Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Melding om oppstart - ny barnehageplan

Oppretta: 28.10.2019 – Sist oppdatert 28.10.2019

Utval for oppvekst og omsorg vedtok i møte 24.09.2019 i sak PS 39/19 oppstart av arbeid med ny barnehageplan for perioden 2020 -2030.

Planen ligg ute til offentleg ettersyn på Biblioteket og i kundetoret på rådhuset fram til 09.12.2019.

 

Les meir

Melding om oppstart av områdereguleringsplan for Fitjar sentrum

Oppretta: 28.10.2019 – Sist oppdatert 28.10.2019

I medhald av plan og bygningslova § 12-8 vert det gjeve melding om at Fitjar kommune set igong arbeid med områderegulering av Fitjar sentrum, omlag frå avkøyringa Hegranesvegen i vest til og med Fitjar kultur- og idrettsbygg i aust. 

Formannskapet vedtok i SAK 60/19 i møte 25.09.2019 å starta opp planarbeidet i tråd med vedtak i kommunestyret 19.12.2018 og plan- og bygningslova  § 12-8.  Planprogram vil verta sendt ut på høyring i oktober 2019,  i tråd med plan- og bygningslova § 4-1. 

Fitjar kommune vil vurdera å innføra mellombels forbod mot tiltak innanfor planområdet i tråd med pbl §13-1 fram til endeleg vedteken plan.

Les meir

Offentleg ettersyn - PlanID 201702 - Detaljregulering for Svartasmoget avfallsanlegg gnr. 50/170 m.fl.

Oppretta: 16.10.2019 – Sist oppdatert 28.10.2019

Fitjar kommune ved Utval for plan og miljø, har i sak 58/19 den 01.10.2019 gjort vedtak om å leggje Detaljregulering for Svartasmoget Avfallsplass gnr/bnr 50/170 m.fl., ut til offentleg ettersyn.  Dette i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10.  

Framlegg til detaljregulering gjeld samanslåing av 2 eldre reguleringsplanar og vidare utvikling av avfallsanlegget.  Detaljreguleringa har planID 1222_201702.

 

Perioden for offentleg ettersyn er sett frå 15.10 til 26.11.19.  Skriftlege merknader skal sendast til Fitjar kommune, P.b. 83, 5418 Fitjar, eller fitjar@fitjar.kommune.no

 

Les meir

Kontakt oss