Konsert i biblioteket
Oppretta: 21.03.2011 – Sist oppdatert 25.03.2014
Torsdag 25. mars er det konsert i Fitjar folkebibliotek kl. 10.45. Konserten er retta mot førskuleborn og tema er songar av Torbjørn Egner. Alle er hjarteleg velkomne!!
Elevar frå kulturskulen spelar og syng, me har og fått med oss ein gjeng frå 5. trinnet på Rimbareid skule som skal opptre med utdrag frå Hakkebakkeskogen.
Konserten kl. 10.45 er open for alle men Bakken barnehage er inviterte gjester. Kulturskulen har også konserten tidlegare denne dagen, da er det Fitjarstølane, Fjellheim og Årskog barnehage som er inviterte.