sommarfullmakt

 

DS 001/07     Kjøp av aksjar i SNU AS, vedlagt

DS 002/07     Leige av saugebeite, vedlagt

 

 

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Fitjar kommunestyre tek sakene til vitring.

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      05/00032-102

Sakshandsamar:           Atle Tornes

Dato:                06.09.2007

MØTEBOK

Sentrumsplan – ny handsaming

 

Utval sak

Utval

Møtedato

082/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

038/07

Kommunestyret

19.09.07

 

 

Nye dokument i saka:

Skriv frå Hordaland fylkeskommune dagsett 7 august 2007.

E-mail frå Akvator dagsett 29 august, på vegne av Odd Larsen/Larsen Eigedom AS

Skriv frå Torvald M. Dahle dagsett 3 september 2007

Notat dagsett 15 august frå møte mellom kommunen og Fitjar Meieri.

Skriv dagsett 24 juni frå Laura Skumsnes Kvaløy.

Kart med endringar dagsett 12 september 2007.

Nytt utkast til føresegner dagsett 12 september 2007.

 

Tidlegare utsende dokument:

Sak PS 062/07 med vedlegg.

Sak PS 022/07 med vedlegg.

 

Bakgrunn:

Saka vart sist lagt fram for utvalet i møte 26 juni, men vart då utsett, grunna at ein ville venta på avklaring frå Riksantikvaren. Dessutan var det i drøftinga ein del moment, som har gjeve grunnlag for ytterlegare vurderingar og arbeid.

Dessutan er det eit par interessentar som på eige initiativ har gjeve innspel

I dei tidlegare utsende dokumenta er det dessutan eit par småfeil som må rettast opp, både i kart og føresegner.

Saka er no klar for endeleg vedtak.

 

Kommentar til innkomne skriv/referat.

Skrivet frå Hordaland fylkeskommune avklarer situasjonen for område B14 – B16.

Område id 109139 omfattar no berre deler av B14 og B15, med krav til utgraving før tiltak.

 

Kommunen sine merknader:

 

Kommunen vurderer merknaden som tilfredsstillande, og har gjort naudsynlege endringar i kart og føresegnene;  i føremål (eit føremål stroke), § 2.1(deler av tekst stroke), § 3.5 (omarbeidd) og § 11.4 (stroke).

 

Innkomen merknad frå Akvator på vegne av Odd Larsen-selskapa, omfattar i hovudsak det same som er sagt tidlegare:

 

  • Ynskjer i hovudsak at den gamle reguleringsplanen blir innarbeidd i den nye.
  • Ynskjer ny plan for molo.
  • Torg T01  nyttast både til torg, parkering og trafikkføremål  med uendra føremål i høve til den gamle reguleringsplanen.
  • Einvegs rundkjøring må gjelda for all ferdsel og ikkje berre for varetransport.
  • Det må vera høve til å byggja på austre del av eigedommen som i planen i dag.
  • Munnleg har dei og eit spørsmål kring bruken av Fe3.

 

 

Kommunen sine merknader:

 

Kommunen har i det utsende materialet til forrige møte ivareteke trafikale omsyn, og omsyn til ny molo. Når det gjeld molo er det likevel sannsynleg at denne må på ny høyring. Me har difor tilbakeført plasseringa til enden av det som no er utfylt, og laga ein merknad i føresegnene om at endeleg plassering gjerast som ledd i utbyggingsplan for HL2, jf §§ 9.5 og 9.6.

Bruk av Fe3 er feilprent, i det det er meint kundeparkering til både FK01 og FK02, som er retta i føresegnene.

Når det gjeld øvrige merknader er dei av ein slik karakter og omfang at dei vil endra heile grunnlaget for den føreliggjande planen. Eit tilbygg i aust i ein eller to etasjar vil stengja mykje for sikt til sjø, og parkering i to rekkjer på T01 vil redusera dette området vesentleg. Dersom ein skal ta større omsyn til desse synspunkta må planen ut på ny høyring.

 

Torvald M Dahle:

Han ynskjer ikkje offentleg parkering på sin eigedom.

Han ynskjer byggjegrense for Dalebua trekt 2 meter nærare Meieriet; det er 3 meter frå grensa i dag.

Ynskjer føremål BFK for Dalebua.

Viser til uttale frå arvingar (låg ikkje ved)

Stiller spørsmål om teikn i Prestbøvegen (avklart munnleg).

 

Kommunen sine merknader:

 

Bakgrunnen for at Dahle er komen med ny merknad, er av di kommunen retta spørsmål om ei mogleg skråparkering ved Meieriet, og inn på Dahle sitt område, jf og referat frå møte med meieriet.

Utgangspunktet var at desse parkeringsplassane skulle vera inntil veggen ved Dalebua, men ved ein feil vart desse lagt fullt ut på meieriet sitt område, og me må ha løyve frå grunneigar for å flytta dei inntil veggen no. Dei blir difor der dei var.

Føremål AF-BFK kan ivaretakast, det var AF-BF frå før, og skulle tilfredsstilla merknaden.

Endra byggegrense kan ikkje ivaretakast, då dette krev høyring.

 

Laura Skumsnes Kvaløy:

Ho meiner at  planen gir så store konsekvensar for hennar eigedom at ho vil krevja innløysing.

 

Kommunen sine merknader:

 

Me er tvilande til at konsekvensane er så store som ho forventar, men dette må i tilfelle  avgjerast ved seinare skjønn når konsekvensane er kjende.

 

Fitjar Meieri, jf referat:

Kommunen sine merknader:

 

I samsvar med notatet er område BFK05 trekt til 5 meter frå kaifront. Byggjeline er 3 meter bak dette, men med høve til å dispensera for å sjå begge område samla. Byggjegrense mot FV75 er blitt meir fleksibel, men parkering er ikkje løyst. Det er likevel opna for fleksibel plassering av dei offentlege plassane.

Me meiner dermed å ha imøtekomme Fitjar Meieri langt på veg. Det manglar likevel ein endeleg avtale, men rammeverket for ein slik avtale er tilfredsstillande.

 

Andre justeringar:

Dessutan er det meldt  inn behov for nokre endringar i kart og føresegner, som blir teke direkte i neste avsnitt.

 

Behov for endringar/drøfting:

 

Det er behov for fylgjande endringar i kartet, grunna ovannemnde merknader og feil i teikningar.

 

  1. Kart over molo HL2. Molo sluttar ved dagens endepunkt.
  2. Grense mellom BFK 08 og B09 trekkjast lengre mot sør (varsla til møte 26 juni). Dette vert ikkje gjort, men føresegnene vert endra, slik at det er mogleg med ein fleksibel parkeringsløysing mellom dei to eigedommane, noko som kan gje betre parkeringsløysing for BFK08.
  3. BFK10 er firkanta.
  4. Alle eigedommane langs RV 545 har fått merkt utkjørsel, B01 og mot (privat ) veg. Dette mangla i førre kart.
  5. Grense mellom BFK05 og HL1 er justert utover, jf ovenfor.
  6. Område for arkeologisk graving er plassert inn, noko redusert frå før, og med nemninga id 109139.
  7. Nødvendig endring i teikn og teiknforklaring for Dalebuo, jf ovanståande.

 

Det er og behov for nokre endringar/presiseringar i føresegnene.

 

1.      Føremål side 1:  Nytt føremål ”Bevaring av bygningar og anlegg”, ”Anna spesialområde – vern” utgår. ”Anna kombinert føremål (AF.BFK)” endra.

2.      § 2.1 Delmål; siste setning etter komma er stroke.

3.      § 3.5 blir endra i samsvar med krav frå Riksantikvaren.

4.      §§ 4.5 og 4.6. Krav om felles utkjørsel blir tidfest til ”når fortau blir bygt”.

5.      §4.11. Nytt siste avsnitt, jf kart pkt 2.

6.      §§ 9.5 og 9.6 er endra slik at molo skal plasserast i utbyggingsplan for HL2.

7.      § 9.6 er endra slik at FK02 får høve til å parkera på eigen eigedom på HL2.

8.      § 11.4 utgår

9.      § 13.3 endra  til også å omfatta kontor (Dalebuo)

10.  § 13.8 (meieriet) endra i samsvar med ovanståande.

11.  § 13.11 er endra i samsvar med § 4.11.

12.  Ny § 14.2 krev at eventuelle tiltak under 2,3 meter over kote 0, skal sikrast mot vassinntrenging.

 

Rådmannen ser det som ikkje er kommentert særskilt som kurant å gjennomføra,og det har ikkje store konsekvensar for andre eigedommar enn den det gjeld.

 

Pkt 12 vart kommentert i saka under risikotilhøve sist, men ikkje kome med i føresegnene. Kotehøgd er no endra frå 2,0 til 2,3 meter over kote 0, utan at ein reknar med at dette har praktiske konsekvensar for utbyggjarar, i alle høve ikkje vurdert opp mot framtidig havnivå.

 

Konklusjon:

Rådmannen vil tilrå ovanståande endringar/presiseringar.

Det gir ikkje grunnlag for endra vedtak i saka.

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Utval for plan og miljø/fast utval for plansaker rår kommunestyret til å gjera slikt vedtak:

 

Kommunestyret viser til saksopplysningar og vurdering, og vedtek at reguleringsplan for Fitjar sentrum, slik plankart med føresegner no ligg føre, vert stadfesta i samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 28-2.

Kommunestyret sitt stadfestingsvedtak vert å kunngjera i samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 27-2 nr 3.

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

Behandling i Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker  12.09.2007:

Rådmann Atle Tornes orienterte om saksgangen, der han gjennomgjekk kartet og føresegner punktvis.

 

Representanten Anne Line Innvær kom med slikt framlegg:

Endring i pkt 13-6  i føresegnene med å bruka orda ”leggja til rette for” i staden for opparbeiding av parkering.

Endring i  pkt 13.13 i føresegnene om å legge inn 12 parkeringsplassar på BFK 10 i staden for 14.

Endring i pkt 9.4: I utbyggingsplanen for T01 kan kommunen vurdera å tillata parkeringsplassar i delar av torgområdet dersom det ikkje kjem i konflikt med torgfunksjonane.

 

Røysting:

Ved røysting av administrasjonen sitt framlegg vart dette mot ei røyst vedteke.

Anne Line Innvær sine tilleggspunkt vart samrøystes vedteke og det ligg etter dette føre slikt;

 

--------------------------------Dette er slutten på FS-behandling (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------  

 

 

Tilråding i Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker  12.09.2007 : (mot 1 røyst)

 

Utval for plan og miljø/fast utval for plansaker rår kommunestyret til å gjera slikt vedtak:

 

Kommunestyret viser til saksopplysningar og vurdering, og vedtek at reguleringsplan for Fitjar sentrum, slik plankart med føresegner datert 12.09.07 ligg føre, vert stadfesta i samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 28-2.

Kommunestyret sitt stadfestingsvedtak vert å kunngjera i samsvar med reglane i plan- og bygningslova § 27-2 nr 3.

 

--------------------------------Dette er slutten på vedtak RU (denne teksten skrives ikke ut)----------------------------------------------------

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               M61

Saksmappe:      05/00499-8

Sakshandsamar:           Kristin Meland

Dato:                04.09.2007

MØTEBOK

Forskrift for innsamling av hushaldsavfall 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

092/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

12.09.07

039/07

Kommunestyret

19.09.07

 

Vedlegg:

Skriv frå SIM, dat. 13.07.2007

Forskrift for innsamling av hushaldsavfall og tøming av slamavskiljarar og tette tankar.

(Eige hefte - kun til medlemar)

 

Samandrag:

Ei arbeidsgruppe med representantar frå SIM og SIM sine eigarkommunar har laga eit forslag til nye forskrifter. Årsaka er at gjeldande forskrift ikkje lenger er i tråd med forureiningslova, etter at denne vart endra i 2004. 

Forskrifta er vedteke i styret i SIM 21. juni 2007. Forskrifta skal og vedtakast i alle SIM-kommunane.   

 

Saksopplysningar:

Fylkesmannen krev at alle kommunar som er med i interkommunale selskap må ha likelydande forskrifter.

For å imøtekoma dette kravet har administrasjonen i SIM-kommunane fått høve til å koma med innspel undervegs.  Alle innspel er kommenterte av SIM og nokre av forslaga innarbeidde i forskriftene.

Føresegna er meint å vera ein styringsreiskap for kommunane og SIM i forvaltinga og gjennomføringa av tilbodet om renovasjon og slamtøming. 

Gjeldande forskrift vart vedteke i Fitjar kommunestyre 28.01.1998 og er såleis ikkje lenger i tråd med forureiningslova, etter at denne vart endra i 2004. 

Føremålet er å sikra ei miljømessig og økonomisk forsvarleg innsamling, oppsamling og slutthandsaming av hushaldsavfall, farleg avfall og slam.

Forslaget er tilpassa noverande ordning for avfall- og slaminnhenting og vil ikkje medføra særleg endring for abonnentane.  Det er likevel å merka at tidspunkt for bossinnsamling kan skje mellom kl. 06.00 og kl. 22.00.

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker rår Fitjar kommunestyre til å gjera slikt vedtak:

 

Fitjar kommunestyre godkjenner ” Forskrift for innsamling av hushaldsavfall og tøming av slamavskiljarar og tette tankar” slik den ligg føre.

Vedtaket er gjort med heimel i lov av 13 mars 1981 nr 6 om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) §§ 9, 26, 30, 31, 32, 33, 34, 37, 79, 83 og 85, og i lov av 11. april 2003 nr. 23 i om endringar i lov av 13. mars 1981 nr 6 om vern mot forureiningar.  

 

 

 

 

Forskrifta vert gjort gjeldande frå 19.09.2007

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

Behandling i Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker  12.09.2007:

 

--------------------------------Dette er slutten på FS-behandling (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------  

 

 

Tilråding i Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker  12.09.2007 :(samr)

Fitjar kommunestyre godkjenner ” Forskrift for innsamling av hushaldsavfall og tøming av slamavskiljarar og tette tankar” slik den ligg føre.

Vedtaket er gjort med heimel i lov av 13 mars 1981 nr 6 om vern mot forureiningar og om avfall (forureiningslova) §§ 9, 26, 30, 31, 32, 33, 34, 37, 79, 83 og 85, og i lov av 11. april 2003 nr. 23 i om endringar i lov av 13. mars 1981 nr 6 om vern mot forureiningar.  

 

Forskrifta vert gjort gjeldande frå 19.09.2007

--------------------------------Dette er slutten på vedtak RU (denne teksten skrives ikke ut)----------------------------------------------------

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      04/00081-52

Sakshandsamar:          

Dato:                13.09.2007

MØTEBOK

Ymse 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

040/07

Kommunestyret

19.09.07

 

 

Samandrag:

 

Saksopplysningar:

 

Vurdering:

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

 

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann